Faktaboks

Jon Leirfall
Fødd
7. oktober 1899, Hegra (no Stjørdal), Nord-Trøndelag
Død
12. juni 1998, Stjørdal
Verke
Bonde, politikar og forfattar
Familie
Foreldre: Bonde John Lerfald (1872–1952) og Mali Bjørngård (1873–1967). Gift 1928 med Marie Vormdal (26.6.1905–21.2.1983), dotter til bonde Per Vormdal (1873–1910) og Gjertrud Tiset (1873–1954).
Jon Leirfall
Av /Stortingsarkivet.

Jon Leirfall var bonde, organisasjonsmann og politikar, men vart òg kjend som lokalhistorisk forfattar og ein folkeleg humorist med kvass penn.

Leirfall voks opp på farsgarden Bjertem i Hegra. Etter folkeskolen gjekk han på Skogn folkehøgskole og Mære landbruksskole og tok befalskurs 1920. 1924 vart han uteksaminert som jordbrukskandidat frå NLH og var stipendiat i driftslære og agrarpolitikk der før han vart forretningsførar i bladet Stjørdalingen 1926–28. Seinare var han kornoppkjøpar i stjørdalsdistriktet, og han dreiv farsgarden 1946–88. I store delar av livet var det likevel politikken som var hovudsysselsetjinga hans.

Gjennom livet hadde Leirfall ei rad kommunalpolitiske og lokale offentlege verv i Hegra kommune og Stjørdal kommune. Han møtte fyrste gong på Stortinget som vararepresentant 1938. Ved stortingsvalet 1945 vart han vald frå Nord-Trøndelag, og han møtte i 24 år fram til 1969. Han var medlem i Stortingets valkomité, i finanskomiteen og i skog-, vassdrags og industrikomiteen. 1965–69 var han formann i landbrukskomiteen. Han var medlem i Senterpartiets gruppestyre 1954–57 og 1965–69.

Jon Leirfall hadde viktige tillitsverv i Norges Bondelag og Bondepartiet/Senterpartiet i fleire tiår. Han var landsstyremedlem i Bondelaget 1934–50, nestformann i aksjonsutvalet 1947–52, representantskapsmedlem 1952–63 og vart utnemnd til æresmedlem 1971. Han var partisekretær/generalsekretær i Bondepartiet 1929–33, landsstyremedlem 1939–61, medlem i arbeidsutvalet 1953–61 og sentralstyremedlem 1961–67.

Leirfall la viktige premiss for Bondelagets og Bondepartiets interessekamp for landbruket. Jamstilling med industrilønene skulle hindra at arbeidskraft flykta frå landbruket. Leirfall leidde Jamstillingsnemnda i Bondelaget. Arbeidet leidde til dei fyrste utrekningane av innkomene i jordbruket. 1939 kom nemnda med ei innstilling som peikte på sterke skeivskapar målt i løn. Dette var ei av dei viktigaste utgreiingsarbeida i Bondelagets historie. Etter krigen var Leirfall talsmann for ei aksjonsline for å auka landbruksinnkomene.

Han var uroa over tevlinga med Arbeidarpartiet om bygdeveljarane. Difor ynskte han (1933) samarbeid med NS. I mellomkrigstida var Leirfall merkt av sosialistredsle og mana til samling kring bygdeverdiar som kristendom, ættekjensle og norske kulturtradisjonar. Bygdefolket måtte ikkje la seg lura av Arbeidarpartiets omsut for jordbruket, bak denne meinte han det låg eit ynskje om å halda levekåra for arbeidarane oppe ved å halda landbrukslønene nede.

Etter 9. april 1940 var Leirfall mellom dei bondelagsleiarane som vart sette under press for å samarbeida med Nasjonal Samling. Hausten 1940 presenterte eit forhandlingsutval eit avtaleutkast som gjekk langt i å knytta Bondelaget til NS. Leirfall var ein av leiarane for opposisjonen mot underordning. Seinare flykta han til Sverige. Etter krigen var han kritisk til Kretsens rolle og demokratiske sinnelag.

Jon Leirfall hadde ein personlegdom skapt for opposisjon, og kombinerte saklege argument, kvasse sarkasmar og sterk kritikk med frodig folkeleg humor. Dette gjorde at han vart omstridd. Då han forlet stillinga som generalsekretær i partiet 1933, hadde det lenge vore låkt samarbeid med leiinga. Leirfall hadde til dømes eit dårleg tilhøve til partifellen Hans Holten heilt sidan dei såg ulikt på Quisling sin plass i regjeringa 1932–33; den gongen sa Leirfall: “Jeg følger heller Quisling død enn Hundseid levende.” Frå midten av 1950-åra kom han i opposisjon til partileiingas strategiske ynskje om trepartisamarbeid i sentrum framfor breitt borgarleg samarbeid. I åra føre namnebytet i partiet ynskte Leirfall ei meir varsam fornying av partiet enn til dømes Per Borten. I samsvar med dette var han òg skeptisk til å satsa for å auka oppslutnaden i byane. Leirfall ynskte å verta samferdsleminister i Lyng-regjeringa 1963, og han var misnøgd då han ikkje fekk ein ministerpost. Mot slutten av Bortens statsministertid (1965–71) vart EF-saka viktig, men Senterpartiet vegra seg mot å konkludera med eit nei-syn. Leirfall var då mellom dei som pressa på for dette.

