Reklameteiknar og illustratør. Foreldre: Ingeniør Olaf Martinius Damsleth (1878–1957) og Katharina Elise Foss (1878–1917). Gift 12.9.1935 med Liselotte Frida Friedemann (18.8.1915–21.5.1995), datter av direktør Paul Friedemann (1878–1963) og Frida Schauer (1879–1933).

Harald Damsleth var ein av dei fremste reklameteiknarane i Noreg i 1930-åra, kjend m.a. for sine stilsikre plakatar og bokomslag. Under den andre verdskrigen teikna han frimerke, emblem, plakatar og anna propagandamateriell for Nasjonal Samling og den tyske okkupasjonsmakta.

Damsleth blei fødd i Tyskland som son av ei tysk kvinne og ein norsk far, men mora døydde tidleg, og guten voks opp i Noreg. Etter examen artium 1925 byrja han på arkitektstudiet ved NTH i Trondheim, men helseproblem som han pådrog seg under praksistida i Frankrike, gjorde at han avbraut studiet. 1929–31 studerte han teikning og illustrasjon under professor H. Bengen ved Städtische Kunstgewerbeschule i Berlin.

Etter ein periode som reklameteiknar i Norge reiste han 1933 til USA for å arbeide og studere der, men kom attende alt året etter. Då hadde han m.a. vitja Chicago og Hollywood, der han m.a. prøveteikna for Walt Disney. Til sitt eige bransjetidsskrift fortalde han at det var planen å dra til USA ein gong til og bli der “tre, fire, maksimum fem år. Så kommer jeg hjem og åpner et eksklusivt lite atelier”. Men 1935 gifte han seg og slo seg ned i Oslo, der han snart etablerte seg som ein ikkje berre markant, men også etterspurd og beundra reklameteiknar. Då han 1939, i samband med eit nytt besøk i USA, fekk tilbod frå Disney om å arbeide for han, takka han nei av omsyn til familien.

I desse åra arbeidde Damsleth både frilans og som tilsett hos reklamebyråa Høydahl Ohme (1931–33) og Myres Annonsebyrå (1935–38). 1939 overtok han det gamle reklamebyrået Herolden saman med barndomsvenen Per Sandberg, og seinare var mykje av hans verksemd knytt til dette.

Damsleth hadde laga framsider til Fedrelandslagets publikasjonar kring 1930 og var medlem av partiet Nasjonal Samling alt frå 1933. Herolden var ein samlingsstad for personar med nasjonalsosialistiske sympatiar, og under Sandbergs administrative og Damsleths kunstnarlege leiing i krigsåra 1940–45 kom byrået til å stå for utforminga av mesteparten av det propagandamateriellet den tyske okkupasjonsmakta og partiet Nasjonal Samling sende ut.

Sidan både dei norske og dei tyske nasjonalsosialistane nytta store ressursar til propaganda, ikkje minst i form av plakatar som blei spreidde til ei mengd offentlege stader, blei Damsleths visuelle stil og uttrykk kjend og hugsa i alle delar av landet. Damsleth gav også form til fleire statlege emblem og logoar under krigen, og med få unntak var dei norske frimerka som kom ut i denne perioden, teikna av han. For det vakne publikum blei hans plakatar eit symbol på så vel nazismen som okkupasjonen. I 1942, då dei nazistiske styresmaktene skipa Kulturtinget, blei Damsleth utvald til å sitje i dette.

Ved krigsoppgjeret etter frigjeringa 1945 blei Damsleth dømd til fem års straffarbeid, men han sona berre to år. Knapt førti år gammal var hans lysande karriere som reklamekunstnar slutt. Likevel fekk han ein del oppdrag i det stille. Ein som hjelpte han, var eigaren av Myres Reklamebyrå. Her fekk Damsleth utføre teiknearbeid, men ikkje nytte sin gamle signatur – bokstaven “d” eller namnet “damsleth”. Mot slutten av 1940-åra hadde han ei rekkje mindre teikneoppdrag for kunstforlaget Børrehaug & Remen. Utover i første halvdel av 1950-åra teikna han ei mengd bokomslag for religiøse forlag og for dei forlaga som gav ut billige spenningsbøker for sal i kiosk. Det hende også at han laga dekorasjonar for vindaugsutstillingar og forretningslokale i Oslo. I dei seinare åra av sitt liv hadde Damsleth planar om å stå fram som fri kunstmalar, men han nådde ikkje realisere denne draumen.

