Prest, naturgranskar og topografisk-økonomisk forfattar. Foreldre: Berghauptmann Christian Ernst Heltzen (1745–1825) og Anne Christine Haxthausen (1745–1815). Gift 9.9.1812 med Christense Elisabeth Dass (1796–1877), dotter til handelsmann Anders Dass (1742–1831) og Ingeborg Anne Bernhoft (1765–1827). Systerson til Frederik Gottschalk Haxthausen (1750–1825); brorsons son til Michael Heltzen (1712–70); morbror til Frederik Due (1796–1873) og Peder Krabbe Gaarder (1814–83).

Iver Heltzen høyrde til den siste norske prestegenerasjonen som blei utdanna i København. Han var eit typisk produkt av opplysningstida og kan slik sett godt kallast “potetprest”. Etter det han sjølv har skrive, var han livet igjennom meir orientert mot praktiske saker og problem som skulle løysast, enn mot religiøs forkynning. Det er verdt å merke seg at han i motsetnad til prestar flest i Nord-Noreg aldri prøvde å bli forflytta sørover til “feitare kall”. Heile livet arbeidde han i Rana, og det er gjennom si sterke interesse for tilhøva i dei bygdene han verka i, at namnet hans er bevart for ettertida.

Heltzen voks opp i Trondheim, studerte ved universitetet i København og blei cand.theol. 1809. Etter fullført utdanning tilbrakte han resten av livet sitt i Rana som prest, først som kapellan og frå 1814 som sokneprest i Hemnes (også kalla Ranens præstegjeld). Med si praktiske orientering og sin sterke verketrong blei Heltzen ein svært nyttig mann for bygdene i Rana. Alt da han kom 1811, under dei harde naudsåra, tok han initiativ til eit “sædekornmagasin” og sette i gang opplysningsverksemd om nyttige viltveksande plantar. Så fekk han orden på skolevesenet som ikkje var i funksjon, før han tok fatt på fattigvesenet. Han reiste rundt i bygdene, heldt møte og fekk m.a. i stand ei legdordning.

Det var ei allmenn oppfatning i samtida at Vårherre hadde ordna det slik at sjukdommar ein ikkje får seg påført frå utanverda, kan legast med dei medisinske plantane og urtene som finst i den heimelege naturen. Dette var berre eitt av mange uttrykk for den rasjonalistiske trua på at skaparverket var fornuftig og logisk bygd opp. Heltzen var såleis ein ivrig samlar av medisinske plantar og ikkje så reint lite av ein lege sjølv. 1831 gav han ut Forsøg til en kort Anviisning for Nordlandenes Beboere til at samle, bruge og anvende medicinske og oeconomisk nyttige Planter. Han fekk også nemnd opp ein sunnheitskommisjon, noko som var heilt uvanleg på hans tid.

Heltzen er kjend som forfattar av ei rekkje topografiske og naturhistoriske skildringar frå Helgeland. Det mest kjende verket hans er Forsøg til Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Ranens Præstegjeld i Nordlandene frå 1834. Han tek for seg topografi, geologi, bergverk, planter og dyreriket i første delen; i andre delen beskriv han samane, eigedomsforhold, byggjeskikkar, drakter, “huuslige Tilstander”, næringsliv og fiske. Han har sjølv illustrert verket.

Forbilde og mønster for Heltzens forfattarskap var andre bygdeskildringar og topografiske og naturvitskaplege beskrivingar som det fanst fleire døme på i samtida. Ei rekkje av prestane i opplysningstida såg det nemleg som si oppgåve å samle inn og publisere denne typen lokalt natur- og kulturhistorisk stoff. Heltzen var ein av dei fremste av denne prestegenerasjonen. Ei anna viktig oppgåve for Heltzen var å få utgjeve eit populært tidsskrift for nordlendingar. Det kom ut nokre få nummer, trykt i Tromsø 1841–44 med tittelen Almue-Magazin for Nordlændinge.

    Trykt materiale (eit utval)

  • Bidrag til en rigtigere Kundskab om Øen Tren, 1823 (utg. som Træna 1823, Træna 1973)
  • Forsøg til en kort Anviisning for Nordlandenes Beboere til at samle, bruge og anvende medicinske og oeconomisk nyttige Planter, Bergen 1831
  • Forsøg til Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Ranens Præstegjeld i Nordlandene, 1834 (utg. som Ranens Beskrivelse 1834, Mo i Rana 1981)
  • Almue-Magazin for Nordlændinge, 2 delar, Tromsø 1841–44

    Etterlatne papir (eit utval)

  • Forsøg til Helgelands Flora, manuskript i 2 bd., 1832?, UBT
  • Forsøg til Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Ranens Præstegjeld i Nordlandene, manuskript, 1834, UBB
  • Biografi i Erlandsen/Tromsø, 1857
  • biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • A. Coldevin: Rana bygdebok, bd. 1 Hemnes og Mo prestegjeld til 1850, 1965
  • d.s.: “Iver Ancher Heltzen. Prest og forsker”, innledning til Ranens Beskrivelse 1834 (sjå ovanfor, avsnittet Verk), 1981