Reklamemann og teiknar. Foreldre: Kaptein, seinare oberst Mauritz Elizar Andresen (Mauritz-)Hansen (1863–1929) og Ingeborg Anna Stub Lund (f. 1865). Gift 17.11.1922 med Signe Møller (f. 19.9.1898), dotter til oberst Christian Brandt Caspary Møller (f. 1860) og Helga Bruun (f. 1867).

Ivar Mauritz-Hansen var ein av pionerane i norsk teikneseriekunst. Han skapte populære seriefigurar som Professor Tanke og Nils og Blåmann, og han markerte seg òg som ein framståande reklameteiknar og bokillustratør. Signaturen hans var ein enkel “M-”.

Mauritz-Hansen voks opp i Drøbak og tok examen artium i Kristiania 1917. Deretter byrja han å studere ved Norges tekniske høgskole i Trondheim og tok arkitekteksamen der 1922. I studietida deltok han ivrig i det såkalla studenterlivet. Han sat to gonger i styret i Studentersamfundet og var aktivt med i tre studentrevyar. Han kom aldri til å praktisere som arkitekt etter eksamen, men byrja som frilans teiknar og illustratør. 1924 blei han medlem av Tegnerforbundet, der han var formann 1927–28 og blei utnemnd til “ridder” 1946.

1922–27 var Mauritz-Hansen knytt til Oslo Aftenavis som teaterteiknar og til Tidens Tegn, der han m.a. laga teikneseriar – Onkel Brombass, Detektiv Luresen, Råd for uråd og Jumbo. Alt 1923 blei den versifiserte føljetongen To på vidda av Karen Sofie Hanssen (Nicolette), som han illustrerte for barnesida i Tidens Tegn, utgitt som eiga bok; forfattar og illustratør gøymde seg båe bakom pseudonym.

Inspirert av ein seriefigur i eit tysk blad frå 1890-åra, Illustrierte Zeitung, laga Mauritz-Hansen sin eigen humoristiske teikneserie, Professor Tanke, som starta i Tidens Tegn april 1926. Frå februar 1927 stod serien på baksida av vekemagasinet Oslo Illustrerte. Den distré, korpulente professoren i positurar ein kjenner frå stumfilmen, teikna med breid strek, blei fort lagt merke til og kom seinare til å bli utgitt i eigne album i fleire utgåver.

Mauritz-Hansen etablerte seg også som reklameteiknar i denne tida, som var ei ekspansiv pionertid for norsk reklame. Han markerte seg som eitt av dei store reklameteiknarnamna i 1930-åra, på linje med Trygve M. Davidsen, Harald Damsleth, Henry Imsland o.a. 1930 gjekk han inn som medeigar og teiknesjef i A/S Høydahl Ohmes annonsebyrå, og frå 1933 var han direktør og kunstnarleg leiar der. Forutan å lage reklame, m.a. for såpefabrikken Lilleborg, teikna han julekort for Damm forlag og ei mengd bokomslag for diverse forlag. Arne Sundseths bibliografi over norsk illustrasjonskunst registrerer ikkje den store mengda av bokframsider Mauritz-Hansen utførte. Desse er ofte meir effektive som bokkunst enn dei lette og vittige strekteikningane ein finn i dei registrerte bøkene. Eit unntak er fargeillustrasjonane han laga (saman med Arne Johnson og Aslaug Tranheim) for Hans Bergersens lesebok 1939.

Det Ivar Mauritz-Hansen likevel blir mest hugsa for av det store publikum, er den heilsides teikneserien i fargar, Nils og Blåmann, som gjekk i vekebladet Illustrert Familieblad 1927–67. Frå 1929 fram til midten av 1960-åra kom Nils og Blåmann også ut i eigne, separate hefte til jul. Serien blei til etter initiativ frå Mauritz-Hansens seinare partnar i Høydahl Ohme, Sigurd Winsnes, som også i mange år skreiv teksten. Mauritz-Hansen slutta å teikne serien sjølv ikring 1952. Då overtok Christian Kittilsen og seinare Erik von Krogh. Den vakre fargebruken, den rolege framstillinga og den suverene figurteikninga, som er så enkel og samstundes så dramatisk uttrykksfull, har gjort serien til den fremste klassikaren innan norsk teikneserietradisjon. Mauritz-Hansen unngjekk det nervøse, mondene og bråmoderne, han hadde støtt noko godmodig, munnleg og lunt i stilen sin. Både Professor Tanke og Nils og Blåmann har blitt ståande som ikon, som referansepunkt eller som klisjear innan norsk populærgrafikk.

Så godt som alt Mauritz-Hansen teikna, var laga for reproduksjon. Han stilte ikkje ut originalarbeid. Frå midten av 1950-åra verkar han ikkje ha vore aktiv som illustratør. Som privatmann var han særs interessert i segling.

    Teikneseriar (eit utval)

  • Professor Tanke. En samling Tanke-streker, 1927 (opptrykt 1943, 1969, 1990)
  • Professor Tanke. 2. samling Tanke-streker, 1928 (opptrykt 1943)
  • Nils og Blåmann, årlege julehefte 1929–ca. 1965 (dei første hefta er opptrykte i 1990-åra)

    Bokillustrasjonar (eit utval)

  • To på vidda. Skrevet av Tore og tegnet av Koll (sm.m. K. S. Hanssen), 1923
  • Per kommer stadig forsent paa skolen (sm.m. K. S. Hanssen), 1925 (ny utg. 1935)
  • H. Bergersen: Lesebok. Første skoleår (sm.m. A. Johnson og A. Tranheim), 1939 (10. opplag 1962)
  • H. Søreide: Opplæring i norsk. 4. klasse, 1939 (4. opplag 1960)
  • G. Brochmann (red.): Vi fra NTH. De første ti kull, Stavanger 1933
  • Stud. 1917, 1947
  • A. B. Sundseth og A. C. Melhus: Norsk illustrasjonskunst 1850–1950, 1952
  • J. Lie i Bobla nr. 1/1975
  • I. Mauritz-Hansen og E. Johnsen: Kråkeboka, 1981
  • S. Hagemann: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • K. Eide og S. Kjelling: Norsk tegneserieindex, Bodø 1985
  • K. A. Brandal: “Nils og Blåmann. Historikk”, på NoTem Forlags Internett-sider, 2002 (http://www.notem.no/nils/historie.html)