Hans von Aphelen var lærar i fransk ved universitetet i København i 25 år, og den første som utgav større ordbøker på moderne framandspråk i Danmark-Noreg..
Han voks opp i Namdalen, arbeidde på gard og las privat til han var 22 år gammal. Deretter reiste han til Bergen, der han budde i to og eit halvt år, dreiv med handel og tok styrmannseksamen. Som styrmann drog han til Holland, og arbeidde i dette yrket i 19 månader. Så skreiv han seg inn som student i jus ved universitetet i Leiden; seinare heldt han til i Frankrike, for det meste i Paris og Bordeaux.
Von Aphelen kom til København 1749 og tok der til å gje undervisning i fransk. 1754 vart han “adjunctus” ved det filosofiske fakultetet ved universitetet og offentleg lærar i fransk og tysk. 1759 vart han utnemnd til professor philosophiæ utan løn.
Von Aphelen var den første læraren i romanske språk ved dette universitetet som publiserte noko. Produksjonen hans var stor, særleg ordboksverka ruvde. 1754 gav han ut ei mindre fransk ordbok, og 1759 kom Grand dictionnaire royal danois et françois, i to band. I føreordet til andre utgåva (som kom 1772–75) held von Aphelen fram at fransk er eit viktig språk, “hvori de fleste Lærde i Europa” forfattar avhandlingane sine. Denne ordboka på 2130 sider var den første store ordboka i sitt slag, og ho vart brukt lenge. Ordartiklane er velskipa og grundige, og det er ei mengd bruksdøme med. Noko uventa er det at også ordheilskapar, som til dømes “Med Lyst” og “Med Maade”, står som oppslagsord. Forfattaren var interessert i språkreinsinga, som det vart arbeidd for i Danmark frå 1740-åra, og han ville fylgja den “forbetra” danske ortografien.
I samband med undervisninga i fransk gav von Aphelen ut fleire lærebøker. Ei tysk-dansk ordbok rakk han òg å forfatta: Kongelig Dansk Ord-Bog, oplyst med Exempler og Talemaader (1764), også den i to band på i alt 1651 sider.
Von Aphelen levde i encyklopedi-tida, og han hadde interesse for det dei då kalla naturhistoria. Han sette om to store verk frå fransk. Det første er eit naturhistorisk leksikon på mest 5000 sider, som på dansk heiter Den almindelige Natur-Historie i Form af et Dictionnaire (1767–70). von Aphelen har supplert teksten med opplysningar som er særskilde for Norden, og han skriv ofte “kaldes i Norge ...”; Arnold Dalen (1991) har funne fram til somme særnorske og trøndske ord i dette verket.
Det andre verket er Chymisk Dictionnaire, i tre band (1771–72). Den franske originalen kom ut anonymt i Paris 1766, og forfattaren var Pierre-Joseph Macquer (1718–84), ein framståande kjemikar for si tid. von Aphelen nemner ofte Macquer ved namn i omsetjinga. I leksikonet skifter det mellom korte definerande artiklar og lengre utgreiingar som orienterer om stoffa i kjemien og om prosessane. von Aphelen vel nordiske termar, der ikkje dei opphavlege (latinske) nemningane vert nytta i fordanska form. “Det vil derfor være rimeligt at karakterisere von Aphelen som den første danske nomenclaturist indenfor kemien,” skriv E. Rancke-Madsen (1977).
Von Aphelen la òg fram planar for leksikon i fleire andre fagområde, utan at dei vart sette ut i livet. – Ved sida av ordboksarbeidet og undervisinga ved universitetet var han frå 1774 ei tid fransklærar for kronprins Frederik (den seinare kong Frederik 6), samstundes vart han utnemnd til justisråd, og 1759–69 var han i namnet sorenskrivar i Idd og Marker, men dette embetet let han bror sin, Paul von Aphelen, styra.