Forfattar. Foreldre: Gardbrukar og landhandlar Andres Olsen Bøe (Mælandsmo) (1849–1931) og Ingeborg Torgrimsdotter Hovdejord (1858–1949). Ugift.

Ingebjørg Mælandsmo var lærar og forfattar og skreiv romanar om m.a. kristendom, makt og ære, ofte i ei historisk ramme med folkloristiske innslag. Mest kjent er ho for å ha retta opp minnet om folkeminnesamlaren Olea Crøger.

Mælandsmo voks opp på garden Hovdejord i Heddal som nest yngst av 12 sysken. Det var ein open heim med impulsar frå aviser, bøker og omreisande predikantar. Vinteren 1915/16 gjekk ho på Sagavoll kristelege ungdomsskule, og 1919 tok ho eksamen ved Notodden lærarskule. Etter lærarskulen tok ho middelskuleeksamen – mest for å lære meir språk.

Ingebjørg Mælandsmo hadde fleire lærarjobbar, m.a. på Viken kristelege ungdomsskule ved Gjøvik og Dovre folkehøgskule, før ho 1928 kom til den frilynde folkehøgskulen Romerike fylkesskule på Jessheim, der ho var fram til 1960. Då flytte ho heim til Heddal og blei forfattar på heiltid.

Mælandsmo debuterte 1923 med romanen Malmar i eld, men to år før det gav ho ut Jord. Lite spel for skular og lag under pseudonymet Inga Bjørge. Debutromanen vart til ein trilogi saman med På Malm og Waldemar, der temaet var ættekjensla, men òg konflikten mellom kyrkja og legkristendomen.

Folkloristiske motiv står sentralt i dei neste to romanane: Ola Lensmann og Den synske. Forteljinga er bygd på segner og historiske hendingar kring heimegarden til forfattaren, der Ola Lensmann (Tinnemannen) budde på 1700-talet. Ho fekk ros for miljøskildringane i fyrste boka, men oppfølgjaren var kunstnarleg noko veikare. Likevel er bøkene omtalte som dei ypparste i forfattarskapen. Slektningar av Tinnemannen har reagert negativt på den noko skurkaktige framstillinga av lensmannen.

1939 vann Mælandsmo ei nordisk tevling om beste roman med kristent grunnsyn med boka Og flommen kom. Mange kritikarar var kritiske til dette og meinte at “kristne bøker” mangla kunstnarleg kvalitet. Johan Borgen i Dagbladet var mellom dei hardaste kritikarane av denne tevlinga. Etter dette var det fleire kjende bokmeldarar som boikotta bøkene hennar. Sjølv meinte ho at ho stilte same krav til ein “kristen” roman som til andre romanar. Som grundtvigianar vart ho heller ikkje godteken i alle kristne krinsar.

Denne og dei to neste bøkene skreiv Mælandsmo på radikalt bokmål sidan ho hadde sympati for samnorsk. Sidan samnorsk ikkje vann fram, og sidan ho skreiv betre på nynorsk med telemarkklang, gjekk ho attende til nynorsk.

Kring 1950 starta ho arbeidet med romanane om Olea Crøger – prestedottera frå Heddal som samla folkeviser, men opplevde at M. B. Landstad fekk æra for dette. Det vart ei livsoppgåve for Mælandsmo å rette opp denne uretten, og det gjorde ho med Søndinn, Hr. Crøger til Hitterdal, Mogning i september, Blomar i oktober og Haust i november.

I desse bøkene, som kom i åra 1958–70, skildrar ho bygdelivet i Heddal på 1600- og 1700-talet med stolte bønder og vanekristendom i kontrast til dei meir pietistiske “lesarane”. Her blir også far til Olea skildra som opplysningsmann med nye idear om jorddyrking – noko som òg møtte motstand. Dei tre siste bøkene er om Olea, folkeviseinnsamlinga og korleis det var å vera ugift kvinne i eit mannssamfunn. Bøkene vart godt mottekne av kritikarane, men somme reagerte på at det var vanskeleg å skilje dikting frå fakta, og dei mange personane i bøkene gjorde lesinga tung.

Kvinnene dominerer som hovudpersonar i bøkene hennar. Men Ingebjørg Mælandsmo meinte sjølv at ho ikkje dreiv kvinnesak når ho viser korleis Olea Crøger måtte kjempe for å bli sosialt akseptert som ugift kvinne.

1977 var Ingebjørg Mælandsmo den fyrste som fekk Telemark fylkes kulturpris. Denne heideren sette ho høgt. Ved hundreårsmarkeringa 1998 vart det avduka eit relieff av henne, plassert på fjellveggen opp mot bygdetunet i Heddal.

  • Jord. Lite spel for skular og lag (pseud. Inga Bjørge), 1921
  • Malmar i eld, 1923
  • På Malm, 1925
  • Waldemar, 1927
  • Ola Lensmann, 1931
  • Den synske, 1933
  • Nittan år, 1937
  • Og flommen kom, 1939
  • Kjellaug Malm og de to prestene, 1940
  • Jeg bare tror. Minneblad 1940–1945, dikt, 1945
  • Den tidlege våren, 1945
  • Natta til den 19de august, 1947
  • Søndinn, 1958
  • Hr. Crøger til Hitterdal, 1964
  • Mogning i september, 1966
  • Blomar i oktober, 1968
  • Haust i november, 1970
  • Andres og Elline, 1975
  • Du skal teia still, 1977
  • R. Thesen: Diktaren og bygda,bd. 2, 1955, s. 155–160
  • K. Hauge: “Utsyn over Ingebjørg Mælandsmos dikting. Ved 70-årsdagen 21.7.1968”, i Gula Tidend,1968
  • G. H. Gvåle: “Ingebjørg Mælandsmo og jomfru Crøger”, i SogSnr. 8/1973, s. 482–495
  • G. S. Lindbekk: Eit utsyn over Ingebjørg Mælandsmos forfatterskap,1978
  • d.s.: “Romanforfattar mellom to stolar?” i NLÅ1981, s. 76–87
  • O. Fyllingsnes: “Ingebjørg Mælandsmo. Mellom to stolar”, i Dag og Tid16.4.1998
  • G. J. M. Flåta: Ingebjørg Mælandsmo,(brosjyre), Notodden 1998
  • d.s.: Ingebjørg Mælandsmo 1898–1981. Eit minneskrift,Notodden 2001

    Kunstnarlege portrett

  • Relieff av Ingrid Lene Langedokk, 1998; Heddal, Notodden