Rosemålar og omgangsskolelærar. Foreldre: Embrik Larsson Sata (ca. 1719–1759) og Birgit Herbrandsdotter Skrindo (f. 1727). Gift 1786 med Anne Samuelsdotter Bæra (1755 (døypt 19.1.)–27.5.1844), dotter til Samuel Endreson Bæra. Far til Nils Bæra (1785–1873) og Embrik Bæra (1788–1886).

Herbrand Sata er eit av dei store namn i norsk folkekunst. Den dekorative målinga hans er prega av frodig fantasi og rik variasjon i stil og teknikk. Element frå dei europeiske stilepokane er byggematerialet, men alt er sett med hans augo og forma av hans kunstnarklo. Dette smeltar etter kvart saman til det vi kan kalle hallingstil.

Kven Sata lærde målaryrket av, er uklart, men mykje tyder på at han var i nær kontakt med byhandverket, t.d. på Kongsberg, i Drammen eller i Christiania. Alt i dei tidlege arbeida frå slutten av 1770-åra til om lag 1790 viser han god kunnskap om tekniske finesser og fargevalørar, like eins kjennskap til rokokkostilen som framleis var tidsaktuell her i landet. Han forstod stilen fullt ut og meistra han med stor variasjon, både på brudekistene og i interiørdekoren.

Dei mange kistene viser best hans kunstnarlege og stilistiske utvikling frå tiår til tiår. Framover mot hundreårsskiftet er rokokkoen mest reindyrka, med skjell og asymmetriske kartusjar kring eit midtmotiv. Ofte er det innslag av halvt naturalistiske blomar. Stundom er det i midten eit kineseri med stiliserte tre, kyrkjer og byhus, stundom eit figur- eller dyremotiv, heraldisk løve, einhyrning eller ryttar.

Etter kvart må rokokkoen vike plass for eldre stilformer frå barokkens ranke- og blomeflora. Akantusen slepp ofte til, men det er blomane som dominerer, store og små, vidopne fantasiblomar, tredelte tulipanar sett i profil og sterkt stiliserte torneroser. Dei utveksande svarte lauv- og bladformer som levde vidare i hallingmålinga, er også ein arv frå blomebarokken.

Rokokkokartusjar finst på kister og skåp også etter 1800, men snart blir komposisjonen ordna symmetrisk og får preg av Louis-seize. Girlander, draperifestongar og blomeurner høyrer med i motivtilfanget. På kistefronten blir dekoren bygd opp kring ein vertikal akse, medan loket får eit krossymmetrisk motiv.

Sata var uhyre produktiv og prøvde stadig nye vegar i form og teknikk. Stilen stivnar aldri i manér. Kring 1805 tok han i bruk ein prikkteknikk som han er åleine om i rosemålarkunsten. Først stryk han opp dei store blomeformene i tunn, raud eller blå farge. I denne rå underfargen fyller han kronblada med små, kvite målingsklattar i sirlege rader, tett i tett. Denne “pointillismen”, som gjev ein fascinerande effekt, må ha vore tidkrevande. På ei kiste i Torpo frå 1806 er det godt over 2000 slike fargeklattar, og alle er komne på rett plass. Småblomane kan derimot vera svært enkelt forma, t.d. med fingertupper duppa i farge. Elles er ranker og blomedekor måla i kontrastfargar, ofte med fyldige, flytande penselstrøk, mest utan bruk av konturar.

Det allsidige målartalentet kjem ikkje minst til syne i interiørdekoren. I tillegg til rocailler, ranker og blomeornament på vegger og tak brukar han fantasifull marmorering av mange slag, helst i blått og kvitt. Dessutan ymse former for lasur, så som krillmåling (“masemåling”) i blått eller grønt på kvit botn. Kalligrafi i visdomsord, bibelord og salmevers høyrer alltid med, og framfor alt bildemotiv, både bibelske og profane, gjerne side om side. Motivet kan vera fri fantasi, t.d. husbondsfolket i staselege klær, men som regel har han illustrerte bøker og skillingtrykk til hjelp. Her er eksotiske dyr som løve, kamel og elefant, eller symbolske fantasivesen som einhyrning, drake og havhest. Bibelske personar opptrer ofte i rokokkodrakt. Samson sønderriver Løven kledd i sid trøye, knebukse og hatt, og Absalon, i raud, dansk-norsk kavaleriuniform, heng etter håret i eit tre medan hesten hans ser seg attende (Veslegard). Vi møter òg ei lang rekkje kongelege portrett, kjende adelsmenn og militære til hest. Karl XII af Sverige og Peter den store af Russland rir mot kvarandre på kvite gangarar.

Som rosemålarar flest var det i ornamentikken Sata hadde sin styrke. Men dei naivistiske figurane eig både sjarm og uttrykk, og i samtida opna dei døra på glytt til ei forunderleg verd, utanfor bygda og kvardagen.

Første tida budde familien i Sataøyen. Kring 1800 flytte dei til Bæra, som foreldra til Anne før hadde bygsla. Som bygselsmann der og frå 1796 som skolemeister i heimbygda Sando streva Sata trutt, men målinga var nok det viktigaste levebrødet for huslyden. Dei fremste elevane hans var sønene Nils og Embrik Bæra, Torkjell Gåsterud og Sevat B. Oppheim.

Sata hadde oppdrag nær sagt over heile Hallingdal. Rester av umiskjenneleg Sata-dekor på tiler frå Torpo og Ål stavkyrkjer viser at han òg var innom kyrkjekunsten. Diverre er mange av interiøra hans gått tapt. Sata er representert på Norsk Folkemuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo, Historisk museum i Bergen, Drammen Museum, Hallingdal Folkemuseum, Ål bygdemuseum og i Vesterheim Museum i Decorah, Iowa, USA.

    Bevarte interiør

  • Veslegard i Ål, ca. 1790
  • Medhus i Hol, 1794
  • Holtoloftet frå Kvinnegardslia, 1790-åra, no på Ål bygdemuseum
  • Finnesgard i Gol, 1796
  • Søre Toen i Nes, etter 1810
  • R. Asker: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • N. Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal, 1978
  • d.s.: biografi i NKL, bd. 3, 1986