Faktaboks

Halvor Floden
Fødd
22. juli 1884, Trysil, Hedmark
Død
3. desember 1956, Elverum, Hedmark
Verke
Folkeskulelærar og barnebokforfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Torgal Olsen Floden (1853–1928) og Tea Pettersdatter Skjærholden (1856–1907). Gift 14.9.1907 med sjukepleiar og lærar Anne Olsdatter Haugen (13.12.1876–1952), dotter til gardbrukar Ola Haugen (1853–1938) og Gjertrud Mortensdatter Langtjernåsen (1853–1923).
Halvor Floden
Halvor Floden
Av /NTB Scanpix ※.

Halvor Floden var lærar heile sitt yrkesaktive liv, men ved sida av skapte han litteratur som gjorde han elska og akta. Framfor nokon annan opna han innsyn for barn og unge over alt elles i landet til oppvekstvilkår i karrige austnorske skogbygder først på 1900-talet. Han var ein fin stilist og ein sjeldant innsiktsfull talsmann for dei som av ulike grunnar fekk det særleg vanskeleg i livet.

Floden voks opp på nyryddingsbruket Kvanbekksetra i Trysil. Som mange gåverike og energiske bygdeungdommar utan odelsrett, søkte han utdanning. Han tok eksamen ved Treiders handelsskule i Kristiania 1901 og kom inn på Elverum private lærarskule då han var 18 år. Etter eksamen 1905 tok han skulepost i Elverum kommune. 1907 avla han mellomskuleeksamen, men heldt fram som lærar i Elverum, først i ymse skular og krinsar i kommunen, fram til han slo seg til for godt i Hernes, der han også vart bonde frå 1916. Han gjekk av som lærar 1949.

Floden fekk 1921 Statens reisestipend til Tyskland for å studere samfunnstilhøve og teater, og tok elles imot nokre arbeidsstipend. 1931–56 var han formann i Norsk Bokmannslag, nynorskforfattarane sin eigen organisasjon. Frå 1950 tok han imot kunstnarlønn, visstnok den einaste barnebokforfattar som til då hadde oppnådd ein slik heider.

Om arbeidet i folkeskulen var ei fullverdig livsgjerning i seg sjølv, er det som diktar at Halvor Floden særleg vil bli hugsa. Frå den første boka Brør og halvbrør (1911) og fram til den siste, som kom ut 1968, gav han i alt ut meir enn 30 bøker, av dei 24 barnebøker, medrekna ei eventyrbok, ei sakbok om bienes liv (Solbu) sett frå deira synsstad og ei biletbok. Floden var ein særmerkt stilist. Barnebøkene har ei ledig form og eit malmfullt språk. Han nytta ofte ein knapp setningsbygning, og ordbruken var avmålt. Barnleg konversasjon gjorde han til ein litterær kunst. Innhaldet i bøkene avspegla rett ofte dei svake, einsame og vergelause barna si stilling i eit bygdesamfunn med store sosiale skilnader og ein heller tung livskamp i mange heimar. Eit etisk alvor kviler over forteljingane. Det er vorte sagt at han skreiv indignasjonslitteratur på barnas vegne og at sjølv om bøkene i form var barnebøker, greip dei tak i dei vaksne sinn.

Floden hadde uvanleg sterk innlevingsevne, viste fin psykologisk sans i skildringane, lodda djupt og overtydde om at han forstod dei som leid urett og var annleis. Dei mange barneportretta spelar av liv, og er teikna meir av ein som har opplevd enn av ein som observerer. Evna hans til å ta del i fantasileiken til barna, var uvanleg. Men bøkene avdekte også det som var vondt i bygdesamfunna, og kunne ha ein skarp brodd mot “systemet” som ikkje var i stand til å gi rettvise oppvekst- og livskår til alle barn. Flodens barnebøker var svært populære, og mange av forteljingane fann vegen til lesebøkene. Fleire av dei blei omsette til mange språk. Det er blitt sagt at han var vår fremste skildrar av bygdebarns kvardag og at han var “den nynorske barnelitteraturens sentrale skikkelse” på 1900-talet (Sonja Hagemann).

