Språkforskar. Foreldre: Sokneprest Hans Christian Ross (1797–1872) og Magdalene Cathrine Edle Meyer (1798–1867). Ugift. Bror til Immanuel Ross (1842–1923; sjå NBL1, bd. 11); på morssida fetter og på farssida tremenning til Christian Meyer Ross (1843–1904).

Hans Ross var den fyrste som gjekk i Ivar Aasens fotefar med å granske dei norske dialektane vitskapleg. Samanhengen med Aasen understreka han med å setja Tillæg til 'Norsk Ordbog' af Ivar Aasen som undertittel på si eiga Norsk Ordbog. Og endå var tillegget større enn boka det var tillegg til. Ross jamførte seg gjerne med Aasen, helst for å seia at han sjølv ikkje var like god.

Ross vart fødd 20 år etter Aasen med ein annan sosial og målgeografisk bakgrunn. Aasen var bondeson frå Ørsta, Ross presteson frå Holum ved Mandal. Ætta og namnet var frå Skottland. Han gjekk på borgerskolen i Mandal og på katedralskolen i Kristiansand, det siste også etter at foreldra hadde flytt til Stokke i Vestfold. Han vart student 1849, 16 år gammal, og teologisk kandidat 1855, då han var 22.

Alt då han gjekk på katedralskolen, vart Ross kjend med arbeidet åt Aasen. Ein lærar han gjekk til for å lære hebraisk, sat ein dag og las i Det norske Folkesprogs Grammatik. Han sa at bokskrivaren Ivar Aasen der synte at det gamle norske målet endå levde i landet. Det gjorde Hans Ross til målmann.

Som cand.theol. var Ross fyrst eit år vikar ved borgerskolen i Mandal. Vinteren 1856–57 var han i Tyskland for å lære tysk. Han hadde Aasen-bøkene med seg. Då han kom heim att, byrja han som språklærar i Christiania, for han ville ikkje bli prest. 1859–60 var han i Storbritannia for å lære engelsk; han studerte òg fonetikk der. 1873 gav han ut ei lærebok i engelsk. For å fange interessa åt elevane brukte han meir levande og praktisk stoff enn i dei danske lærebøkene som var i bruk då.

Ross og Aasen møttest fyrste gong 1857, og etter det kom dei ofte saman. Ross byrja med å samle sørlandsord for Aasen. 1867–69 fekk han stipend av universitetet til innsamling, og han heldt noko fram på eigen kostnad til 1874. Frå 1877 løyvde Stortinget han årleg 2000 kroner (2400 frå 1880). Ross drog lite ut i marka etter 1888.

Kring 1880 arbeidde nokre for å gjera Ivar Aasen til professor i norsk folkemål, men han ville ikkje. Johan Sverdrup tok då opp framlegg om at Ross skulle bli det, og det fekk fleirtal i Stortinget. Men då universitetet vart rådspurt i saka, gjekk folk som Sophus Bugge og Johan Storm imot. Både på Stortinget og ved universitetet var somme imot Ross fordi han brukte landsmål. Denne motstanden gjorde at regjeringa fekk eit alibi for å sleppe å utnemne Ross. Professoratet vart skipa av regjeringa Sverdrup, men då sa Ross nei, og Moltke Moe vart 1886 den fyrste i embetet. I staden fekk Ross auka tilskotet til det vitskaplege arbeidet sitt, 3500 kroner årleg så lenge han levde.

Ross fekk òg stønad til å prente Norsk Ordbog, og ho kom ut i hefte frå 1890 til 1895. Boka må lesast saman med Aasens bok. Ross har ei mengd ord som Aasen ikkje har med, og han har mykje nytt å leggje til ord som Aasen har med. Det kom både av at han søkte til stader i landet der Aasen hadde hatt for lite tid, og av at han ikkje sette så strenge krav til ordboksord og -tydingar som Aasen. Mange nyord og nye tydingar hjå Ross uttrykkjer verdidommar om folk og fe og anna som hugen fester seg ved i livsverda vår. Ross har fått ros for at han var god til å fange opp ord som på den måten avdekte folkepsykologi. Mange av dei gjev negative vurderingar av andre, såleis ord som høver til formelen “Nedsættende om Kvinde”. Aasen skaut gjerne ut slike ekspressive ord.

Om ein jamfører framstellingsmåten åt dei to, ser ein snøgt at Ross ikkje var like god som Aasen til å gje stutte og presise definisjonar av vanskelege sakstilhøve, men han heimfeste orda nøgnare enn Aasen, tok med fleire døme på ordbruk i samanhangande tale og la meir vinn på å merkje av særdrag i uttala. Det har vore hevda (av Oddrun Grønvik) at Ross eigenleg hadde eit eige prosjekt. Aasen ville gje det viktigaste ordgrunnlaget i norsk riksspråk i normert form, men Ross la vinn på å få med mest mogeleg av ordstokken som ei framsyning av liv og kultur på bygdene.