Damsleths produksjon og yrkesliv fell i tre delar eller periodar. Førkrigsperioden var prega av rask oppstigning til gjetord og mange prestisjefylte oppdrag. I 1930-åra arbeidde han seg fram til ein posisjon mellom dei fremste reklameteiknarane i Noreg. Få andre stod i same grad som han for periodens draumar om fart, funksjonalisme, modernitet, ungdom, styrke, helse, venleik, optimisme og luksus. I denne perioden teikna han ei mengd reklamar for tobakksvarer og toalettartiklar, både som småannnonsar og som heilsides fargeannonsar i vekeblada. Han laga plakatar for øl, reiseliv og utstillingar og vann prisar for desse; mest kjend er vinnarplakaten for den store næringslivsutstillinga “Vi Kan” i Oslo 1938.

Så vel populære vekeblad som spesialiserte magasin gav han i oppdrag å teikne framsider. For Aschehoug forlag teikna han ei rekkje bokomslag, serleg til utanlandske spennings- og tidtrøytebøker. Til forlaget Damm gav han nærast eit nytt ansikt i 1930-åra med sine mange stilsikre bidrag, m.a. ei mengd framsider til forteljingsbøker for gutar og jenter. Mange av Damms populære postkort var også utforma av Damsleth. Eitt av desse blei likevel trekt tilbake av utgjevaren, avdi Damsleth hadde teikna inn ein NS-vimpel på nissens båt. Under krigen sat direktør Arne Damm i fengsel i Tyskland, og etter krigen blei Damsleths innsats og namn sletta frå firmahistorikken.

Damsleth hadde også oppdrag med å utforme fleire store utstillingar. På verdsutstillinga i New York 1939 laga han dekorasjonar for Noregs paviljong. Tidleg i krigsåra var han hovudansvarleg for utforminga av vandreutstillinga Hålogaland (1941) og den nasjonale utstillinga Nordmannafolket i Oslo.

I førkrigsperioden la Damsleth stor vekt på stil og komposisjon. Serleg nytta han seg av diagonal symmetri, grotesk skrift, svimlande perspektiv og nærbilde av ansikt. Hans viktigaste særtrekk var likevel figurutforminga. Han teikna gjerne personane sine i dagslys, men gav dei samstundes eit sterkt sidelys, slik at dei framstod med markante skuggar i eit slag kamé-liknande halvrelieff. Om enn det ytre miljø var tydeleg framheva, gav Damsleth sine sentrale figurar eit eige ansiktsuttrykk, der dei anten tindra av indre iver og forventing eller halvt drøymande skjulte sine tankar og forestillingar bak senka augnelok. Dette “indre”, litt mystiske draget ved blikket var det kanskje som gjorde figurane hans fascinerande og lette å identifisere seg med.

Krigsperioden førte med seg meir alvorlege og ideologisk representative oppgåver. Damsleth la mindre vekt på motar og modernitet, mindre vekt på dristig komposisjon, meir vekt på tyngd, autoritet, roleg komposisjon, symbolske og teatralske oppstillingar. Han teikna framleis figurativt, gjerne i klare fargar og med vakre og velbygde personar i hovudrollene. Ei estetisering og idealisering både av soldatar og landsens folk går gjennom heile krigsproduksjonen. Det verkar som om Damsleths tilslutning til nazismen har vore styrt av ein lengt etter det sterke, sunne, vakre, ryddige, effektive – og ein angst for det primitive og stygge, og ikkje så mykje av ein hang til det aggressive, destruktive, sadistiske, undertrykkande. I sin produksjon framstår han mest av alt som ein urban, idealiserande estet.

