Gardbrukar og politikar. Foreldre: Gardbrukar og spelemann Petter Sveinungsson Veum (1811–89) og Tone Talleivsdotter Lislestog (1827–53). Gift 9.7.1886 med Aasne Olavdotter Momrak (15.5.1865–13.11.1902), dotter til gardbrukar Olav Ketilsson Momrak (1830–79) og Gunnhild Ketilsdotter Nape (1826–89).

Ivar Tveiten var lærar, bonde, stortingsmann og statsråd med sterke røter i bygdenorske verdiar. Han var målberar av dei klassiske Venstre-holdningane og ein klar republikanar. Som stortingspresident fekk han likevel stor respekt for og eit nært forhold til kong Haakon 7.

Farfaren Sveinung Ivarsson Weum var lensmann i Fyresdal og ei tid bygdas rikaste mann. Far til Ivar var den kjende spelemannen Petter Veum. Ivar gjekk på det vesle hjelpeseminaret i Kviteseid og fekk ein god eksamen 1869. Fram til 1883 var han lærar i Fardal/Borggrend i Fyresdal. Farsgarden Tveiten overtok han 1875, men kjøpte grannegarden Brokke 1889 og flytte dit. Denne dreiv han til 1922.

Tidleg synte Tveiten interesse for organiserte tiltak; 1871–99 var han formann og forretningsførar for Fyresdal Forbrugsforening og for Veum Forbrugsforening 1899–1902, kasserar i dampskipsreiarlaget Fyresdal 1884–99 og direktør i Fyresdal Sparebank 1895–1910.

I ungdomen vart han merkt av dei radikale straumdraga i 1870-åra. Han vart Venstre-mann, målmann, fråhaldsmann og ein forsvarar av dei kristen-kulturelle verdiane. Han var med i Fyresdal heradstyre 1888–98, overformyndar 1882–1907, formann i skulestyret 1893–1902 og heradskasserar i nokre år. 1900–25 var han med i fylkesskulestyret.

Tveiten var valmann ved alle val 1885–1903, varamann til Stortinget for Venstre 1892–94 og 1900–03 og møtte 1902–03 medan Gunnar Knudsen var statsråd. 1903 vart han stortingsmann frå Bratsberg amt, 1906–18 frå einmannskrinsen Vest-Telemark, 1919–24 frå Telemark fylke.

På Stortinget skreiv han 1902–06 dagbok, der han kommenterte aktuelle tilhøve. Han var aktivt med i kampen om å oppløyse unionen og utvikla sterk nasjonal kjensle. Som republikanar tilhøyrde han den radikale fløya i partiet og ville korkje ha svensk eller dansk tronfølgjar når unionen med Sverige vart løyst opp. 20. april 1902 lydde han messa i Vår Frelsers kyrkje i Kristiania, der den svenske kronprinsen også var: “– so vilde eg høyra, om der kom noko slags kongefjosk fram i talen,” skriv han. Med åra blei Tveiten meir moderat i mange spørsmål og meir kongevenleg, men det var viktig for han å vere lojal mot Gunnar Knudsen. Det vart også stor avstand mellom Tveitens bondevenstre og den radikale venstremannen Johan Castberg, som i dagboka si kalla Tveiten ein “trangsynt middelmådighet”.

Med Venstre i fleirtal kom mange bønder på tinget, og Tveiten tok 1913 initiativ til å skipe eit bondelag, som òg skulle vere ope for høgrepartia. Det meldte seg 52 representantar, og han blei sjølv den fyrste formannen. Trass i hans opne initiativ blei laget eit lukka forum for Venstres stortingsgruppe, men 1919 fekk han likevel til å skipe eit nytt upolitisk bondelag.

1904 var Tveiten med i Stortingets sendelag til fredsmøtet i Paris, men han hadde ikkje mykje tiltru til seg sjølv, han kjende seg som “spurv i tranedans”. Han sat i jarnbanenemnda 1903–18, budsjettnemnda 1910–18 og 1919–24 i universitets- og fagskulenemnda, der han heile tida var formann. 1917–23 var han medlem i utanriksnemnda og formann der frå 1919. Stortingssekretær var han 1913–15 og stortingspresident 1917–20 og 1922–24. Han var Venstres parlamentariske førar 1919–20.

Tveiten var ikkje ordhag og tala difor lite, men han hadde gjennomtenkte innlegg, ofte merkt av det telemarkske frilynde. Riksprogramsjef i NRK, Olav Midttun, karakteriserte han som fredsæl og godlynt, men kvass og djerv når det trongst.

Frå juli 1924 til mars 1926 var Tveiten kyrkjeminister i Mowinckels fyrste regjering. Der tok han tak i nynorskens plass i statstenesta og kravde at alle hadde rett til svar på eiga målform når dei skreiv til staten. Han stod også for godkjenninga av Nynorsk salmebok. Etter ministertida drog han seg attende frå politikken.

Det var ikkje Tveitens stil å like offisielt glitter, så han ville ikkje sjølv ha ordnar. Han røysta for oppheving av ordensstellet 1913, men likevel blei han medlem av Ordensrådet for St. Olavs Orden 1914 og var visekanslar der 1929–31.

  • Føreord til B. Taraldlien: Fyresdal, 1910
  • Minne frå Stortinget 1902–1906, Kviteseid 1994

    Etterlate materiale

  • Eit og anna. Dagbok 1902–1903, NBO
  • Fraa Stortinget i 1903–1906 og 1910, NBO
  • ei samling brev hjå Knut Veum, Brokke, Fyresdal
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • HEH 1930
  • J. S. Worm-Müller, A. Bergsgård og B. A. Nissen: Venstre i Norge, 1933, sjå register
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • B. Veum: Fyresdal ættebok, Fyresdal 1943, s. 345
  • O. Midttun: Mål og menn, 1953, s. 202–205
  • C. J. Hambro/T. Greve: Det Norske Storting gjennom 150 år, 1964, bd. 3 s. 155–165 og 278, bd. 4 s. 550
  • B. A. Nissen: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • S. Marvik: Fyresdal gards- og ættesoge, bd. 3, Fyresdal 1992, s. 1497, 1515 og 1525
  • J. Skarprud: “Kva styreform skulle Noreg ha –”, i Årbok for Telemark 1995, Seljord 1995, s. 13–38

    Kunstnarlege portrett

  • Portrett av ukjent målar, ca. 1920; p.e
  • Byste av Dyre Vaa, 1925; NG; gipsoriginal i Dyre Vaa-samlinga, Rauland
  • Byste av Dyre Vaa, 1940; i Stortinget

    Fotografiske portrett

  • Fotografi saman med kong Haakon; p.e
  • Fotografi på presidentstolen i Stortinget; p.e
  • Ungdomsportrett; p.e
  • Portrett med kona Aasne, før 1902; p.e
  • Portrett (brystbilete) til 70-årsdagen 18.12.1920; p.e