Folkeminnesamlar. Foreldre: Gardbrukar Ole Torsteinsson Skar (1802–86) og Mari Johannesdotter Lånke (1814–94). Ugift. Bror til Matias Skard (1846–1927); farbror til Olav Skard (1881–1965), Torfinn Skard (1891–1970), Bjarne Skard (1896–1961), Eiliv Skard (1898–1978) og Sigmund Skard (1903–95); svoger til Christopher Bruun (1839–1920).

Johannes Skar skapte eit av dei finaste regionale kulturhistoriske verk i landet, Gamalt or Sætesdal, trass i at han ikkje var setesdøl, men gudbrandsdøl.

Skar voks opp på slektsgarden Skard i Øyer i Gudbrandsdalen. Han gjekk på latinskulen i Lillehammer og tok examen artium 1859. Deretter byrja han på universitetet i Christiania, tok andreksamen 1860 og ville gå vidare med filologi. Men han hadde forsert studiane for hardt og fekk ein helseknekk. 1864–73 arbeidde han som huslærar og med friskule for born i Gausdal 1871–73. På latinskulen hadde han slutta venskap med Christopher Bruun, og han var ofte på Bruuns folkehøgskule i Sel og i Gausdal, der han underviste 1883–92.

Skar slutta seg til både grundtvigianismen og folkehøgskuleideen. I Gausdal kom han i kontakt med den synske Knud Rasmussen Nordgarden, betre kjend som “Vis-Knut”. Etter initiativ frå Bruun samla han inn materiale, m.a. tradisjonstilfang, til ei bok om Vis-Knut, som kom 1876 og som Bjørnson straks nytta som grunnlag for ei lita bok som kom i fleire opplag, medan Skar sjøl berre hadde utgifter på si bok.

1873 sende Vonheim-krinsen Skar til Setesdal for å leita etter heilslege variantar av Draumkvedet. Det fann han ikkje, men setesdalskulturen fengsla han så sterkt at neste år drog han tilbake. I fleire år livnærde han seg som huslærar og blekksmed. Samstundes dreiv han innsamling av folketradisjon med tilskuv frå Moltke Moe. 1881 fekk han, etter initiativ frå Jørgen Moe og Jørgen Løvland, eit privat stipend frå borgarar i Kristiansand til innsamlingsarbeidet. Året etter fekk han stipend frå universitetet, utan tvil etter tilråding frå Moltke Moe. Deretter måtte han tilbake til Gudbrandsdalen og Lillehammer.

Først 1897, då Skar var 59 år gamal, fekk han statsstipend, som han med god støtte fekk ha resten av livet. Då flytta han tilbake til Setesdal, og med hjelp frå Moltke Moe tok han fatt på utgjevinga av det store tradisjonsmaterialet sitt. Han kompletterte og kontrollerte samlingane, spurde om språklege råd og skreiv mange stykke om fem-seks gonger før han var nøgd. I dei første banda, mindre i dei seinare, støypte han saman variantar eller opplysningar frå fleire heimelsmenn for å kunna gje att den setesdølske forteljekunsta så rett som mogeleg etter mottoet: Å seia ei grei meining med få ord, det er hægdi. Til sist hadde han den setesdølske forteljekunsten i blodet.

November 1901 reiste Skar til Kristiania med manuskriptet til første bandet av Gamalt or Sætesdal. Han fann ingen forleggjar, og enden vart at han, truleg etter råd frå Moltke Moe, gav ho ut på eige forlag 1903. Seinare tok Olaf Norli på seg forleggjaransvaret for resten av verket. Det første bandet handlar om haugianarane eller “lærarane” i Valle som dei vart kalla, og om kjempekarar og spelemenn. Det tok seks år før andre bandet kom; det inneheld først og fremst historiske segner. I tredje bandet kom eit rikhaldig utval av supranormale segner. Fjerde bandet, som Skar sjølv sette høgast, kalla han Bygdeliv. Der skildrar han tru, sed og skikk med eit framhald i neste band med segner og soger om kjende bygdefolk.

Skar kjende seg utrygg på eventyrstilen, men med hjelp frå Moltke Moe kom eventyra i band seks og 7. I åttande og siste bandet kom viser, stev, gåter, leikar og barneviser. Dei to siste gav K. Liestøl ut etter at Skar var død. Gamalt or Sætesdal er ikkje eit vitskapleg verk i streng meining, heller ikkje systematisk oppbygd kulturhistorie, men eit framståande verk om den eldre folkekulturen i Setesdal bygd på dalens eigen forteljekunst.

Skar døydde ved skrivebordet medan han skreiv på ei bok om Søren Kierkegaard. Med vinglete bokstavar skreiv han namnet Kierkegaard nedover sida til pennen fall or handa.

  • Visknut, Hamar 1876 (ny utg. 1898, 5. utg. 1984)
  • Gamalt or Sætesdal, 8 bd., 1903–16 (bd. 1 i ny utg. ved K. Liestøl, 1924; ny samla utg. i 3 bd. ved O. Bø og R. Djupedal, 1961–63, 3. utg. 1997)
  • Soga um Justinus Martyr, kyrkjefaderen, 1904
  • NFL, bd. 5, 1901
  • K. Liestøl: “Sagnfortælling i Sætesdal”, i Maal og minne 1913, s. 53–65
  • D. A. Seip: “Johannes Skar”, ibid. 1914, s. 49–56
  • K. Liestøl: “Litterære eventyr og segnere i folketraditionen”, ibid. 1918, s. 89–105
  • d.s.: “Johannes Skar”, i J. Skar: Gamalt or Sætesdal, bd. 1, 2. utg., 1924, s. v–xvi (opptrykt i trebindsutgåva, bd. 1, 1961, s. 11–22)
  • O. Bø: Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte “Gamalt or Sætesdal”, 1953
  • d.s.: “Johannes Skar”, i Heimen 1953, s. 281–296
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • d.s.: “Johannes Skar og 'Gamalt or Sætesdal'”, i J. Skar: Segn og tru. Utval frå “Gamalt or Sætesdal” ved Olav Bø og Rolf Huus, 1971, s. 9–20
  • S. Skard: Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard, 1972
  • Portrett av ukjende fotografar, u.å.; trykt i Gamalt or Sætesdal, bd. 1, 1961, s. 2, bd. 2, 1961, s. 2 og i Segn og tru, 1971, s. 8