Johannes Skråstad

Faktaboks

Johannes Skråstad
Johannes Larsson Skraastad
Fødd ca. 1648 (nøyaktig fødselsdato er ikkje kjend) i Vang (no Hamar), Hedmark; Død 1700 (nøyaktig dødsdato er ikkje kjend) i Vang

Artikkelstart

Treskjerar og snikkar. Foreldre: Faren var bonde Lars Mogensen Skråstad; moras namn er ikkje kjent. Gift med Anne Jakopsdotter (ca. 1647–1729).

Johannes Skråstad blir rekna som den fremste av dei treskjerarane – eller bilethoggarane som dei vart kalla – som skar bruskbarokk på Hedmarken og ein stilspreiar for bruskbarokken på det indre Austlandet.

Skråstad leigde garden Skråstad i Vang frå 1685 og vart sjølveigar 1696. Han betalte handverksskatt i åra 1682–88, men sa frå seg handverket 1689 på grunn av gardsdrifta. Han har truleg drive handverk også seinare.

Dei første læreåra sine hadde Skråstad truleg hos Jens Andkvern i Furnes. Begge bygde stilmessig på den eldre christianiaskolen i treskjering, der den fremste meisteren truleg var Johan Reinholdt. Både i ornamentikken og i figurstilen baserte Skråstad seg på forgjengarane sine og utvikla seg nokså uavhengig av internasjonale straumdrag. Karakteristisk for skurden hans er ein spinkel, ofte gjennombroten og konturprega bruskbarokk (etter forma på øyrebrusken), der det kan vere tilløp til rankedanningar. Han la vekt på dekorativ heilskap med forenkling av figurar og ornamentikk. Skråstad står ikkje særleg høgt handverksmessig, men har ei dekorativ kjensle i pakt med tradisjonar i bygdekunsten.

Det har vore vanskeleg å dokumentere sikkert kva for arbeid som er gjort av Skråstad. Vi veit at han var meister for altartavla i Vågåkyrkja, preikestolen i Romedal kyrkje og altartavle og preikestol i Gjerdrum kyrkje, som Skråstad endå ikkje hadde fått oppgjer for da han døydde. Reidar Revold gjorde ei stilkritisk samanlikning av arbeida etter Skråstad og har meint å kunne tilskrive Skråstad fleire av dei arbeida i kyrkje- og profankunsten frå denne tida som enno er til, ikkje berre på Hedmarken og i Gudbrandsdalen, men også i Østerdalen og Trysil, på Romerike og Ringerike. Dette gjeld altartavle og preikestol i Nordre Osen kyrkje i Åmot frå 1674, altartavlene i kyrkjene i Øvre Rendal, Folldal, Sel, Elverum (no i Tørberget kapell), Tomter, Hof, Ringebu, Veldre, Våler og Norderhov, Dovre og Heni (udaterte). Desse meiner ein skriv seg frå Skråstad og verkstaden hans.

Johannes Skråstad blir rekna som den siste representanten for bruskbarokken. Da christianiatreskjeraren Lars Borg dei første åra inn på 1700-talet tok til å lage kyrkjeinventar på Hedmark og i Gudbrandsdalen, var det den nye akantusstilen som slo gjennom og vart dominerande.

Verker

Sikre verk

  • Altartavle i Vågåkyrkja, 1674
  • preikestol i Romedal kyrkje, 1675, NF
  • altartavle og preikestol i Gjerdrum kyrkje, før 1700

Usikre verk

  • Altartavle og preikestol i Nordre Osen kyrkje i Åmot, 1674
  • altartavle i Øvre Rendal kyrkje, 1675?
  • altartavle i Folldal kyrkje, 1676
  • altartavle i Sel kyrkje, 1681
  • altartavle i Elverum kyrkje, 1686 (nå i Tørberget kapell)
  • altartavle i Tomter kyrkje, 1686
  • altartavle i Hof kyrkje, 1686
  • altartavle i Ringebu kyrkje, 1686
  • altartavle i Veldre kyrkje, 1694
  • altartavle i Våler kyrkje, 1697
  • altartavle i Norderhov kyrkje, u.å.
  • altartavle i Dovre kyrkje, u.å.
  • altartavle i Heni kyrkje, u.å

Kilder og litteratur

  • R. Hauglid: Akantus, bd. 3, 1950, s. 176
  • H. Bleken-Nilssen: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • E. Gaukstad: biografi i NKL, bd. 3, 1986