Musikar. Foreldre: Selger Erling Jacobsen (1919–) og Gudrun Hansen (1920–90). Gift 1996 med songar og musikar Tone Hulbækmo (1957–), dotter til organist Alf Hulbækmo (1903–87) og Gerd Gjelten (1914–2000).

Hans Fredrik Jacobsen er fløytespelaren som vann Melodi Grand Prix med Secret Garden. Samtidig er han ein av våre mest allsidige folkemusikarar. Saman med kona Tone Hulbækmo har han turnert store delar av verda med tradisjonsmusikk og eigenkomponert musikk. Dei to har eit solid ankerfeste i lokalmusikken i Nord-Østerdal.

Jacobsen er fødd i Risør og opplevde mykje musikk og song i oppveksten der. Faren spela fleire instrument, og sonen byrja spela saksofon i skulekorps i ung alder. Han høyrde Egil Storbekken på radio og lærte seg å spela tussefløyte. Men han blei òg påverka av samtidas popmusikk, og fløyta blei lagt til sides til fordel for gitar. På denne tida møtte han folkemusikaren Ånon Egeland, som var i gang med å reise rundt til eldre utøvarar i Aust-Agder.

Jacobsen starta tidleg med å komponere, og han fekk òg god trening i improvisasjon gjennom saksofonspelet. Det store skiftet i Jacobsen sitt liv var då han hausten 1976 byrja på Toneheim folkehøgskole ved Hamar og kom saman med Tone Hulbækmo frå Tolga. Dei har blitt eit par både i privatlivet og i musikken. Møtet med østerdalsmusikken og fløyte- og felespelaren Marius Nytrøen frå Vingelen i Nord-Østerdal førte til at Jacobsen byrja med seljefløyte.

Det blei mellomfag i musikk og grunnfag i litteratur i Oslo. I studentmiljøet kom Jacobsen og Hulbækmo i kontakt med musikarar som seinare kom til å danne mellomaldermusikkgruppa Kalenda Maya. Fyrste plata kom 1985 og hausta inn ein Spellemannpris. Kalenda Maya er, saman med samarbeidet med Hulbækmo, det viktigaste musikalske prosjektet til Jacobsen. Kalenda Maya gav ut to plater til, Norske Middelalderballader (1989) og Pilgrimsreiser (1997).

Saman med Hulbækmo gav Jacobsen ut barneplata Langt nord i skogen. Plata var eit resultat av turnering for Rikskonsertane på barne- og ungdomsskular, og ho fekk Spellemannprisen for beste barneplate 1988. På Tone Hulbækmos plater Kåmmå no, Svevende Jord og Kyrja yter Jacobsen viktige bidrag. Desse platene blandar lokal folkemusikk med musikk frå andre kulturar.

Hans Fredrik Jacobsen og Tone Hulbækmo har komponert musikk for kor, film, Fjernsynsteatret og Radioteatret, levert bestillingsverk til ballettar og janitsjar, samarbeidd med ulike poetar og jobba med Barne-TV. Dei har arbeidd med musikarar frå fleire verdshjørne, bl.a. gjennom ei internasjonal ungdomssatsing på Førdefestivalen. Musikken har ført dei rundt om i verda, til Brasil, USA, Australia, Asia, Afrika og sjølvsagt til mange land i Europa.

Det har blitt over 40 plater; Jacobsen har involvert seg i ulike samspelprosjekt. Eit avgjort høgdepunkt kom 1995 då han saman med gruppa Secret Garden vann den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i Dublin. For dette fekk han Tolga kommunes kulturpris. Samtidig jobba han for artistar som Sissel Kyrkjebø, Ketil Bjørnstad, Jonas Fjeld, Knut Reiersrud m.fl. Han var med i gruppa til Annbjørg Lien, spela inn plater og turnerte med henne. Det var ein milepæl då han 1998 kom med si fyrste soloplate, Jól; her viser multiinstrumentalisten Jacobsen seg fram. Han hausta mykje lovord for denne plata. På oppfylgjaren Vind (2004) er det også multiinstrumentalisten Jacobsen som kjem fram, men hovudfokus er på instrument som “er i slekt med vinden”. Tradisjonsplata Seljefløyta (1997) var eit samarbeid med Steinar Ofsdal og Hallgrim Berg, repertoaret til Marius Nytrøen kom her til sin rett.

Komponisten Jacobsen kan sjå tilbake på heile 200 titlar som er innmeldt i TONO, ein del av dei i lag med Hulbækmo. Saman med Hulbækmo fekk han Skjæraasenprisen 2004; i grunngjevinga for prisen blei det lagt vekt på kombinasjonen lokal/global i heile det allsidige virket som musikarar og komponistar.

Hans Fredrik Jacobsen samarbeidde til dels tett med Erik Bye dei 10 siste åra denne levde, han skreiv musikk til fleire av tekstane til Bye og deltok og i dokumentarfilmen Giganten.

    Plateinnspelingar

  • Eigne: Jól, 1998
  • Vind, 2004
  • Med Tone Hulbækmo: Kåmmå no
  • Svevende Jord, 1986
  • Langt nord i skogen, 1987
  • Konkylie, 1995
  • Kyrja, 1999
  • Med Kalenda Maya: Kalenda Maya, 1985
  • Norske Middelalderballader, 1989
  • Pilgrimsreiser, 1997
  • Med andre: Seljefløyta (sm.m. H. Berg og S. Ofstad), 1997
  • Himalaya blues (sm.m. K. Reiersrud og Varja), 2004

    Komposisjonar (eit utval)

  • Huggormens liv, musikk til fjernsynsfilm av K. Hamlie, 1984
  • Livet i et tjern, musikk til fjernsynsfilm av K. Hamlie, 1988
  • Østafor sol og måne (sm.m T. Hulbækmo), helaftens forestilling til OL på Lillehammer, 1994
  • Kring'n Kjell (sm.m. T. Hulbækmo), helaftens jubileumsforestilling til Kjell Aukrusts 80-årsdag, 1996
  • Spinn (sm.m T. Hulbækmo), 1997
  • Uren, luren, himmelturen (sm.m T. Hulbækmo), musikal, 1998
  • Babels Forståelse (sm.m T. Hulbækmo), 1999
  • Opplysningar frå den biograferte
  • NBL2 (Tone Hulbækmo)