Faktaboks

Johan Nicolai Scavenius
Schavenius
Levetidskommentar
Fødd kring 1713 (nøyaktig dato er ikkje kjend), truleg i Christiania; Nøyaktig dødsår og -stad er ikkje kjende; han er siste gong nemnd 1748
Verke
Målar
Familie
Foreldre: Målar Claus Scavenius (1672–1744) og Karen Johannesdotter Lønegren (død 1721). Noko ekteskap er ikke kjent.

Johan Nicolai Scavenius var ein handverkskunstnar i første halvdel av 1700-talet, som i dag mest er kjend for utsmykkinga av den tidlegare altertavla til domkyrkja i Trondheim i 1740-åra, den største i landet. Arbeida hans er kjende berre innanfor ein periode på 10 år.

I første halvdel av 1700-talet fanst det enno inga formell opplæring i måleri eller skulptur i Danmark-Noreg. Skiljet mellom kunstnar og handverkar var enno ikkje oppstått, og den som t.d. dreiv med måleri, utførte alt frå romdekorasjonar og møbeldekor til lerretsmåleri. Omgrepet “kunstnar” var enno ikkje innført, og sannsynlegvis oppfatta målarane seg på linje med andre handverkarar som tok dei oppdrag som fanst. Opplæringa skjedde frå meister til elev, ofte innanfor familien.

Johan Nicolai Scavenius er eit godt døme på denne tradisjonen. Lite er kjent om bakgrunnen, men faren Claus Scavenius var “skildrer” eller portrettmålar i Christiania. Han er omtalt i kjeldene 1714 og 1722. Johan Nicolai kan vere fødd omkring 1710–15. Han har etter alt å døme lært kunsten av faren, og er første gang omtalt 1735, då han “stafferte” (dekorerte) korskranken og måla skyer i taket i Østre Gausdal kyrkje.

I åra 1740–46 oppheldt Scavenius seg nordafjells, i Trondheim, Trøndelag og på Møre, til sist som assistent for tollaren i Kristiansund. Frå denne perioden er det kjent ei rekkje med portrett av lokale embetsmenn, særleg geistlege og deira familier. Portretta er teknisk dyktig utførte og vitnar om ein god, men ikkje førsteklasses menneskeskildrar. 1740–41 utførte han eit omfattande dekorasjonsarbeid i Vår Frue kyrkje i Trondheim som i dag er ukjent for oss. Det største arbeidet frå denne perioden er stafferinga av den nye altertavla til domkyrkja i byen, inkludert eit stort sentralbilete av krossfestinga og eit predellabilete av nattverden.

Domkyrkja hadde stått utan altertavle sidan brannen 1719. Etter at eit nytt orgel kom på plass 1741, kunne ressursane konsentrerast om altertavle. Arbeidet vart starta 1743, og tavla vart truleg teikna av løytnant Wilster etter inspirasjon av altertavlene som Vår Frue og St. Petri i København hadde fått etter bybrannen der 1728. Tre handverkarar delte på arbeidet: Henrik Kühnemann frå Arkhangelsk utførte alt snekkararbeidet, Jonas Granberg frå Jämtland skar 13 store statuer og seks kapitél, og Scavenius skulle utføre to store “Skilderier” for 42 riksdalar og til slutt måle heile tavla for 200 riksdalar. Altertavla vart sett opp til 1. juledag 1744, og dei siste detaljane, m.a. predellamåleriet, vart ferdige på ettervinteren 1745. I alt kosta arbeidet 600 riksdalar.

Sentralmåleriet har Jesus, Maria og Johannes som motiv, skarpt teikna mot den dramatiske mørke himmelen i bakgrunnen. Stilmessig er det seinbarokkpreg over motivet, som er måla etter Dolendos' stikk etter Karel van Mander. Predellabiletet er mindre vellukka og figurane stivt framstilte. Den arkitektoniske delen av tavla er marmorert i blått og kvitt, med gull på ornament og listverk. Statuene har mykje raudt, blått og gull. Altertavla står sidan 1837 i Vår Frue kyrkje i Trondheim.

Scavenius hadde utan tvil vidare interesser og ambisjonar enn kunsten. 24. mars 1746 fekk han reisepass til København, og to år seinare tok han juridisk eksamen ved universitetet der, truleg finansiert av arbeidet hans i Trondheim. Seinare kunstverk frå hans hand er ikkje kjende.

Verker

  • Interiør i Østre Gausdal kyrkje, Follebu, 1735
  • Byskrivar Jens Christian Hveding, 1741, p.e.
  • Kapellan Peder Hanning og hustru Anna Cathrina f. Holst, 1741, Vår Frue kyrkje, Trondheim
  • korskranke og galleri i Vår Frue kyrkje, Trondheim, 1741 (tapt)
  • Apollonia gift Møller og tvillingane Vincens og Rasmus (Hans Müllers barn av 1. ekteskap), 1742, p.e.
  • Biskop Eiler Hagerup, 1742, Nidarosdomen
  • Direktør Hans Müller og hustru Elisabeth Sophie f. Irgens og deira barn Hans og Maria Elisabeth, 1742, p.e.
  • altertavle til domkyrkja i Trondheim (no i Vår Frue kyrkje), 1742–46
  • Sokneprest i Meldal Hans Hornemann og Sara Hornemann f. Hammond, 1744, Meldal kyrkje

    Usikre

  • Sorenskrivar Andreas Chr. Krogh og hustru
  • Sokneprest Peder Hanning til Herøy på Sunnmøre
  • Sokneprest P. Hatting, Tingvoll kyrkje
  • Martha Margrethe Nobel, gift med amtmann Must i Romsdals amt

Kilder og litteratur

  • H. Ostermann: Examinati juris 1736–1814, tillegg til NST 1938
  • H. Alsvik: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • T. Lysaker: Domkirken i Trondheim, bd. 3, 1983
  • E. Gaukstad: biografi i NKL, bd. 3, 1986