John Paulsen var ein kjend forfattar i si samtid, men blir i dag mest hugsa for sine erindringar og brevvekslingar med kjende personar. Fleire av dikta hans, m.a. Når fjordene blåner, er tonesette av kjende komponistar.
Paulsen voks opp i Bergen og var elev ved Bergens Borgerskole. Her fekk han tidleg interesse for kunst og litteratur, særleg takka vere læraren, skulestyraren Herman Laading, og seinare omgang med Georg Fasting og vennskap med Christopher Holfeldt-Houen, prest ved den katolske kyrkja i Bergen.
Av økonomiske grunnar måtte Paulsen etter skulen straks ut i arbeidslivet, og han jobba i fem år på det portugisiske og brasilianske konsulatkontoret. På fritida lærte han seg fransk og tysk. Han sysla òg med litteratur; han fekk trykt dikt og forteljingar i Bergens Tidende, seinare i Bergensposten, og desse blei 1874 samla i boka Fra stille Stunder. Året etter kom forteljingane Af Bylivet, og 1876 gav han ut både romanen Sjødronningen og diktsamlinga Mol og Dur. Deretter gjekk det slag i slag med nye utgjevingar nesten kvart år.
Paulsens første bøker fekk god omtale, og mange venta store ting av han. Men i staden for å halde seg til ein prosa i moderne realistisk form, glei han over i det sentimentalt romantiske. Mange av bøkene er erindringar og forteljingar med basis i reelle hendingar og besøk hjå kjende personar, som Paulsen var svært ivrig etter å treffe for seinare å skrive om dei. Det byrja med besøk hjå Ole Bull på Lysøen 1875. Våren etter følgde han med Edvard Grieg til København, traff Ibsen i München og reiste vidare rundt i Europa og blei kjend med Bjørnson, Kielland, Lie, Garborg, Amalie Skram, Camilla Collett, Ernst Sars, Georg Brandes, Paul Heyse, Victor Rydberg og mange fleire. På grunn av samværet med desse har erindringsbøkene hans ein viss kulturhistorisk verdi, men dei blir hevda å vere noko unøyaktige.
Paulsen blei seinare kritisert for å vere altfor opphengd på kjende personar, t.d. av Kielland, som ikkje forstod “denne snurrige Lyst til å snuse om i Stuer og Senge, hvor Byron og Musset havde drukket og horet”. Også Bjørnson fekk på eit tidspunkt tydeleg nok og kom med følgjande grausame Salbe i eit brev til Kielland 1906: “John Paulsen, dette husjomfru-talent, som skulde ha stelt med sit i et kjøkken eller bibliotek og skrevet sine fæstsange til steken og sine små-fortellinger til jule-roser, – tigger sig gjænnem værden på falske værdier og store mæns og kvinners forfængelighed, der pirres ved at gnides av hans nysgjærrige næse, – nej, så pine-død, lad andre klæde og bespise ham; jeg har andre å hjælpe.”
Av Paulsens andre bøker kan nemnast Moderne Damer, om dei emansiperte kvinnene i Kristiania, og Familien Pehrsen, inspirert av møtet med Ibsen. Fleire av bøkene hans er omsette til andre språk, særleg tysk. Paulsen skreiv også skodespel og dikt, der mange er tonesette av komponistar som Edvard Grieg og Johan Svendsen. Mest kjend er Når fjordene blåner, med musikk av Alfred Paulsen.
Ved sin død etterlet Paulsen ei stor samling brev frå samtidas store personar. Eit utval av desse vart utgjevne av Edvard Beyer i Edda 1927–30.