Sorenskrivar, politisk og topografisk forfattar. Foreldre: Sokneprest, seinare biskop Frederik Arentz (1699–1779; sjå NBL1, bd. 1) og Cathrine Fredrikke Holberg (1715–38). Gift 1765 med Ingeborg Cathrine Nagell (17.9.1742–6.7.1799), dotter til kammerråd og fut i Sunnfjord Hans Thiis Nagell og Margrethe Worm. Bror av Fredrich C. H. Arentz (1736–1825).

Hans Arentz er mest kjend som topografisk forfattar og for sin Beskrivelse over Søndfiord.

Faren var prest i Askvoll frå 1729 til 1760 (frå 1748 også prost i Sunnfjord), så det var her Hans Arentz hadde oppveksten sin. Borna var små då mora døydde og faren gifta seg oppatt. Hans fekk sin skolegang i Bergen, vart student 1747 og juridisk kandidat to år seinare. 1762 vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han hadde til han døydde.

Alt i barndomsheimen, der faren formidla tankar både frå pietismen og den børjande opplysingstida, fekk Hans Arentz vekt interessene for samfunnsspørsmål. Han var berre 25 år då han 1756 gav ut skriftet Samtale efter Døden imellem de tvende Romere Cato og Cæsar, angaaende Enevolds- og Folke-Regieringen. I tråd med det som var idealet i opplysingstida, leverer han her eit sterkt forsvar for eineveldet, den einaste styreforma han finn fornuftig. Det er tankane bak det opplyste eineveldet han gjev litterær form: Fyrsten som den fremste av nasjonens tenarar skulle styra til beste for folket.

Det gjekk heile 31 år før Arentz på nytt let høyra frå seg, denne gongen med det vesle skriftet Grund-Tegning af den fornuftige Norske Patriotism. Skriftet er forma som svar på ei prisoppgåve som det nordiske selskapet i London lyste ut 1786. Nasjonalisme og patriotisme var moteord i tida. Orda gjekk att i festtalar og høgstemte dikt og vart reindyrka av dei norske studentane i Det norske Selskab i København (stifta 1772). Konkurransen i 1786 var utlyst for å få diskusjonen ned på jorda. Noko litterært meisterverk er skriftet til Arentz ikkje, stilen er tørr og tankeføringa filosofisk. Men han hadde klåre meiningar om kva ein fornuftig norsk patriotisme måtte ha som mål, mellom anna eige norsk universitet og eigen høgsterett. Konkurransen vart vunnen av Johan Nordahl Brun med skriftet “Fornuftig Kiærlighed til Fædrelandet”.

Då Hans Arentz svara på prisoppgåva, hadde han nett sett punktum for eit arbeid som han hadde hatt under hendene i mange år, Beskrivelse over Søndfiord. Arbeidet sluttar seg til ei lang rekkje “beskrivelser” frå denne tida, heilt i samsvar med idear frå opplysingstida. I det vitskaplege livet vart naturvitskapane, økonomi og næringsliv vektlagt, og eit uttrykk for denne interessa var Danmarks og Norges Oeconomiske Magasin, som kom ut frå 1757. Biskop Erik Pondoppidan gav 1752–54 ut Norges Naturlige Historie, og han oppmoda prestane til å utarbeide “beskrivelser” for sine prestegjeld. Sjølve hovudverket vart Hans Strøms Physisk og oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør (1762–64), men også andre arbeid har interesse langt ut over den regionen dei er skrivne for. Fleire av arbeida vart prenta i Topographisk Journal, som Det Topographiske Selskab for Norge (stifta 1791) gav ut i åra 1792–1808.

Beskrivelse over Søndfiord er deskriptiv i forma, og som mange av dei andre “beskrivelserne” er det svært ordrikt. Hovudvekt er lagt på topografien, kvar bygd får sin omtale, og forfattaren gjer greie for den “naturlige Beskaffenhed” og for eldre og nyare administrativ inndeling, både verdsleg og geistleg. Men han skriv også om folks levemåte og karakterdrag og om jordbruket og andre næringsvegar. Hans Arentz etterlet seg arbeidet som manuskript, og først etter at han var død, sende broren Fredrich det til Topographisk Journal, der det vart prenta i sju hefte 1801–08 og fyller heile 962 sider.

  • Samtale efter Døden imellem de tvende Romere Cato og Cæsar, angaaende Enevolds- og Folke-Regieringen, København 1756
  • Grund-Tegning af den fornuftige Norske Patriotism, Bergen 1787
  • Beskrivelse over Søndfiord i det Bergenhusiske Amt, i Topographisk Journal for Norge, hefte 28–34, 1801–08
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • biografi i Ehrencron-Müller, bd. 1, 1924
  • J. Sandnes: “Lokalhistorisk litteratur til 1900”, i Lokalhistorisk forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, 1970