Ordboka som var eit tillegg til ei anna ordbok, fekk snart sjølv tillegg. I den nye utgåva av 1971 er det seks slike etter hovudbolken. Eitt av Ross og eitt av Sophus Bugge kom saman med boka sjølv; fire av Ross kom 1902–13.

Samlingane sine nytta Ross òg til å laga eit verk med særlege oversyn over kvart målføreområde. Der er ikkje orda hovudsaka, men den lydlege og grammatiske bygnaden i bygdemåla. Etter ei innleiing er Vest-Telemark det fyrste området og får mest plass. Dei andre områda er mindre grundig drøfte, men i alt er verket over 400 dryge sider, og innhaldet svarar godt til den krevjande tittelen Norske Bygdemaal.

På ferdene tok Ross gjerne med hefte med lesnad på landsmål; dei delte han ut som traktatar eller selde til beste for målreisinga. Han var med og skipa Det norske Samlaget 1868 og hjelpte mange med å gje ut skrifter på landsmål. Ross gav dels ut, redigerte eller var rådgjevar for samlingane Lauvduskar.

I eit foredrag for lærarar 1878 jamførte Ross den norske målreisinga med tilsvarande rørsler ute i Europa. Han hevda at dansk og norsk ikkje kunne vekse saman til eitt språk, for det er den grammatiske bygnaden som avgjer karakteren åt eit språk, og blandingsspråk finst ikkje. Denne junggrammatiske læra, som Ross heldt på også i Race. Nation. Sprog1909, gjekk ved sida av ein tanke han hadde etter professor Max Müller i Oxford – at språk er lik planter som veks, blømer, visnar og døyr.

Ross følgde ikkje Aasen slavisk i skrivemåten av landsmålet. Meir i andre skrifter enn i ordboka veik han av frå den strenge Aasen-norma og skreiv nærare røynleg uttale i talemålet. Han var mest som ein lærar for Garborg og andre og vart ein førelaupar for midlandsmålet.

Ymist av motbør som Ross møtte i livet, tok han med tolugt mod, og på gamle dagar vart han heidra ikkje berre av nynorskfolk som ein stor målhovding, men av dei fremste representantane for storting og styringsverk som vitskapsmann og samfunnsbyggjar. Han var vald inn i Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) 1892 og vart heiderslagsmedlem i Det norske Samlaget 1897.

  • Europe as it ought to be at the End of 1861, London 1860
  • Lauvduskar, samla og utgjevne av Hans Ross, 1867
  • Lauvduskar. Samling af ymse Smaastykke, 6 bd., 1867–87
  • Lærebog i Engelsk, nærmest for Middelskolen, 2 bd., 1872–73
  • Ein Soge-Bundel, 1869
  • Norske Viser og Stev,1869
  • Maalreisningen her hjemme, belyst fra Udlandet, Stavanger 1878
  • Samlinger til den norske Ordbog, 1883
  • Norsk Ordbog. Tillæg til 'Norsk Ordbog' af Ivar Aasen, 1895
  • “Lister”. Causerier, 1900
  • Norske Bygdemaal, bd. 1–17, VSK Skr., 1905–09
  • Race. Nation. Sprog, 1909

    Etterlatt materiale

  • Brev frå Ross i Handskriftsamlinga på NBO
  • folkeminneoppskrifter i Norsk folkeminnesamling, UiO
  • H. Koht: “Hans Ross”, i SogS 1903, s. 145–160 (prenta att i H. Koht: Norsk vilje, 1933)
  • A. B. Larsen: “Hans Ross. Mindetale i videnskabsselskabet 23de oktober 1914”, i Maal og Minne 1914, s. 177–180 og i VSK Årbok 1914, 1915, s. 84–87
  • T. Hannaas: “Hans Ross. Nokre minne-ord”, i For bygd og by 1915, s. 130–132 og 140–147
  • M. Hægstad: “Hans Ross”, i Arkiv för nordisk filologi 1915, s. 383–388
  • J. L[øvland]: “Korleis Hans Ross vart maalmann”, i Den 17de Mai 14.10.1920
  • H. Seland: “Hans Ross”, i For bygd og by 1921, s. 292–294
  • T. Høverstad: “Hans Ross og professoratet i norsk folkemål 1881–84”, i Heidersskrift til Gustav Indrebø, Bergen 1939, s. 64–84
  • S. Kolsrud: Nynorsken i sine målføre, 1951, s. 135 og 137f.
  • D. A. Seip: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • Oddrun Grønvik: “Meir enn eit tillegg til annan manns verk?”, i Ord og mål. Festskrift til Magne Rommetveit, 1989, s. 91–111
  • L. Longum: “Norsk” som forsknings- og studiefag, 1989
  • “Hans Ross og utviklingstanken i lingvistikken”, i Dialekter och folkminnen. Hyllningsskrift till Maj Reinhammar, Uppsala 2000, s. 275–283