Faktaboks

Halfdan Halvorsen
Halfdan Andreas Halvorsen
Fødd
29. juli 1849, Vågå, Oppland
Død
30. juli 1899, Fåberg (no Lillehammer), Oppland
Verke
Språkmann
Familie
Foreldre: Justisvaktmeister Hans Halvorsen (1821–76) og Kari Andersdotter Kjøpanger (f. 1826). Gift 1883 med Hendrikke Reinholdine Dorff (f. 29.10.1860), dotter til rittmeister Bernt Dorff (f. 1823) og Fredrikke Sophie Erlandsen (f. 1834). Bror av Caroline Halvorsen (1853–1926).

Halfdan Halvorsen vart fødd 1849, og det ligg nær å kople han til framvoksteren av landsmålet, for det er arbeidet hans med landsmålet som er det han vert hugsa for i ettertid.

Ivar Aasens grammatikk over norsk folkemål kom 1848 og ordboka 1850. Slik som Aasen var også Halvorsen både folkemålsmann og landsmålsmann, og sameleis som Aasen stakk han seg lite fram og arbeidde mest i det stille. Halvorsen døydde 1899, det same året som nemnda Hægstad–Garborg–Flo kom med Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne, og det same året som Hægstad vart professor i “landsmaalet og dets dialekter”. Det fanst jamvel dei som meinte at Halvorsen skulle ha søkt både det professoratet og det Moltke Moe hadde sete i frå 1886. At folk tenkte på han i den samanhengen, fortel iallfall om dugleiken hans. Han hadde også skrive ein grammatikk då han var berre 12 år gammal og i meir mogen alder gjort noko vitskapleg arbeid, men det var snautt nok til å bli professor på. Så søkte han då heller ikkje embetet.

Halvorsen hadde derimot godt grunnlag for å bli landsmålsmann. Han var fødd på garden Kjøpanger i Vågåmo, der mor hans var frå, og han voks opp med vågåmålet. Ulikt mange andre gåverike bygdegutar kom han ut på skule; han vart student frå Lillehammer Skole 1867. Han tok examen philosophicum 1869 og studerte filologi ei tid, men då far hans døydde 1876, gav han opp studiet. Han hadde også utdana seg i ei anna lei. Frå 1871 var han stortingsstenograf og fekk gjetord for å vera svært dugande, “reint eit fenomen”. I tida 1875–99 var han referentsjef i Stortinget. Frå den arbeidsplassen gav han ut nokre band Storthings-Efterretninger. 1873–74 var han medstyrar av Grünerløkkens Skole.

Det var som utgjevar av skrifter på landsmålet Halvorsen sette mest far etter seg. Det meste var knytt til A. O. Vinje og til Det Norske Samlaget. Etter eit års opphald i Storbritannia hadde Vinje 1863 gjeve ut A Norseman's Views of Britain and the British, ei bok med reisebrev som han også ville omsetja og gje ut i Noreg. Då Vinje døydde 1870, var han ferdig med det som vart 120 av 191 sider, og styret i Samlaget bad Halvorsen fullføre arbeidet. Boka Bretland og Britarne kom ut 1873.

Seinare la Halvorsen planen for ei utgåve av A. O. Vinjes Skrifter i Utval. Ho skulle vera på seks band, og dei fire fyrste kom i åra 1883–87 med føreord og merknader av Halvorsen. Dei to siste banda kom 1890 ved Vetle Vislie. I åra 1877–80 skreiv Halvorsen mykje i Fedraheimen. Han sat i styret for Samlaget 1882–86.

Språkvitskapleg verdi hadde det Halvorsen gjorde med den fyrste utgåva av Ivar Kleivens Segner fraa Vaagaa (1894). Han tok seg av skrivemåten, som han hadde bygt på ein grannvar analyse av bygnaden i målet. Johan Storm gav han gode lovord for arbeidet. Like solide var dei språklege merknadene i ei utgåve av Edvard Storms Dølevisor, som Halvorsen gav ut 1898. Av ordbokutgjevaren Hans Ross fekk Halvorsen attest for å ha “tilført Ordbogen mere værdifuldt Stof og hjulpet til at faa fjernet flere Mangler end nogen anden Enkeltmand”.

Verker

  • Omsett A. O. Vinje: Bretland og Britarne, 1873
  • utg. A. O. Vinje: Skrifter i Utval, bd. 1–4, 1883–87
  • red. (sm.m. J. Cappelen) Storthings-Efterretninger 1836–1854, 4 bd., 1888–1903
  • utg. E. Storm: Dølevisor, 1898

Kilder og litteratur

  • Stud. 1867, 1917
  • H. Ross: forord i Norsk Ordbog, 1895
  • nekrologar i Dagbl. 31.7.1899, Den 17de Mai 31.7.1899 og VG 1.8.1899
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 5, 1931