Lærar og pedagog. Foreldre: Bonde Halvor P. Sandven (1876–1945) og Ingeborg Skjold (1884–1939). Gift 1939 med fysioterapeut Idbjørg Netteland (7.5.1917–10.6.2003), dotter til likningssjef Jan Henrik Netteland (1886–1963) og Josefine Birkeland (1878–1957).

Johs. Sandven var professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo (UiO) 1950–79. I nesten tretti år var han den sentrale norske leiar i faget. Han gjennomførte store og originale forskingsprosjekt og gjorde ein stor innsats for utbygginga av det pedagogiske studie- og forskingsmiljøet.

I ungdomsåra arbeidde Sandven først eit par år på farsgarden, prøvde seg i slaktarlære, var dreng ei tid og gjekk to år på Fana Folkehøgskule, der lysten på lærargjerninga vakna. 1935 tok han eksamen på 4-årig line ved Stord lærarskule og var hausthalvåret lærar i Fana. 1936 reiste han til Storbritannia for eit halvt års språkstudiar. Heime att i lærarjobben las han gymnaspensum ved sida og tok examen artium 1938.

No reiste han austover, fekk stilling i Bærum og starta universitetsstudium på fritida. Året etter flytta han til Tåsen folkeskole i Aker. Våren 1942 slo styresmaktene til mot lærarane. Sandven blei arrestert og sendt til straffarbeid i Kirkenes saman med 500 andre. Seinhaustes var han tilbake. 1943 tok han magistergraden i pedagogikk med avhandlinga Intelligensmåling ved gruppeprøver, og 1945 fekk han eit tre års universitetsstipend og slutta som lærar.

1947 blei Sandven dr.philos. med avhandlinga Tenkningen og dens nivåutvikling i overgangsalderen. En pedagogisk-psykologisk undersøking. Samme året fekk han stipend for å studere pedagogisk idébryting i USA. Frå sommaren 1948 fungerte han som professor i pedagogikk og styrar av Pedagogisk forskninginstitutt ved UiO. 1950 blei han utnemnd til professor med plikt til å styre instituttet.

Sandven tok over eit lite institutt med éi fast stilling og små økonomiske midlar. I dei 24 åra han kom til å styre instituttet, opplevde det ein eventyrleg vekst, over 600 fullførte embetseksamen av høgre grad, og 20 tok doktorgraden. Med bortimot 50 stillingar var instituttet det største ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Han fekk også oppretta eit pedagogisk embetsstudium med spesialiseringar for arbeid i pedagogisk-psykologiske tenester og i lærarskolar, men ikkje for skoleadministrasjon, slik han planla.

I alle desse åra var Sandven “kongen på haugen”. Men under studentopprøret kring 1970 blei søkelyset sett på at instituttet hadde ein styrar som ikkje var på val, og hans dagar som leiar var snart talde. Særleg etter 1970 blei han også kritisert for å forske på positivismens premissar og for å favorisere slik forsking i rekrutteringspolitikken.

Under åra ved Det historisk-filosofiske fakultetet fekk Sandven sentrale og tunge verv. Mellom anna var han prodekanus og i mange år formann for budsjettkomiteen. Etter at Det samfunnsvitskaplege fakultetet var oppretta og skulle få eige bygg på Blindern, var han formann for byggekomiteen. I 20 år var han medlem av styret for Den internasjonale sommerskolen ved universitetet, og i meir enn halve tida var han styreformann og direktør for skolen.

Sandven var medlem av styret i NAVF, der han i 8 år var formann i fagrådet for samfunnsvitskapleg forsking. Han var også formann for Norsk Pedagogikklag og i mange år for Nordisk Komité for Pedagogisk Forsking. Han var medlem av Forsøksrådet for skoleverket i etableringsfasen og mangeårig styremedlem i Nordisk ekspertutval for pedagogisk forsking og forsøksverksemd, Norsk Pedagogisk Forskningsfond og International Association for the Advancement of Educational Research.

Sandven meinte at skolens mål var å hjelpe elevane til å bli livsduglege, og det kravde at den la vekt på tre sentrale aspekt: effektivitet (elevens intellektuelle og problemløysande evner), konsonans (elevens emosjonell tryggleik) og karakter (elevens sosiale evner og innstillingar). Forskinga hans samla seg om alle dei tre aspekta. Han starta med å utvikle evne- eller mognadsprøver som skulle gi elevane i skolen hjelp til å ta viktige val: ei gruppeprøve ved skolestart, ei ved val av frivillig engelskopplæring og ei ved avslutta folkeskole. I tillegg fekk han utarbeidd ein norsk versjon av Terman-Merrills individuelle intelligensprøve. Han granska motivasjon for skolearbeid, sjølvtryggleik og sosial sensitivitet. Han gjennomførte studiar av disiplin, trivsel og mistrivsel i skolen, truleg dei mest omfattande empiriske granskingane av spørsmåla i vårt land. Også eit anna problemkompleks stod sentralt, nemleg utforsking av samanhengen mellom på den eine sida tidlegare skoleprestasjonar, sosial bakgrunn, intellektuelle evner og emosjonell tilpassing og på den andre sida resultata frå gymnas- og lærarskuleutdanning. For å registrere ikkje-intellektuelle forhold utvikla han den såkalla prosjektometriske metoden.

Sandven tok ofte del i debattar og la stor vekt på forskingsformidling. Han etablerte skriftseriane Forskning og Danning, der fleire forskingsbidrag blei presenterte i kvar bok, og Norwegian Studies in Education for publisering av engelskspråklege arbeid. Tidsskriftet Scandinavian Journal of Educational Research var han med å grunnleggje, og han var hovudredaktør for det i 28 år.

Sandven blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1980 og var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1950. Han døydde nær 91 år gamal og blei gravlagd på Ullern kirkegård i Oslo.

    Eit utval

  • Intelligensmåling ved gruppeprøver, mag.avh. UiO, 1943
  • Tenkningen og dens nivåutvikling i overgangsalderen. En psykologisk-pedagogisk undersøking, dr.avh. UiO, 1946
  • Pedagogisk idébrytning i USA. En studie over utviklingen og de rådende synsmåter i dag, 1949
  • Pedagogisk målsetning og psykisk funksjonssammenheng, i Skole og Samfunn, 1958, s. 130–178
  • Oppdragelse og vekst. En essaysamling, 1966
  • Projectometry. A new approach in the psychological study of human reaction tendencies exemplified by research pertaining to education, 1975
  • Våre barn – deres fremtid. Oppdragelse til hva?, 1997
  • K. Bakke (red.): Norske skolefolk, Stavanger 1952
  • E. Nordland: biografi i Norsk Allkunnebok, bd. 9, 1959
  • Stud. 1938, 1963
  • HEH 1994
  • E. L. Dale: De strategiske pedagoger, 1999, s. 168–234
  • K. Tveit: “Johs. Sandven”, i Aftenp. 11.9.2000
  • P. Rand, H. Rørvik og Å. L. Strømnes: “Professor Johannes Sandven”, i BTid. 25.9.2000
  • K. G. Helsvig: Pedagogikkens grenser. Kampen om pedagogikkfaget ved Universitetet i Oslo 1938–1980, 2003
  • Måleri (heilfigur) av Harald Dal, 1969; Pedagogisk forskningsinstitutt, UiO