I etterkrigstida blei Damsleth ignorert og gløymt både av oppdragsgivarar flest og av publikum. Det hang saman med at storparten av hans produksjon i denne tida var langt meir anonym. Den pryda nemleg trykksaker med låg status – julekort, glansbilde, malebøker, pocketbøker, religiøs triviallitteratur og serieprega billigbøker, der hovudpersonen er betre kjend enn forfattaren (Jonas Fjeld, Maigret, Coyote, Rocambole). Damsleths signaturar i etterkrigsperioden var anten ei kort pil som peika på skrå oppover eller bokstavane “th”. Som melodramatiske blikkfang var mange av bokomslaga hans effektive. Dei blei lagt merke til og bøkene selde. Figurane hans var framleis lette å kjenne att, men komposisjonen var ofte lausare, motiva liknar meir stillbilde frå spenningsfilmar – og innslaga av vald, destruksjon og uhygge er faktisk meir påfallande enn i tidlegare periodar. Når ein kjenner hans bitre lagnad, ser ein ofte at det er ei forpint sjel som blandar seg inn i utforminga.

Så vel hans arbeidsfelt generelt – reklameteikning – som det personlege feilsteget – tilslutninga til NS – har ført med seg at Damsleth har vore lite påakta. Det er ein svært sparsam litteratur om han og hans produksjon. I mange referanseverk er han unemnd eller underrepresentert. Om enn han ikkje kan seiast å vere ein original stilskapar, har han vore ein sentral stilformidlar i norsk kultursamanheng. Han var ein typisk representant for den internasjonale modernismen i 1930-åra, men i norsk samanheng var han dessutan både ein framståande og særprega reklameteiknar som var med og gjorde tiåret til ei glanstid for norsk bruksgrafikk. I krigsperioden, då han var ein sentral visuell formgjevar av ideologiske bodskapar, representerte han meir den heroiske realisme som ein kjende frå Tyskland etter 1936 (og frå Russland i etterkrigstida). Her har han noko felles med sin eldre tyske kollega Ludwig Hohlwein; begge omfunksjonerte sin personlege plakatstil for å kunne estetisere den politiske bodskapen.

Men også i etterkrigstida var Damsleth faktisk verksam innan eit viktig felt i vår nasjons kulturhistorie – utforminga av den moderne pocketboka, som nettopp i denne tida blei ein masseartikkel i Noreg, og som var så avhengig av å selje på sin utsjånad. Mange av dei trykksaker han utforma, var laga for dagen, dei var flyktige og minnest ikkje lenger. Forutan plakatane frå krigsåra kjenner ettertida best til hans mange bokomslag. I dag fascinerer den flittige esteten og stilisten Damsleth ved sin personlege kunstnarlagnad og si unike rolle i norsk kulturhistorie, liksom hans store produksjon fascinerer ved sitt tidspreg og si grafisk karakterfulle utforming.

Harald Damsleth døydde 1971.

    Bøker og bokillustrasjonar

  • Navneboken, 1933
  • C. G. Starbäck: Historiske romaner I–IV, 1935
  • S. S. Amundsen: Eventyrreisa, Geografisk leseverk for folkeskolen, bd. 1, 1941
  • medarb. i Norske Røster. Inntrykk fra Tyskland, 1942
  • The superinvisible monster as visioned through a burning eye and deliberately insulted by exposing its inhuman feature in ten drastic pictures of life and death. Text and drawings, 1945
  • Per og Lise på landet, ca. 1949
  • Norge, vikingenes land, 1960
  • “Tegneren Harald Damsleth”, i Reklameforeningens fagblad nr. 3/1934
  • H. Damsleth: “Hollywood”, i Vi selv og våre hjem nr. 5/1934
  • d.s.: “Oslo”, i Gebrauchsgraphik 19, Berlin 1942
  • Stud. 1925, 1950
  • H. Damsleth: Norge, vikingenes land, 1960
  • O. Melsom: Fra kirke- og kulturkampen under okkupasjonen, 1980
  • H. F. Dahl m.fl.: Den norske nasjonalsosialismen, 1982
  • A. Evang: biografi i NKL, bd. 1, 1982
  • T. B. Jensen og H. F. Dahl: Parti og plakat. NS 1933–45, 1988
  • P. W. Schulze: “Harald Damsleth”, i Postkortet nr. 2/1993
  • H. F. Dahl: biografi i NKrL, 1995
  • opplysingar frå Damsleths son Harald B. Damsleth 1999

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (gruppeportrett) av Zaborsky, 1931; p.e

    Fotografiske portrett

  • Fotografi (ved teiknebordet) av ukjend fotograf, 1930-åra; trykt i Schulzes artikkel (sjå ovafor)