Skogeigar, industrimann og mesén. Foreldre: Gardbrukar og skogeigar Peder Helgeson Væringsaasen (1805–88) og Inger Olsdotter Hummeldalsbækken (1805–63). Gift 19.8.1870 i Elverum med Berthe Johansdotter Rogstad (12.8.1840–1.8.1908), dotter til gardbrukar Johan Olson Rogstad (1810–85) og Ingeborg Bergersdotter (1814–53).

Helge Væringsaasen var ein velståande skogeigar med eit stort samfunnsengasjement. Han hadde sterke nasjonale og kulturelle interesser og nytta den store formuen sin til velgjerande føremål innafor kunst, kultur, skule- og opplysningsarbeid.

Væringsaasen var av bondeslekt frå Åmot i Østerdalen. Faren Peder hadde starta med to tomme hender og bygde seg opp ein stor formue på skogeigedomar på Austlandet og i Sverige. Han var m.a. med og starta verkstadbedrifta Aadals Brug i Løten og eigde etter kvart halvparten av den. Han kjøpte garden Bekk i Leiret i Elverum, og der voks sonen Helge opp som einebarn. 1850 flytta familien til garden Korsbakken, der Helge seinare vart buande.

Skulegangen fekk Væringsaasen på ein privatskule som vart drive av kaptein Næser i Elverum. Han gjekk også skule i godt vaksen alder: 1864 var han elev i det første kullet på folkehøgskulen Sagatun på Hamar og fekk der vekt interessa for folkeopplysing i beste grundtvigianske ånd.

Væringsaasen likte å kalle seg sjølv bonde, men godseigar var nok ei meir passande nemning. Han arva dei store skogeigedomane som faren hadde erverva. Sonen dreiv eigedomane godt og bygde opp formuen. Han var medeigar i Folldal Gruver og i det store skog- og trelastforetaket Halla Aktiebolag i Finland. Frå 1888 var han òg medeigar i ein norsk cellulose- og papirfabrikk, Klevfos Cellulosefabrik i Løten.

Sjølv levde han nøkternt og spartansk slik at han kunne nytte verdiane sine til ideelle føremål. Han var sterkt prega av dei nasjonalromantiske straumdraga i tida og var interessert i språk og kultur, kunst og historie. Det fekk han til å samle gjenstandar frå Østerdalen og andre stader. Han samla også ord og uttrykk frå østerdalsdialekta som han gav til Ivar Aasen, ein av dei han var god ven med.

Væringsaasen var svært glad i kunst og kjøpte både maleri og skulptur. Men ikkje minst bygde han opp ei gedigen boksamling på over 60 000 band. På Korsbakken let han reise ein stor museumsbygning, Alfarheim, der kunst, bøker og andre gjenstandar fekk plass. 1942 overdrog arvingane heile museumssamlinga på ca. 2500 gjenstandar til Glomdalsmuseet. Kunstsamlinga hans vart utgangspunkt for Elverum kunstgalleri, seinare deponert på Glomdalsmuseet. Også boksamlinga er i dag å finne ved Glomdalsmuseet.

Politisk var Væringsaasen venstremann. Frå 1877 tok han opp att det reine norske flagget utan unionsmerke frå 1821. Nokre år seinare skipa han eit venstrelag for Elverum, og 1884 var han med og stifta Noregs Venstreforeining og vart med i styret under Johan Sverdrups leiing. Han hadde elles ein brei omgangskrets av politikarar som Søren Jaabæk og Ole Anton Qvam og kulturpersonlegdomar som Bjørnstjerne Bjørnson. Forskarar og litteraturinteresserte la han til rette for gjennom boksamlinga si, og han etablerte Alfarheim Bokhandel og Forlag i Elverum; han var m.a. Sven Morens første forleggjar.

Folkeopplysningstanken galdt for Væringsaasen også arbeidarar, og 1868 fekk han oppretta Alfarheim arbeidarsamfunn. Også økonomisk hadde han omtanke for arbeidsfolk, og på Aadals Brug, der han var medeigar, prøvde han på ei ordning som skulle la arbeidarane få del i utbyttet. Men dei andre eigarane var imot, så det vart med prøveordninga. Alt 1868 hadde han stifta Alfarheim Besparelsesforening, den første kooperative butikken i Elverum, og 1876 vart han vald til første formann i Spareforeningenes Samlag i Noreg.

Væringsaasen vart vald til ordførar i Elverum 1893, men bad seg fritatt etter berre halvannan månad. Han ønskte ikkje å sitje i slike framtredande posisjonar og ville heller ikkje stille opp som stortingskandidat. 1896 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

På forretningssida inngjekk han i eit familienettverk med to søskenbarn og tre brør av kona, Berthe Rogstad, som han vart gift med 1870. Paret fekk fem barn. Ei dotter døydde rett etter fødselen. Den einaste sonen, Peer, døydde berre 11 år gammal 1891, og dottera Astrid døydde 30 år gammal 1907. Kona døydde året etterpå. Dei to andre døtrene hadde gifta seg og flytta vekk frå heimplassen, og Væringsaasen følte da at han sat ribba tilbake. Det var noko av bakgrunnen for at han hausten 1908 la ut på ei reise til Palestina med professor Torleiv Hannaas som reisefølgje. Også Sven Moren var ofte med han på reiser innan- og utanlands.

Sommaren 1917 vart Sven Moren og Lars Eskeland kalla til Korsbakken. Etter å ha avhenda eigarinteressene sine i det finske Hallabolaget hadde Væringsaasen skrive eit gåvebrev på ein million kroner til eit fond til minne om sonen Peer. Avkastinga av fondet skulle brukast til oppretting av ein folkehøgskule i Elverum og elles til ulike nasjonale, sosiale, kulturelle og andre ideelle formål. Moren og Eskeland vart innsette som forvaltarar av fondet saman med ein frå Kyrkjedepartementet. Ein månad seinare døydde Væringsaasen. 11 år etter, 1928, stod Elverum folkehøgskule ferdig. Utafor står i dag ei byste av den idealistiske velgjeraren.

  • Oversigts-Kart over Skogmarkens Ødeleggelser i Elverum i Aarene 1812–1816 og 1902, manuskript, 1902, i Gunnerus-biblioteket, UBT
  • HEH 1912
  • T. Hannaas: Helge Væringsaasen, serprent av Bygd og by 1916
  • S. H. Finne-Grønn: Elverum, bd. 1–2, 1921
  • L. Eskeland: Bønder, 1925
  • O. Myre. “Østerdalens merkeligste mann. Bonden, millionæren, idealisten og samleren Helge Væringsaasen”, i Aftenp. 3.10.1936
  • S. Moren: Møte og minne, 1938
  • J. M. Jensen: Norske profiler, Odense 1944
  • Ø. Anker: biografi i NBL1, bd. 18, 1977
  • nettsted: www.museumsnett.no/glomdalsmuseet/html/samlinger/vaeringsaasen.htm
  • Måleri (brystbilete) av Knud Bergslien; p.e
  • Måleri av Eivind Engebretsen; p.e
  • Byste (bronse) av Aksel Hansen, 1909; ved Elverum rådhus