Journalist, kringkastingsmann og forfattar. Foreldre: Lærar Sigvard Sørebø (1902–74) og Lovisa Eiken (1911–96). Gift 29.6.1957 med gardbrukar Mari Stefferud (21.3.1933–), dotter til gardbrukar Lars Stefferud (1893–1970) og Ruth Fagernes (1902–88).

Herbjørn Sørebø var ein populær NRK-reporter med årelangt ansvar for storting og styringsverk. Då han innførte kåseriet i Laurdagsrevyen i slutten av 1980-åra – og litt landsfaderleg sette eit fragmentert nyheitsbilete i perspektiv – skulle han oppleva å bli ein folkekjær journalist trass i Sunnfjord-dialekten, som i starten var årsak til mange klager frå lydarar i hovudstaden.

Etter examen artium på Firda Landsgymnas, der Herbjørn Sørebø var russepresident, sette han kursen for Oslo. Her vart han snart engasjert som redaksjonssekretær i Norsk barneblad, og 1955–56 gjorde han unna Journalistakademiet. Den politiske journalistikken lærte han i Vårt Land. Der arbeidde han i 8 år, til han 1964 tok steget inn i NRK. Han var eit framifrå døme på ein gåverik landsens gut som flyttar til byen og grip dei sjansane byen gir. Samstundes bar han alltid med seg dei motkulturelle røtene han var runnen av, målsak, venstresak og folkeopplysning.

Institusjonen på Marienlyst skulle bli hans viktigaste arbeidsplass. Han tok til i Stortinget, først for radioen, seinare for fjernsynet, og følgde dei dramatiske regjeringsskifta i 1960-åra, då John Lyng og Per Borten gjorde ende på Gerhardsen-epoken i norsk politikk. Han rapporterte frå Brattelis EU-nederlag 1972, og skreiv bok om det. Seint og tidleg var han til stades i stortingsbygningen, og kvar gong det var valkamp var det Sørebø som – saman med parhesten Lars-Jacob Krogh – stod for utspørjinga av partileiarane. På denne tida såg heile folket på same fjernsynskanalen, og Sørebø og dei andre markante fjernsynsreportarane vart kjendisar på eit nivå som vi knapt har sett maken til seinare.

Sørebø levde med journalistikken, og fritid var knapt ein del av vokabularet. Heile poenget var å vera til stades når det skjedde. Han hadde innsikt i politiske prosessar og visste å stilla politikarane vanskelege spørsmål. I hans tid i NRK Fjernsynet vart den politiske journalistikken meir kritisk og pågåande. Men han heldt seg alltid innanfor dei rammene som galdt, og han var grunnleggjande lojal mot den institusjonen han tente i over 30 år. 1972 vart han leiar for den innanrikspolitiske avdelinga i Fjernsynet. Frå 1988 og i to år framover sat Herbjørn Sørebø som sjef for NRK-Dagsrevyen.

Han hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet. Jamvel om kveldane på Tostrupkjelleren kunne bli seine – det var der journalistar og politikarar møttest – så var han oppe i otta og kunne ha skrive både dikt og essays før han tok morgontoget frå Strømmen til Oslo. Han leverte i ei årrekkje si faste spalte til vekeavisa Dag og Tid, der han var styreformann 1966–67. I Nynorsk Pressekontor sat han som styreformann 1975–85, og han var rådsformann i Norsk Barneblad frå 1991.

Fjernsynsreporteren Sørebø var eit skrivande menneske. Alt som liten fekk han møta sambygdingen Jakob Sande, og hangen til å skriva dikt og viser følgde han heile livet. Men han klaga over at han sleit med å frigjera seg frå verseføtene til venen Jakob. Likevel – han prøvde, og somme av diktbøkene ber preg av denne frigjeringsprosessen. Andre gonger heldt han seg trygt innanfor den norske visetradisjon, og mange av visene hans er tonsette og framførte av venen Ivar Medaas. Elles skreiv han reportasjebøker, morobøker, kriminalromanar, noveller og biografiar – i alt drygt 40 bøker. Tittelen på diktsamlinga Bønder spelar ikkje tennis er blitt eit munnhell.

Etter tida som sjef i Dagsrevyen fekk han av kringkastingssjef Einar Førde ei fri stilling. Her var det kulturmennesket Herbjørn Sørebø som nokså fritt fekk utfalda seg, og han laga ei rekkje vare portrett av norske og nordiske kulturpersonlegdomar. Like før han døydde vart han – med den næraste familien rundt seg – tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

  • Bibliografi m.a. i Gull og gråstein, 1993, s. 143–144

    Eit utval

  • Bønder spelar ikkje tennis, dikt, 1972
  • Ei natt i september. Med Trygve Bratteli gjennom EF-natta, 1972
  • Alle reiser er ein omveg heim. Bagatellar, 1974
  • Mannen med arret, 1975
  • Norske smil (sm.m. A. Hetland), 1982
  • Det svarte kjøtet. Forteljingar frå ei anna tid, 1982
  • Straffespark i lusekofte. Fjernsynte ord gjennom ein vinter, 1986
  • Viser for vêr og vind, 1986
  • I godstolen. Kåseri for fleire antenner, 1988
  • Tårer og smil i viser og vers, 1989
  • Alltid på ein søndag, kåseri, 1990
  • Gull og gråstein, 1993
  • Fløytelåt. Eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande (sm.m. L. Eikaas), 1996
  • Den som går i genser får ikkje slipset i sausen. Aforismar, 1998
  • Ein storm frå vest. Jakob Sande – veit eg, 2000
  • Medieliv, sjølvbiografi, 2003
  • HEH, 1979 og 1994
  • H. Sørebø: Medieliv, 2003
  • artiklar i BTid. og Dagbl.
  • arkivet i NRK
  • opplysningar frå Mari Sørebø