Prest og forfattar. Foreldre: Prost Hans Amundsen Wille (1714–99) og Anne Marie Hansdatter Bloch (1736–58). Gift 30.7.1787 i Eiker med Anne Dorothea Walter (1763 (døypt 8.1.)–16.3.1822), dotter til sagfogd Jørgen Fridericksen Walter (1729–1802) og Karen Jørgensdatter Nachschov (1734–1810). Grandonkel (farfars halvbror) til Nordal Wille (1858–1924).

Hans Jacob Wille var ein typisk opplysningstidsprest. Som topograf var han eit førebilete i samtida, og skriftene hans er i dag viktige kjeldeskrift på mange fagområde.

Wille voks opp på Seljord prestegard som son av ein prest med sterke historiske og språklege interesser. Som ung kunne han vere ein stor spilloppmakar. Frå skuletida i Danmark hadde han til dømes fått med seg fosfor, og utkledd som sjølvlysande djevel sette han ein støkk i lensmannen.

Wille gjekk på Frederiksborg skole på Sjælland, vart student 1775 og tok teologisk embetseksamen ved universitetet i København 1779. Etter det tok han til som personalkapellan hjå faren i Seljord. Ei slik stilling medførte lite løn, men stor fridom til å samle topografisk materiale, og det var i denne tida Wille fekk utvikle sine sterke naturvitskaplege og kulturhistoriske interesser. Likevel var det ei vanskeleg tid; han var ottefull for framtida sidan halvbroren snart skulle overta kapellanstillinga, og han hadde ikkje kontaktar nok til å få ei godt løna prestestilling. Wille og fleire med han såg på arbeid med topografiske skrifter som meriterande når det galdt embetssøknader, men for han gav det lite utteljing.

1782 publiserte han delar av Sillejords Beskrivelse i Christiansandske Uge-Blad. Dette må professor Hans Strøm, sokneprest til Eiker, ha merka seg. Han var ein kjend forfattar av topografiske skrifter og blei snart Willes rettleiar i naturforsking og “dyrebareste Velgjører”. Ei lykke var det så at Wille blei personalkapellan hjå Strøm 1786.

Ynskjet om godt løna prestestilling førte han straks etter til København for å “sollisitere” (søkje støtte til embetssøknader hos høgtståande personar); personleg frammøte kunne då vere til hjelp for å få eit embete. 1788 blei Wille sokneprest til Grytten i Romsdal og 1792 sokneprest ved Vår Frue kyrkje i Trondheim, 1794 notarius ved domkapitlet og til sist stiftsprost same stad 1798.

Willes hovudverk er Beskrivelse over Sillejords Præstegield (1786), som omtalar fire forhold: geografisk-historiske, fysiske (jord, planter, dyr), økonomiske (jordbruk og livsopphald) og politiske (om folket). Særleg kan vi merke oss at Seljord 1783 blei råka av så sur nedbør at vokstrane visna og det lukta svovel. Wille var korresponderande medlem av Det topographiske Selskab for Norge, og i deira Topographisk Journal 1792 fekk boka god omtale og “fortjener at bruges som Regel, hvorefter saadane Beskrivelser indrettes”.

Samstundes arbeidde Wille på ei ordbok basert på ordtilfanget i Seljord. Ho blei ikkje prenta, men avskrifter er likevel nytta av både Hallager og Aasen i deira ordbøker. Føremålet var ikkje å reise eit nytt skriftmål, men å hjelpe prestekollegaer til å forstå undersåttane sine. Truleg hadde han nok også ei von om å gjere det danske språket i Noreg rikare. Originalmanuskriptet er kome i prenta utgåve 1975.

Sjølv etter at Wille var blitt prest i Eiker, reiste han attende til Telemark og samla stoff til ei omtale av heile Telemark. Særleg var han på leiting etter gamle skinnbrev og sjeldne bøker. Manuskriptet blei borte under ein brann i København, men innleiinga vart berga og er gjeven ut. Elles gav Wille ut skrifter om mytologi, runeinnskrifter og botanikk.

Wille var sekretær i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1793–1804 og arbeidde for at dette skulle bli eit norsk universitet. Vidare var han medlem av Det skandinaviske Literatur Selskab og fleire vitskapsselskap i Preussen, Frankfurt an der Oder, Newcastle og Göteborg.

Han var nok ein stri person og fekk ikkje alltid støtte og hjelp som han ynskte. Sjølv om forholdet til biskop Schønheyder i Trondheim var godt, var det motsette tilfelle med etterkomaren, biskop P. O. Bugge. Den store boksamlinga til Wille blei etter at han var død selt på auksjon, likeins brev- og manuskriptsamlinga. Det var ikkje mange i Trondheim som såg verdien i dette, men mykje er i ettertid blitt samla i biblioteket til Vitenskapsselskapet.

    Prenta verk

  • Norsk Ordbog som indeholder en Samling af Norske Ord, som især bruges i Sillejord og fleere Stæder i Norge, 1785 (prenta i DKNVS Skr. 1975 nr. 3, Trondheim 1975)
  • Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge, København 1786 (ny utg. Espa 1989)
  • Udtog af den nordiske Mythologie, eller Othins Gude-Lære, København 1787
  • Indledningen til Reisen igiennem Thellemarken i Norge 1786, København 1799
  • Sørge-Tale over afdøde Hans Strøm, Trondheim 1799
  • En kort Afhandling om den islandske Moss, Trondheim 1801
  • Samling af Minde-Taler, holdne i det Kongelige Norske Videnskabers-Selskab, København 1805
  • Erindrings-Tale over Høisalige Arveprinds Frederik, København 1806
  • Utrykte Optegnelser om Thelemarken, utg. ved L. Daae, 1881

    Ikkje-publisert materiale

  • 8 brev til Det kgl. danske Landhuusholdningsselskab, 1785–86, i selskapets arkiv, Erhvervsarkivet i Århus, Danmark
  • Physisk og antiquarisk Reise igiennem Thellemarken i Aaret 1786, 1786, UBT
  • Urter fundne i Thellemarken, 1786, sst.
  • Udi den tilsendte Fortegnelse over Tellemarkske Urter findes følgende tvilsomme, 1787, sst.
  • 8 brev til Christopher Hammer, 1787–94, sst.
  • Flora Norvegica eller Norsk Plante-Riige (sm.m. C. Hammer), 1789, sst.
  • Prædiken paa d. 14. Søndag efter Trinitatis, Trondheim 1798
  • Topographisk Journal for Norge, 1. hf., 1792, s. 14 og 21f.
  • Erlandsen/ Trondheim, 1844, s. 70f.
  • L. Daae: Utrykte Optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille, 1881
  • A. E. Erichsen: biografi i DBL1, bd. 18, København 1904
  • H. G. Heggtveit: Den norske Kirke i det nittende Aarhundre, bd. 3, 1905–20, s. 57–60
  • PHT, bd. 47, København 1927, s. 245f.
  • Ehrencron-Müller, bd. 9, København 1932
  • J. R. Hagland (utg.): Hans Jacob Wille: Norsk Ordbog, DKNVS Skr. 1975 nr. 3, Trondheim 1975
  • S. Grieg: biografi i NBL1, bd. 19, 1983
  • S. D. Øverbø: “Pennens patrioter. Litt om den historisk-topografiske litteraturen fra Telemark på 1700-tallet”, i Telemarks historie, bd. 18, Bø 1997, s. 12–22
  • Teikning av E. Meyer; attgjeven i T. Flatin: Seljord 1942, bd. 1, s. 5, og i H. G. Heggtveit, 1905–20 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 59