Forutan barnebøkene skreiv Floden tre romanar, tre skodespel, to diktsamlingar og høyrespel for radio, forutan noveller i ulike blad. Viktigast av romanane er Vi har bruk for deg (1937), eit sterkt oppgjer med omsorgslaus utnytting av born. Boka høyrer saman med Gabriel Scotts De vergeløse og Magnhild Haalkes Allis sønn. Av lyrikken har diktet Ser du mitt land når snø i liom bråna blitt ein av våre nasjonale songskattar.

Posthumt utkom Ein fjellgard (1968) i serien Norsk folkeminnelags skrifter. Boka var ferdig 1956, same året som Floden døydde, og var, som han sjølv seier i forordet, “ei nokolunde utførleg skildring av det miljøet eg vaks opp i […] heime på Kvanbekksetra”. Boka gir ei sjeldant detaljrik og omfattande utgreiing om busetting, bureising, kvinnearbeid, mannsarbeid, barnearbeid og handverk. Her blir arbeidsdagen med sine aktivitetar og oppgåver gjort levande, og helg og høgtid like eins. Ferdafolk og fastbuande, hus- og matstell, døgnrytme, sed og skikkar, ingen ting er gløymt. Det er ei innsideskildring av livet og hushaldet på den austnorske skog- og fjellgarden som konkretiserer sjølvbergingsprinsippet nitid i ei presis, klår og vakker språkdrakt. Boka står for seg sjølv mellom dei mange om levekår sist på 1800-talet. Når han i forordet gir uttrykk for at “med tida kan skildringa få kulturell verdi”, har det alt skjedd, ikkje minst ved at Karsten Alnæs i tredje bandet av Historien om Norge har brukt Flodens skildring som ei hovudkjelde.

Verker

    Barnebøker

  • Brør og halvbrør, 1911 (2. utg. 1936)
  • Fagerlia, 1915 (7. utg. 1977, sv. utg. Barnen på Fagerliden, Stockholm 1937, da. utg. 1963)
  • Frik med fela, 1917 (6. utg. 1979)
  • Englehatten og andre forteljingar, 1919 (3. utg. 1948)
  • Kari Trestakk, 1922 (4. utg. 1984)
  • Elden. Andre soga um Kari Trestakk, 1923 (4. utg. 1984)
  • Furuberg-Finn, 1927 (5. utg. 1978)
  • Aust på Kronskogen og andre soger, 1928
  • “Finn i Gropa” og fleire, 1929
  • I Granlia, 1930
  • Skogen og vidda, 1931 (2. utg. 1978)
  • Gjenta frå landsvegen, 1936
  • Stor-Bjønn og Vesle-Ola, 1938 (3. utg. 1987)
  • Mor i skogen. Eventyr, 1939
  • Eg har del i det, 1947
  • Sverre og moster Malla, 1948
  • Gullfuglen, 1949
  • Vi er vener. Tredje soga om Kari Trestakk, 1950 (3. utg. 1984)
  • Trond og venene hans, 1952 (2. utg. 1976)
  • Solbu, 1953 (3. utg. 1987)
  • Grå ulvar og kvite svaner, 1954
  • Storfolk i grenseland, 1955
  • Guri Bråttom, (posthumt) 1957 (3. utg. 1987)
  • Tommeliten på ikornrygg, (posthumt) 1966

    Romanar

  • Einstaka, 1912
  • Vi har bruk for deg, 1937
  • Kjartan i Steinåsen, 1949

    Skodespel

  • Staalboraren, 1920
  • Fagerlia. Eit spel for skuleborn, 1939
  • Gjenta frå landsvegen, 1947
  • Gamlehagen, u.å

    Diktsamlingar

  • Mitt land, 1921
  • Gleda, 1954

    Folkeminne

  • Ein fjellgard, (posthumt) 1968

    Anna

  • Austlandsborna og morsmålet, 1936
  • Mitt livssyn i E. Berggrav m.fl. (red.): Et livssyn. Ti radioforedrag, 1939
  • Born og bøker, Elverum 1952

Kilder og litteratur

  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • biografi i Norske Skulefolk, bd. 1, 1952
  • S. Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970, 1974
  • B. Birkeland i NLH/Beyer, bd. 4, 1975
  • T. L. Weidemann: “Eg kom til å velga det vanskelegaste og mest krevande, eg valde borna.” Perspektiver på Halvor Flodens litteratursyn og forfatterskap, h.oppg. UiO, 1991