Faktaboks

Halldor Hjerleid
Fødd
13. april 1821, Dovre, Oppland
Død
2. mars 1888, Horten (no Borre), Vestfold
Verke
Målar
Familie
Foreldre: Husmann Iver Olsen Hjelleidet (1792–1860) og Anne Jakobsdotter Joramo (f. 1790). Gift 3.8.1847 med Randine Marie Hansen (1829–1917), dotter til skomakarmeister Johan Fredrik Hansen (ca. 1780–1831) og Karen Poulsdotter. Svoger til Ole Petter Hansen Balling (1823–1906).

Hjerleid var målarmeister og grunnleggjar av Hjerleids Husflidsskule på Dovre, som spesielt har hatt mykje å seie for bevaringa og utviklinga av treskjerarkunsten i Gudbrandsdalen.

Halldor var født på husmannsbruket Hjelleidet under garden Hjelle like sør for Dombås. Plassen Hjelleidet vart brukt som ferdmannskvile for trafikken etter elveisen om vinteren, og det er rimeleg at han fekk dei første impulsane frå den store verda frå handelsmennene som var innom og kvilte.

Da Halldor var 15 år, vart det bestemt at han skulle til Christiania for å lære noko. Han fekk plass som læregut hos ein respektert målarmeister, Ferdinand Gjøs. Etter læretida var han målarsvein fram til 1847, da han vart målarmeister og starta eige firma. I Christiania kom han også i nær kontakt med eit kunstnarmiljø, da Gjøs var ein etablert biletkunstnar og teatermålar. Og Hjerleid gifta seg 1847 med Christiania-jenta Randine Marie Hansen, som var dotter til ein annan handverkar og syster til kunstnaren Ole Peter Hansen Balling. Hjerleid tok sjølv denne tida til å dyrke målarkunsten og måla fleire motiv frå heimbygda.

1850 vart Hjerleid engasjert som målarmeister ved marinens hovudverft i Horten. Og det var her han la ned det eigentlege livsverket sitt. Økonomisk gjorde han det godt, m.a. som aksjeeigar. I Horten bygde han seg eit stort hus, “Halldors Hygge”. Det var han som fekk ideen til eit portrettgalleri over admiralar og kommandørar i den norske marinen, og svogeren fekk oppdraget med å utføre portretta. Det einaste kjente dekorasjonsarbeidet etter Hjerleid finst på Frydenhaug gard i Drammen. Desse dekorasjonane har stor likskap med Fugleværelset på Slottet i Oslo, som Flintoe måla. Læraren til Hjerleid, Ferdinand Gjøs, var elev av Flintoe, og det er nærliggjande å tru at Hjerleid assisterte som målarsvein under arbeidet på Slottet.

Hjerleid og kona Randine reiste mykje. Dei var ofte på Dovre, der dei bygde seg hytte. Dei var også fleire gonger i Amerika. Ved besøka i heimbygda fekk han inntrykk av at den gamle handverkskunnskapen heldt på å kome i bakleksa. På reisene sine, mellom anna i Sverige, hadde han blitt kjent med dei svenske heimsløydskolane, og litt om senn modnast tanken om at ein liknande skole burde opprettast i heimbygda. Han var slik økonomisk stilt at han kunne realisere tanken om ein arbeidsskole i Dovre.

Etter å ha drøfta ideen med fleire, gav Hjerleid og kona Randine eit legat på 40 000 kroner, og av rentene av dette skulle det opprettast og drivast ein “håndgjerningsskole” i bygda. Skolen kom i gang 1886, og det vart frå starten halde kurs for snikkarar og skomakarar. Same året som denne skolen kom i gang, hadde Kunstindustrimuseet i Kristiania oppretta ein treskjerarskole på Lesja med Hans Lindsø som lærar. Denne flytta året etter til Dovre, og desse to skolane vart formelt slått saman 1903 med Lindsø som lærar i treskjering. Seinare var fleire av dei leiande treskjerarane i landet lærarar her, og skolen fekk mykje å seie for vidareføringa av den tradisjonelle treskjerarkunsten både i Gudbrandsdalen og i landet elles. Det er først og fremst på grunn av denne skolen at den tradisjonelle treskjeringa har halde seg levande i Gudbrandsdalen heilt fram til i dag.

Verker

  • Dovrebygda, måleri i kommunestyresalen i Dovre
  • romdekorasjonar i hagestua på Frydenhaug gard, Drammen, 1848

Kilder og litteratur

  • O. Lillevik: Hjerleidske Husflidsskule, Dovre. 1886–1936,Lillehammer 1936
  • M. Høgåsen: “Oskeladden som la ut frå Dovre i 1836”, i Årbok for Gudbrandsdalen1959, s. 115–124
  • G. Alfsen: biografi i NKL,bd. 2, 1983
  • M. Flatum: Hjerleids Husflidsskule 1886–1986,Dovre 1986
  • A. Engen: Treskurd og treskjerarar i Gudbrandsdalen,Lillehammer 1998

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Ole Jonsrud, etter foto 1917; Hjerleid vidaregåande skole på Dovre