Landbrukspioner; statsagronom. Foreldre: Leiglending Jacob Sivertsen Eltvedt (1776–før 1865) og Martha Magdalene Isaksdotter (1789–etter 1865). Gift 13.11.1856 med Inger Johanne Hansen (15.9.1828–etter 1900), dotter til skipskaptein Thomas Hansen (1796–før 1865) og Inger Andrea Tollefsen (1798–etter 1865).

Jens Jacobsen var “reisende agronom” i meir enn 40 år, det meste av tida i Statens teneste. Han var ein av pionerane i det store omskiftet i norsk landbruk i siste halvdel av 1800-talet.

Jacobsen voks opp i tronge kår og måtte tidleg ut på arbeid, først som gjetar, seinare som gardsarbeidar. 1846–48 var han elev ved den nyoppretta landbruksskolen for Bratsberg amt (no Telemark fylke) og deretter ei kort tid knytt til skolen som hjelpelærar. 1849 fekk han eit offentleg stipend og studerte m.a. engvatning i Sverige, Danmark og Tyskland. Året etter fekk han oppdrag som “engvatningsmester” i heimfylket, og dette oppdraget utvikla seg snart til ei vanleg amtsagronomstilling.

1858 vart Jens Jacobsen tilsett som statsagronom. Dette var ei stilling som var oppretta for å gi rettleiing i vatnings- og grøftingsspørsmål, og Jacobsen delte stillinga med ein annan agronom. Frå tidleg i 1870-åra fekk han også ansvaret for leiinga av husdyravlen i dei sørlege landsdelane. I denne stillinga heldt han fram til han døydde.

I fyldige årsrapportar har Jacobsen fortalt om arbeidet sitt som statsagronom. I sommarhalvåret, frå snøen var gått og til langt ut på hausten, var han mest støtt på reise, oftast etter oppmoding frå jordbrukarar som ynskte rettleiing i samband med nydyrking av jord eller grøfting av jord som alt var dyrka. Mange av oppdraga galdt planlegging av kanalar for nedtapping av vatn slik at dyrkingsjord kunne vinnast inn. Han planla også mange vatningsanlegg, tiltak han hadde stor tru på: “Efter Behag at kunne raade over det fornødne Vand til Engens Frugtbargjørelse er visselig en stor Herlighed.” Ei tid var han mykje etterspurd for å gi rettleiing om dyrking av myr, særleg på Vestlandet, der det var lite anna jord som høvde for dyrking.

Etter kvart fekk Jacobsen mykje å gjera med husdyrhaldet. Han var styrar for alle større husdyrutstillingar i distriktet og var også med som domar. Dette var ei tid med sterke brytingar i feavlen, særleg stod det hard strid om rasespørsmålet. Telemarkfeet var den leiande ferasen i landet, og Jacobsen var ein sterk tilhengar av dette feet. På utstillingane kjøpte han ofte avlsdyr av telemarkfe etter oppdrag av fealarar i andre distrikt. I ein av årsrapportane sine fortel han at han har kjøpt ein heil buskap til ein mann ved Stavanger og gir uttrykk for von om at rasen “... ogsaa paa denne Kant af Landet vil hævde sit Ry som Landets medst utprægede gode Kreaturrace”. Men han var ingen rasefanatikar og vedgjekk at dei betre jordbruksbygdene ville ha bruk for eit større fe, slike som ayrshire og andre importerte rasar.

Jacobsen deltok i dei fleste av dei store norske landbruksmøta i 1870- og 1880-åra. Han var også på fleire svenske landbruksmøte. I årsrapporten sin for 1868 skreiv han eit langt referat frå landbruksmøtet i Stockholm dette året. Til landbruksmøtet i Göteborg 1891 hadde han offentleg stipend.

1884–88 var Jacobsen medlem av Prestegaardskommisjonen, som var oppretta i samband med sal av embetsgardar. Mens han var med i denne kommisjonen, flytta han til Christiania, elles budde han i skiensområdet det meste av si tid. 1869 kjøpte han garden Nordre Mæla i Gjerpen, men selde den att 1878.

1882 vart Jacobsen tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Det er lite av skriftlege arbeid etter Jens Jacobsen, med unntak av dei mange velskrivne tenesterapportane. Det ser heller ikkje ut til at han var særleg aktiv i den kvasse diskusjonen på landbruksmøta eller i samfunnslivet elles. Vi sit att med inntrykket av ein evnerik, arbeidssam og stillfarande mann som gjennom ei lang tenestetid gjorde ein stor innsats for jordbruket i det distriktet han var sett til å tena.

  • Indberetning fra agronom Jacobsen til Departementet for det Indre om hans Virksomhed i Aaret 1871, 1872
  • rapporter i Aarsberetning angaaende de offentlige Foranstaltninger til Landbrugets Fremme,1874–91
  • Norsk Landmandsblad,1892, s. 542 og 1893, s. 71
  • Det offentlige Landbruksvæsen i Norge indtil 1914,1914
  • A. Sollid: Telemark landbruksselskap i dei 100 fyrste aari,Skien 1927, s. 130–133
  • S. Skappel: biografi i NBL1,bd. 6, 1934