Faktaboks

Harald Skjervold
Fødd
8. mars 1917, Inderøy, Nord-Trøndelag
Død
3. mai 1995, Ås, Akershus
Verke
Landbruksforskar
Familie
Foreldre: Bonde Peter Skjervold (1877–1969) og Nora Selseth (1879–1972). Gift 1943 med Gudrun Vorum (22.7.1918–), dotter til bonde Olaf Vorum (1878–1964) og Marie Vist (1884–1959).

Harald Skjervold er ein av dei få norske landbruksforskarane som har vorte internasjonalt kjende. Tankane hans fekk sterkt gjennomslag i praksis og var ein viktig årsak til den store framgangen i norsk husdyravl i siste halvdel av 1900-talet.

Skjervold voks opp på ein veldriven gard og i eit levande landbruksmiljø. Etter landbruksskole og artiumskurs studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han vart uteksaminert 1943. Etter eksamen fekk han eit stipend for å granska korleis arv og ulike miljøtilhøve verkar inn på mjølkeproduksjonen hos kyr. Deretter studerte han ved Institutionen för husdjursförädling ved Sveriges lantbruksuniversitet eit par år.

1949–54 var Harald Skjervold fylkesagronom i husdyrbruk i Oppland. I denne stillinga fekk han god bruk for den nære kjennskapen han hadde til det praktiske husdyrbruket. Han gjekk til arbeidet med stor entusiasme og fekk i stand mange tiltak som var til stor nytte for husdyrbruket. Studiereiser til USA og fleire europeiske land gav viktige impulsar utafrå. Saman med nokre kolleger og vener grunnla han tidsskriftet Buskap og avdrått, som vart eit viktig forum for nye tankar.

Ei ny stilling som forsøksleiar ved Institutt for husdyravl, Norges Landbrukshøgskole, opna vegen attende til forskinga for Skjervold, og dette vart arbeidsplassen hans resten av livet. 1965 vart han utnemnd til professor og leiar av instituttet. Han gjekk av ved oppnådd aldersgrense 1987, men heldt fram med det vitskaplege arbeidet sitt til kort tid før han døydde.

På Landbrukshøgskolen gjekk Skjervold straks i gang med å byggja opp forsøksverksemda innan faget. Eit forsøk med slakteoksar førte fram til avhandlinga Registrering av kjøttproduksjonsegenskapene hos storfe, og på dette arbeidet vart han dr.agric. 1959. Han sette også i gang avlsforsøk med svin og sau. Parallelt med denne forsøksverksemda arbeidde han med utnytting av data som primært er registrerte for andre føremål enn forsking, m.a. oppgåver frå husdyrkontrollen. Han var mellom dei første som tok elektronisk databehandling i bruk i forskinga.

I slutten av 1960-åra sette Skjervold i gang forskingsarbeid med laks og regnbogeaure. Frå først av var fisken meint å tena som laboratoriedyr, men snart synte det seg at oppal av fisk kunne bli ei viktig næring i seg sjølv. Skjervold tok initiativet til bygging av ein forskingsstasjon for oppdrettsfisk på Sunndalsøra, seinare utvida med ei avdeling på Averøya. Dette førte til etablering av Norsk Institutt for Akvakulturforskning (Akvaforsk), ein institusjon som har vore til stor nytte for utviklinga av denne næringa.

Da det nye faget genteknologi kom inn som ei mogleg hjelperåd i husdyravlen, fanga det straks Skjervolds interesse. Gjennom studiar skaffa han seg raskt eit godt oversyn over kva dette gjekk ut på, og han skreiv ei lærebok i faget. Han var også ein pådrivar for å få genteknologi inn som ein ny disiplin ved Landbrukshøgskolen.

Undervisning og rettleiing av studentar var ein viktig del av Skjervolds arbeid. Han moderniserte undervisninga i husdyravl og utarbeidde nye kompendium for store delar av fagområdet. Ikkje minst var han oppteken av forskarutdanninga i faget. Han tok initiativet til eit nordisk samarbeid om doktorgradskurs og fekk i gang eit program med korte, intensive kurs som blir haldne i dei ulike landa etter tur. Desse kursa fekk også deltakarar frå andre europeiske land og gjorde mykje for å skapa betre kontakt på tvers av landegrensene.

Skjervold var sterkt oppteken av at resultata av forskinga skulle koma til nytte i praksis. Gjennom eit tett samarbeid med husdyravlsorganisasjonane – m.a. avlsorganisasjonen for Norsk Rødt Fe – vart avlsplanar som var utvikla på teoretisk grunnlag, sette ut i livet, og han hadde gleda av å sjå at dei verka. Den store framgangen i norsk husdyravl dei siste 50 åra kan for ein stor del tilskrivast Skjervold og hans innsats som forskar og inspirator.

Harald Skjervold var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1968, Finska Lantbruksakademien, Kungl. Skogs- och Lantbruksakademien i Sverige og Kungl. Vetenskapssocieteten i Uppsala. 1979 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han fekk også Jon Sundbys ærespris 1969, Justus von Liebigs forskarpris 1972, den tyske Herman von Nathusius-medaljen 1986 og ein høg italiensk forskarpris, Det gylne egg (Uovo d'Oro, 1986). 1978 vart han æresdoktor ved universitetet i Göttingen, Tyskland.

Verker

  • Omfattende bibliografi i tilknytning til minnetale i DNVA Årbok 1995

    Eit utval

  • Registrering av kjøttproduksjonsegenskapene hos storfe, dr.avh. NLH, 1959
  • Valg av dyremateriell i kjøttproduksjonen, 1964
  • medforf. Svineavl og fleskeproduksjon (red. A. Ellingsberg), 1965
  • Generell avlslære, 1966–67
  • Husdyravl, 1973
  • Estimering av kroppssammensetningen på levende dyr, Ås 1982
  • Bioteknologi. Mulig anvendelse i framtidig husdyravl, Ås 1983
  • Genteknikk. Arv på en ny måte, 1986
  • Struts som husdyr. En litteraturstudie, Høylandet 1995

Kilder og litteratur

  • HEH, 1979, 1994
  • S. Overskott m.fl. (red.): Teori til praksis. Festskrift til Harald Skjervold, 1987
  • O. Syrstad: minnetale i DNVA Årbok 1995, s. 278–285
  • O. Vangen: kort biografi i Acta Agriculturae Scandinavica, supplement 28, 1998, s. 4–6

Portretter m.m.

  • Måleri av Sylvia Frølich, 1996; NLH, Institutt for husdyrfag, Ås
  • Relieff av Nils Aas, 1996; i parken ved NLH, Ås