Lege og forfattar. Foreldre: Forlagsbokhandlar Olav Larsson Handagard (1842–1913) og Ingeleiv Eiriksdotter Flatset (1829–1913). Gift 23.12.1905 med Sara Thingulstad (10.1.1879–1958), dotter til bankfullmektig Olaf Thingulstad (1845–1908) og Johanne Christiane Tollevsdotter Nærbøl (1844–1925).

Idar Handagard var lege og forfattar, men interessene hans var vidfemnande, og han engasjerte seg på mange område i samfunnsdebatten ved sida av at han var diktar. Lyrikken hans går frå kjærleiksdikt til salmar. Han gav ut lærebøker som spenner frå helselære til verselære, og småskrifter med tema frå Welhaven og Vinje til grønlandssak, fråhaldssak og målsak.

Handagard var fødd i Kristiansund og voks opp der og i Bergen, der han tok examen artium 1893. Far hans var forleggjar og bokhandlar, og i unge år las han bøkene som faren fekk frå Det Norske Samlaget. Spesielt vart han påverka av skriftene til Vinje og Sivle. Det var diktar og vitskapsmann han ville bli. Han byrja studere medisin, men han la seg òg etter naturfag, især botanikk, og interesserte seg mest for algar. 1907 fekk han Kongens gullmedalje for ei utgreiing om norske plantenamn, og han hadde i nokre år statsstipend for å arbeide vidare med dette. Samstundes studerte han norrønt og nordisk mål og germansk dikting. Han vart cand.med. 1905.

Handagard ville følgje alle vegar som fører fram til kunnskap om menneska og den plassen vi har i den store natursamanhengen. I dikt og utgreiingar legg han ansvar på folket for liv og lagnad nå og i framtida. Derfor var han sterkt med i alt byggande samfunnsarbeid, og gjekk ofte i strid for sine saker og sitt syn, i avisartiklar, småskrifter og bøker. Han gav ut over eit halvt hundre bøker, mange på nynorsk, somme på bokmål, og nokre på begge mål.

Av diktinga til Handagard er berre ei bok på prosa, novellesamlinga Det small ut ei fonn frå 1952. Resten er vers i mange og store samlingar, m.a. Under blaat flag, Livsens leik, Isgang, Folkekrav, Turrmanns visor, Tri norrøne folk, Granskaren og Sekstan diktarar (omsettingar).

Handagard praktiserte ikkje som lege, men skreiv mykje om helselære og matstell i blad og tidsskrift, og han gav også ut nokre småskrifter og bøker om dette emnet. Mannalikamen og helsa (1907) var eit nybrottsarbeid i innhald, men enda meir i språket, med gamle og nylaga norske fagord som i stor grad har slått gjennom. Det same gjeld Norsk helselæra. Liknande bøker var Doktarboki, Saftboki og Vanlege sjukdomar.

Ei anna type fagbøker var Norsk Verselæra og Rytme og rim, likeins ei rekkje med store og små utgreiingar frå litteraturhistoria, som Aasmund Vinje i Staale-diktet (1909) og Ivar Aasen (1946), og bøker om Wergeland og Welhaven. Han arbeidde ivrig for fråhaldssaka gjennom organisasjonane, i eiga dikting og gjennom utgjeving av andres tekster. Såleis gav han ut ei rekke bøker om fråhaldsarbeid og folk som hadde gått i spissen for dette, som t.d. Wergeland og Welhaven og deres stilling til samtidens ædruelighedsarbeide (1915). Etter 1920 engasjerte han seg mykje i striden for Grønland og skreiv artiklar og fleire bøker som innlegg i denne debatten, som Grønland og Norge, og Danmarks urett og Noregs rett til Grønland og fleire.

Målreisingsarbeidet var viktig for Handagard, og ved sida av sjølv å dikte på nynorsk, omsette han også fleire utanlandske diktarar til nynorsk, som Shakespeare, J. F. Cooper, H. W. Longfellow og andre. Han reindyrka nynorsk til medisinsk og anna vitskapeleg bruk. Han var med og stifta Studentmållaget, og 1910 stifta han Norskt Bokmannslag, som hadde som mål å arbeide for nynorsk litteratur og hjelpe forfattarane til betre vilkår, og han var formann her i fleire år.

Saman med kona si starta Handagard Norsk Bokhandel, som gav ut dei fleste bøkene hans dei seinare åra. Frå 1932 hadde han statsstipend til vitskapeleg arbeid. Frå 1937 redigerte han og gav ut Bokmannen, tidsskrift for diktekunst og opplysning. Han var også styremedlem i Norsk Måldyrkingslag, der han stod for årsskriftet Fram då frendar.

Handagard reiste mykje rundt i Noreg, mest til fots, og han gjekk mykje i fjellet. Han sa om seg sjølv at “eg kjenner ingen annan norsk bokmann umfram Vinje som hev reist so mykje i sitt eige land”, og han la til: “– aa fara aaleine i fjellet det gjev sjølvtillit, millom menneskjorne og.”

  • Fullstendig oversikt over Handagard sine verk finst i S. Handagard: Idar Handagard. Bibliografi 1893–1956, 1988

    Skjønnlitteratur (eit utval)

  • Under blaat flag. Sange og tendens-digte, 1900 (ny utg. Under blått flagg, 1951)
  • Sange sub rosa, 1902 (ny utg. 1909)
  • Turrmanns visor og andre vers, 1905 (ny utg. 1921)
  • Livsens leik, 1908
  • I Her-òta, 1909
  • Isgang, 1916
  • Sed og samnøyte, 1918
  • Folkekrav, 1919
  • Vaarskog, 1922
  • Norsk leid, 1923
  • Braud og druvor, 1924
  • Tri norrøne folk, 1932
  • Nye songar og nye salmor, 1938
  • Granskaren, 1948
  • Sekstan diktarar, omsettingar, 1948
  • Det small ut ei fonn, 1952

    Faglitteratur (eit utval)

  • Mannalikamen og helsa, 1907
  • Aasmund Vinje i Staale-diktet, 1909
  • Norsk helselæra, Bergen 1912
  • Doktarboki, 1913 (riksmålsutg. Dokterbogen, Bergen 1914)
  • Saftbogen, Trondheim 1912 (utvida nynorsk utg. Saftboki, 1915)
  • Wergeland og Welhaven og deres stilling til samtidens ædruelighedsarbeide, 1915
  • Frugt og saft, Bergen 1916 (nynorsk utg. 1917)
  • Grønland og Norge, 1922
  • Almindelige sygdomme, 1924 (nynorsk utg. Vanlege sjukdomar, 1925)
  • Johan Welhaven. Liv og digtning – ethisk livssyn og praktisk reform-arbeide, 2. utg., 1926
  • Danmarks urett og Noregs rett til Grønland, 1932
  • Norsk verslæra, 1932 (2. utg. 1942)
  • Rytme og rim, 1944
  • Ivar Aasen, 1946
  • Stud. 1893, 1918, 1933, 1943
  • HEH 1955
  • L. Hørven: Idar Handagard, 1924
  • A. Joleik: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • O. Bakken og O. Sundet: Idar Handagard. Mannen og livsverket hans, 1944
  • biografi i Norsk allkunnebok, bd. 5, 1953
  • biografi i NL, bd. 2, 1996

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning (skulderbilete) av Olav Rusti, 1908; p.e