Leirfall hadde sterke kulturpolitiske og lokalhistoriske interesser. I studietida var han formann i Studentmållaget på Ås, seinare var han styremedlem i Trøndelag folkemuseum i fleire år fram til 1969, og han leidde arbeidsnemnda for bygdeboka om Stjørdalsdalføret 1956–73.

Jon Leirfall publiserte drygt 30 titlar som femna om agrarpolitikk, lokalhistorie, norrøn aktivitet i vesterveg og politiske “sogebøker”. Han var ein dugande amatørhistorikar med mykje kunnskap og godt oversyn over kjeldene. Høgdepunktet i denne delen av forfattarskapen er dei tre banda Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene (1968–72). Leirfall var òg sentral i arbeidet med å skipa Hegra historielag. Eit par av dei historiske bøkene hans vart omsette til engelsk. Dei mest lesne bøkene var ein serie “sogebøker” gjevne ut mellom 1970 og 1978. Desse vart folkelesnad og skapte ein ny form for politisk humor. Utgangspunktet var eit oppdikta funn av sogebøker på Island, skrivne av “Jon Kvasstunge” og med teikningar av Audun Hetland. Sentrale politikarar i samtida fekk her namn som Borte-Per (Per Borten), Tryggve frå Brattalid (Trygve Bratteli), Kjell Kristbonde (Kjell Bondevik) og Finn Framfuse (Finn Gustavsen), Oddvar Rådvill (Odvar Nordli) og Per Klipping (Per Kleppe). Bøkene inneheldt mangt eit spark til kjende politikarar. Til saman vart det selt nærmare ein million bøker i serien, med Soga om det store mannefallet (1971) som bestseljar med om lag 130 000 selde eksemplar.

Lerifall fekk ei lang rekkje prisar og utmerkingar. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1969 og var kommandør av Finlands Lejons Orden. Han fekk Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs minnemedalje i sylv 1958, Norges Bondelags gullmerke 1971, Senterpartiets såmannstatuett 1973, Melsomprisen for fremme av det norske sprog (landsmålet) 1974 og Norsk kulturråds pris for lokalhistorisk arbeid 1979.

Verker

  • Undersøkelser over driftsmessige forhold i jordbruket, 1927
  • Håndbok for tillitsmenn, Elverum 1930
  • Jordspørsmålet i Norge. Et ordskiftegrunnlag for bygdeungdommen, 1936
  • Studieplan for jamstilling, 1939
  • Nordkalottens transportspørsmål, Torneå 1960
  • Det vestlandske jordbruket i frihandelsområdet, Bergen 1960
  • Har dei små bruka ei framtid?, Steinkjer 1960
  • Helleristningene i Hegra, Orkanger 1962
  • Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, bd. 1 (i 3) av Stjørdalsboka, Stjørdal 1968–72
  • Steinvikholm. Borgen og byggherren, Steinkjer 1969
  • Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag, 1969 (2. utg. 1984)
  • Stormaskina. Frå bygdelivet i gammeltida, 1970
  • Så seier soga. Mykleting og Marialyst i Borte-Pers tid (sm.m. I. Eskeland og A. Hetland), 1970
  • Soga om det store mannefallet, 1971
  • Soga om Tryggves fall (sm.m. A. Hetland), 1972
  • Mangt eg minnes om ei tid som var, 1973
  • Soga om Korvald Kyrre og den store hundestriden (sm.m. A. Hetland), 1973
  • Soga om det store kvinneåret (sm.m. A. Hetland), 1975
  • Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie, 1976 (engelsk utg. West over sea, Sandwick 1979)
  • Bra folk. Profilar i det gamle bygdesamfunnet, 1977
  • Soga om Oddvar Rådvill og Per Klipping (sm.m. A. Hetland), 1978
  • Tusen år på Man. Sagaøya i Irskesjøen, 1979
  • Sannferdige folk (sm.m. A. Hetland), 1981
  • Hegra kirke. Kirke og menighet 1536–1783–1983, Hegra 1983
  • Ute og heime (utvalgte artikler), 1984
  • Soga om ølet fra Drafn (sm.m. A. Hetland), Drammen 1984
  • Old times in Norway, 1986
  • I storm og stille. Blad frå minneboka, 1989

Kilder og litteratur

  • HEH, fleire utg.
  • Stortingets biografiske database på Internett (http://www.epos.stortinget.no/database/epos/persdetalj.stm?initialer=JOLE&vismeny=)
  • biografi i Nordby, bd. 1, 1985
  • O. Rovde: I kamp for jamstilling 1896–1945, bd. 1 i Hundre år for bygd og bonde. Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • B. Gjerdåker: Bygdesamfunn i omvelting 1945–1996, bd. 2 i Hundre år for bygd og bonde. Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • J. J. Jakobsen: Muntre minner fra ting og torg, 2001
  • R. Madsen: Motstraums. Senterpartiets historie 1959–2000, 2001
  • M.-B. Ohman Nielsen: Bondekamp om markedsmakt. Senterpartiets historie 1920–1959, 2001