Faktaboks

Ingebrigt Vik
Fødd
8. mars 1867, Øystese i Kvam, Hordaland
Død
23. mars 1927, Øystese, gravlagt der
Verke
Bilethoggar
Familie
Foreldre: Møbelsnikkar Hans Gunnarson Tveit (1832–1901) og Ingebjørg Torgeirsdotter Vik (1841–1902). Ugift.

Ingebrigt Vik var ein av dei fremste norske bilethoggarane i første del av 1900-talet. Han skildrar den nakne menneskekroppen i eit mjukt og varleg rytmisk linjespel der kvar detalj er presist formulert og utgjer ein gjennomført samla heilskap av stillferdig ro med undertonar av melankoli.

Etter eit par års læretid i Bergen, m.a. i Hans Johannessens verkstad, kom Vik 1884 til København. Der fekk han ei grunnsolid praktisk utdanning i modellering, marmorhogging, tre- og elfenbeinsskurd ved H. C. Petersens verkstad. I fire semester fylgde han kveldsundervisninga på kunstakademiet. Med fin kritikk for framifrå utført elfenbeinsskurd slo han seg ned i Bergen 1892. Saman med ein kompanjong etablerte han fabrikk for gipsdekor til bygningsfaget, ei blømande forretning i åra som fylgde. Samtidig dreiv Vik eigen treskjerarverkstad og leverte m.a. dekorativt inventar til Chr. Michelsens villa Gamlehaugen 1901. Påverka av den belgiske bilethoggaren Constantin Meuniers arbeid på verdsutstillinga i Paris 1900 modellerte Vik statuetten Arbeidaren, og kritikaren Koren Wiberg slo fast at Vik var “Billedhugger og intet andet”.

Vik selde no sin part i fabrikken i Bergen og etablerte seg i Paris 1902 med eige atelier. Sjølvstudium i Louvre gav rikare utbyte enn den kortvarige studietida hos Jean Injalbert. Vik utførte no fleire av sine best kjende verk – Sitjande jente, Gamal kone i fleire utgåver og Ståande jente. I eit brev skreiv kunstnaren at det var “livets vår og livets høst” han ville skildra og då særleg våren. Gruppa Ung mor og bysten av Bjørnstjerne Bjørnson er arbeid frå denne perioden. I det intime formatet er statuetten Jente flettar håret monumental i form og karakter og viser kunstnaren på si høgd.

1909 vart Vik tilrådd og innstilt som professor i skulptur ved Statens kunstakademi, men regjeringa valde Gunnar Utsond. Året etter slo Vik seg ned i Kristiania Med den kjenslevâre portrettstatuen av Niels Henrik Abel vann han 1. pris i tevlinga om eit monument over den store matematikaren, men komiteen valde den symbolske gruppa til Gustav Vigeland. Først 60 år seinare vart Viks sitjande Abel reist på Blindern. I Camilla Collett-konkurransen vann han 1. pris med eit utkast der figur og sokkel var tenkt hoggen i éin stein. Også dette oppdraget glapp. I tevlinga om statue over Svend Foyn til Tønsberg leverte Vik eit friskt portrett av kvalharpunens oppfinnar; her prioriterte juryen eit klårt svakare utkast.

Størst motbør fekk Vik likevel med Eidsvollsmonumentet, der han vann 1. pris, men etter ein fleirårig komplisert prosess måtte gje tapt. Nederlaget vart ein personleg tragedie og gjekk sterkt inn på han. Med statuen Ynglingen (1913) reiste han seg att med eit meisterleg arbeid, straks innkjøpt av Nasjonalgalleriet og til Bergen. Utgangspunktet er den greske atleten, her tilført ei fortetta melankolsk stemning. Sjølv vurderte Vik dette som sitt beste verk.

Edvard Grieg, avduka i Byparken i Bergen 1917, vart Viks einaste offentleg reiste portrettstatue. Etter dette fekk han ferdig berre eitt større arbeid, marmorbysta av filosofen Niels Treschow til Universitetets aula, eit vellukka døme på levande form i streng klassisk stil.

Ingebrigt Vik vart sjuk og invalidisert før 50 års alder. I sine siste ti leveår budde han i Øystese. Han testamenterte sine kunstverk til heimbygda, som 1934 reiste eigen bygning for samlinga, no i Kvam kommune si eige. Museet viser det aller meste av hans produksjon frå dei ca. 15 år han var aktiv biletkunstnar og skapte nokre av hovudverka i norsk skulptur. Han er òg representert i m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen Kunstmuseum, skulpturparken ved herregarden Rottneros i Sverige og kunstmuseet i Budapest.

Verker

    Eit utval

  • Arbeidaren (bronse), 1901, BKM
  • Niels Henrik Abel (bronse, heilfigur), 1903, UiO (reist 1963)
  • Gamal kone (bronse), 1904, NG
  • Camilla Collett (heilfigur), 1905 (ikkje utført)
  • Sitjande jente (marmor), 1905, Kunstmuseet i Budapest (1908, NG)
  • Ståande jente (marmor), 1908/09, NG (bronse, s.å., Ingebrigt Vik Museet (IVM), Øystese)
  • Bjørnstjerne Bjørnson (bronse, byste), 1909, IVM
  • Jente flettar håret (bronse), 1909, IVM
  • Ung mor (bronse), 1910, IVM
  • Eidsvollsmonument (utkast bronse), 1911 (ikkje utført)
  • Ynglingen (bronse), 1913, NG og Teaterparken, Bergen
  • Svend Foyn (utkast bronse), 1913, IVM
  • Edvard Grieg (bronse, portrettstatue), 1917, Byparken, Bergen
  • Niels Treschow (byste, marmor), 1922, UiO

Kilder og litteratur

  • B. Moflag: Ingebrigt Vik, Øystese 1948
  • R. Revold i Norges billedkunst, bd. 2, 1953, s. 398–403
  • I. Skram: Billedhugger Ingebrigt Vik, utrykt mag.avh. UiO, 1954
  • A. Brenna: Billedhuggeren Ingebrigt Vik, Bergen 1967
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 18, 1977
  • d.s.: biografi i NKL, bd. 4, 1986
  • R. Storaas: Poesi i stein og bronse. Bilethoggaren Ingebrigt Vik, Bergen 1994
  • N. Messel: Viks vals, i d.s.: Ingebrikt Vik, utstillingskatalog Vigeland–museet, 1999

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Blyantteikning Sjølvportrett, u.å.; NG
  • Blyantteikning Sjølvportrett, u.å. (tapt); attgjeve i Brenna 1967 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 158
  • Teikning av Per Krohg, 1908; attgjeve i VG 14.9.1908 og i C. Krohg: Kampen for tilværelsen, 1954, s. 197