Iver Leganger styrde det store soknekallet sitt i Vik i Sogn, og attåt prestegjerninga hadde han samband med det akademiske midtpunktet i kongerika, universitetet i København. Han skreiv både topografiske og teologiske avhandlingar.
Som 11-åring byrja Iver på Bergens skole og skreiv seg inn ved universitetet 1646 under namnet Ivarus Ericius Lecangriensis. Han tok baccalaureusgraden 1648 og fekk professoral attestasjon og vart dimittert frå det teologiske fakultetet same året. Han reiste så kring i Tyskland (1650) og Nederlanda (1651) og vitja mange byar, m.a. Kiel, Rostock, Berlin, Utrecht og Amsterdam. Våren 1652 var han heime i Leikanger og om sommaren i Bergen, men om hausten atter i København. “I dei følgjande tre åra låg eg sjuk, under Guds hand,” heiter det i dagboka.
Leganger fungerte frå jul til pinse 1656 som personellkapellan hjå faren i Leikanger, og om sommaren var han huslærar hjå kapellan Peder Jensen Aalborg i Hjørundfjord. Resten av året var han huslærar hjå presten i Nykirken i Bergen. Han vart kalla til sokneprest i Vik prestegjeld 1657 og vart prost i Sogn 1668.
Leganger var maktglad og hæken etter gods og greidde å få hand om dei sentrale gardane i Vik og elles mange gardar kring i Sogn. Han førde protokoll over eigedomane sine. Ei jordebok etter han finst på Universitetsbiblioteket i Bergen.
Vik prestegjeld har mellomalderkyrkjene Hove, Hoprekstad og Kvamsøy. Leganger kosta mykje på desse kyrkjene, m.a. klokker, inventar og dekorativ måling. I Hoprekstad kyrkje finst ei lang og rosande innskrift på latin om Legangers liv og verksemd, truleg forfatta av han sjølv.
Attåt den geistlege gjerninga og styringa av eigedomane var Leganger òg verksam som akademikar og forfattar.
I hans studietid var ofte studentane aktive på fleire fakultet; vitnemål om det er at Leganger deltok på to medisinske disputasar under den kjende anatomen Thomas Bartholin.
1684 vart Leganger, “pastor Vigiensis et præpositus Sognensis”, saman med 31 andre promovert til magister i filosofi. Seinare gav Leganger ut ei teologisk avhandling, ei utlegging av to vers frå profeten Jesaja, med tittelen: Simplicissima Textus Prophetici expositio, Esaiæ LV. 6–7. Avhandlinga er skriven til heider for Christian 5 og tileigna embetsbrørne i Sogn.
Mest minnest ein Leganger som historisk og topografisk forfattar. Inspirert av Tormod Torfæus, som han brevskifte med, skreiv Leganger ei skildring frå Sogn, Circa brevissimam Sogniæ chorographiam. Legangers handskrivne manuskript frå 1693 finst i Den arnamagnæanske Håndskriftsamling, København. Vel ein tredel er skriven på latin, resten på dansk. Ei avskrift ligg på Universitetsbiblioteket i Trondheim. Heile manuskriptet vart omsett til latin av P. F. Suhm og prenta i Torfæana, 1777.
Leganger tek føre seg alle prestegjelda i Sogn og gjev ein kort omtale av natur, vegar, kyrkjer og kyrkjeleg inndeling. Han nemner òg ymse minnesmerke frå gammal tid og nokre segner som knyter seg til somme lokalitetar. Frå samtida fortel han noko om korleis handelen går føre seg. Han kjem òg med tolkingar av stadnamn, særleg bygdenamn. Forfattaren har ein noko svartsynt slutt: Fisket og årsvoksteren slår stendig feil, det norske språket vert ikkje meir brukt, korkje i tale eller skrift, og mektige menn finst ikkje i riket lenger. Jamført med andre topografiske skildringar er skriftet til Leganger kortfatta, men det gjev eit godt oversyn over prestegjelda i Sogn på hans tid.