Politikar. Foreldre: Gardbrukar Anton Jakobsson Lothe (1852–1932) og Ane Marie Absalonsdotter Rauset (1853–1940). Gift 1908 med Eli Jakobsdotter Kvitenes (15.4.1880–2.3.1963), dotter til gardbrukar Jakob Olsson Henden (1842–98) og Pernille Eriksdotter Rygg (1844–1934).

Jakob Lothe var ein sentral Venstre-politikar i mellomkrigstida og i dei to første stortingsperiodane etter den andre verdskrigen. Han var også skulemann gjennom heile livet. Lothe var ein innsiktsfull parlamentarikar og ein inspirerande lærar.

Lothe voks opp i bygda Lote i Nordfjord. 1908 gifte han seg med Eli Kvitenes. Som odelsgut overtok han familiegarden 1915, og i periodane han var borte frå garden, var det Eli Lothe som hadde ansvaret for gardsdrifta. Sjølv om han skøytte garden over til sonen Anton 1940, var han livet ut engasjert i gardsarbeidet og utviklinga av bygdesamfunnet.

Lothe hadde sterke boklege interesser, og berre 19 år gammal tok han 1901 eksamen ved Volda lærarskule. Impulsar herifrå tok han med seg både til lærargjerninga og det seinare arbeidet som politikar. 1901–02 var han lærar i Leikanger kommune, og 1902–49 i heimkommunen Gloppen. Sin faglege og pedagogiske kompetanse utvida han gjennom studiar ved Norges lærerhøgskole 1922–23.

Då Lothe vart vald til stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane ved stortingsvalet hausten 1924, hadde han vore medlem av Gloppen heradstyre 1917–23 og formann i skulestyret frå 1912. Lothe representerte Venstre på Stortinget 1925–27. Hausten 1927 vart han varamann, men rykte opp til representant og vart seinare attvald. Lothe var stortingsrepresentant i heile perioden 1925–53.

Lothes lange karriere som stortingsmann vart delt i to av den andre verdskrigen. Han lærte seg Stortingets arbeidsmåte frå grunnen og utførte målretta komitéarbeid. Skulepolitiske spørsmål engasjerte han særleg sterkt, og han arbeidde iherdig for at norsk bygdeungdom skulle kunne få ei betre utdanning. Som formann i Kyrkje- og skulekomiteen deltok han i gjennomføringa av fleire store skulelover i slutten av 1930-åra.

Då Stortinget konstituerte seg etter krigen, var Lothe ein av dei få Venstre-representantane med betydeleg parlamentarisk erfaring frå mellomkrigstida. Frå 1945 til 1950 var han Venstres parlamentariske leiar, og han var lagtingspresident 1945–53. I denne siste perioden fekk han eit utvida arbeidsfelt som politikar. Skulepolitikk og kyrkjelege spørsmål interesserte han framleis sterkt, og han var m.a. medlem av Kyrkjeordningsnemnda av 1946 og formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen 1950–53. Erfaringane frå krigen forsterka interessa hans for internasjonale spørsmål, og han gjekk inn for norsk medlemskap i NATO. Han var medlem av Nordisk Råd og norsk utsending til Den interparlamentariske union i Bern 1952 og Washington 1953.

Etter at han slutta på Stortinget, fekk Lothe ei lang og god tid som pensjonist i heimbygda. Han førte ein omfattande korrespondanse, og i samtale gav han mykje til dei mange som vitja han.

  • Sjølvbiografisk artikkel i Hva livet har lært meg,1959, s. 75–86
  • Haffner,bd. 1, 1949
  • HEH 1973
  • Nordby,bd. 1, 1985
  • P. Sandal: Soga om Gloppen og Breim,bd. 4, Sandane 1992
  • SNL,bd. 9, 1997
  • opplysningar frå Per Lothe, yngste son til Jakob Lothe