Forfattar. Foreldre: Bakar Sigurd Moe (1912–68) og Brita Talette Amanda Hardeland (1911–91). Gift 1963 med Wenche Doreen Høiberg (17.1.1944–), dotter av murar Ludvik Høiberg (1908–99) og Edle Hedvig Alviniussen (1912–2002), ekteskapet oppløyst 1991.

Ingvar Moe var ein særmerkt og populær forfattar. Han skreiv bøker i mange sjangrar for born, ungdom og vaksne og markerte seg særleg gjennom dikt, noveller og radiokåseri. Både i skrift og i tale stod han fram med ei pågåande og opposisjonell stemme, som gjorde sitt nærvær gjeldande med lidenskapleg engasjement.

Moe voks opp i jordbruksbygda Etne i Sunnhordland. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1959 og arbeidde som lærar 1960–80, blant anna i Nøtterøy og Nodeland. 1975 debuterte han med diktboka løktastolpefrø. Boka blei godt motteken av både lesarar og kritikarar, og forfattaren fekk Tarjei Vesaas' debutantpris av Den norske Forfatterforening. Året etter kom novellesamlinga Sommaren te Ingjeberr og 1977 diktboka Fløttjevels bok. Med desse tre bøkene skapte Ingvar Moe seg ein tydeleg posisjon i norsk litteratur, og han blei ein av dei forfattarane mange lytta til. Denne posisjonen hadde å gjera med tematikken så vel som det litterære uttrykket og den måten han framstilte seg på i det offentlege rommet.

1970-åra var ei tid med veksande lokalsamfunnssjåvinisme i Norge, og ein opplevde ei oppvurdering av bygda i høve til byen. I denne konteksten gjekk Ingvar Moe inn og kalla fram eit bygdesamfunn, nærare bestemt si eiga barndomsbygd Etne, i skarpe og levande bilde. Dei to fyrste bøkene hans kan lesast som eit oppgjer med det han sjølv kallar “trygge og mørke bygder i oss” – det smålege og livsfiendslege som etablerer ein mellommenneskeleg terrorbalanse og hindrar den enkelte i å tru på krafta i seg sjølv og venda seg ope og ærleg til andre. Men samtidig som bøkene er uttrykk for eit oppgjer, viser dei også klart forfattarens kjærleik til bygda og framhevar dei skapande kreftene, det ukuelege i viljen til vanlege folk. Dette blir seinare utdjupa i diktboka Himabrent og i den sterke oppvekstromanen Rundt sjøen.

Dei fyrste bøkene til Ingvar Moe er skrivne på dialekt, og dei seinare er ofte skrivne på eit normalmål som nippar i dialekten. Dette forsterkar oppgjerstematikken og gjer at analysane hans av bygdementaliteten verkar meir autentiske, samtidig som tekstane demonstrerer den poetiske styrken i heimemålet når ein berre vågar å ta ordet og syngja ut. Det er særleg dikta hans som er nyskapande. Dei minner om munnlege sjangrar som replikk, monolog, anekdote, skriftemål, tale, ordtak og song. Vidare tar han i bruk ironi, sarkasme, patos og andektig tale, ofte i ei blanding som utfordrar lesaren – som om han var deltakar i ein reell samtale. Formelt har forfattaren som utgangspunkt at modernismen er etablert, liksom han har eit medvite forhold til eldre tradisjonar, men han er fri i høve til nyare retningar og litterære grupperingar.

Om Ingvar Moes dikt står nær noko, er det folkediktinga: Han hentar energi til tekstane sine i det daglege snakket blant vanlege folk og kan i dette samanliknast med andre populære forfattarar som Jakob Sande og Alf Prøysen. Ingvar Moe hadde eit stort behov for å nå fram til folk med diktinga si, og han hadde ei sjeldan evne til det. Han arbeidde i mange sjangrar og vende seg til ulike målgrupper. Såleis skreiv han – i tillegg til dikt – noveller og romanar, barne- og ungdomsbøker, lærebøker for grunnskulen, tekstar for revy og teater, kåseri og popsongar, og dei siste åra tok han i bruk lokalhistorisk stoff i eit forsøk på å laga populærlitteratur gjennom trilogien om Hordlandsfolket: Forbanninga, Kvinner mellom mørke fjell og Ulveslåtten. Han var også mykje brukt som omsetjar, blant anna av popsongar og ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker. Han var ein stor opplesar og var ein av dei beste og mest folkekjære morgonkåsørane i radioen.

    Diktbøker

  • løktastolpefrø, 1975
  • Fløttjevels bok, 1977
  • Himabrent, 1979
  • Barre litt, altså. Rime-lige dikt og songar, 1989
  • Dikt i samling, 1995
  • Ord om ord. Etterlatne dikt, 1996

    Novellesamlingar

  • Sommaren te Ingjeberr. Bygdaprosa, 1976
  • Nakne, utan klede. Ni forteljingar, 1982

    Romanar

  • Rundt sjøen. Bilete frå ein barndomsstad, 1986
  • Forbanninga. Historisk spenningsroman, 1988
  • Kvinner mellom mørke fjell. Historisk spenningsroman, 1990
  • “Minnenes melodi”. Ei bygdehore fortel, 1991
  • Ulveslåtten. Historisk spenningsroman, 1992

    Barnebøker

  • Dei må ikkje skyta Garm, 1979
  • Garm blir borte, 1981
  • Heia oldemor! Ei heilt vill forteljing, 1984
  • Oldemor rock! Ei nokså vill forteljing, 1985
  • Oldemor og skurken, Ei endå villare forteljing, 1989
  • Oldemor gifter seg. Ei heilt vill bryllaupsbok, 1993

    Ungdomsbøker

  • Ingenting å vera redd for, 1978, 1989
  • Det brenn..., 1980
  • Tre døgn i uvisse, 1983
  • SYNTAX ERROR. Ungdomsroman, 1986
  • Farleg ferd mot mørkret 1. Landet bak fosseveggen, 1991
  • Farleg ferd mot mørkret 2. Gjennom dei mørke landa, 1992

    Kåserisamlingar

  • Kjære kyrkjefolk. Kåseri i hytt og vêr, 1981
  • Frå oppvaskkummen, 1983
  • Nå skine det øve! Stubbar og folkaliv, 1988
  • P. O. Kaldestad: “Det kjeme te gro”, i I. Moe: Dikt i samling, 1995
  • E. Økland: forord i I. Moe: Ord om ord, 1996
  • Ø. Rottem i NLH/Beyer, 4. utg., bd. 3, 1996, s. 153–156