Gardbrukar og politikar. Foreldre: Gardbrukar Henrik Jonsen Five (1854–1927) og Margrete Rømo (1853–98). Gift 1) 26.5.1911 med Bodil Erichsen (5.9.1889–30.5.1924), dotter til grosserar Christian Erichsen og Elisabeth Zahrtmann; 2) 9.4.1927 med Henriette Conradine (“Henny”) von der Recke Holtsmark (19.1.1891–3.1.1982), dotter til landbrukslærar, statsråd Bernt Holtsmark (1859–1941; sjå NBL1, bd. 6) og Johanne Amalie Koller (1866–1917).

Håkon Five blir hugsa først og fremst som Venstres leiande landbrukspolitikar i mellomkrigstida.

Five var fødd og oppvaksen på gard og valde ein utdannings- og yrkesveg som tidleg knytte han til landbruksnæringa. Han tok eksamen ved Mære Landbruksskole 1901 og ved Norges Landbrukshøgskole 1905. Fem år seinare tok han også sosialøkonomisk embetseksamen. I åra 1905–14 underviste han ved Sem Landbruksskole, og 1910–17 leidde han Selskapet for Norges Vels undersøkingar av driftstilhøva i landbruket.

1917 tok karrieren hans ei avgjerande vending. Han vart utnemnd til sjef for det nyskipa rasjoneringsdirektoratet, og to år seinare henta Gunnar Knudsen han inn i regjeringa som provianteringsminister (til juni 1920). Mellom Gunnar Knudsen og den unge statsråden utvikla det seg eit nært politisk og personleg tillitsforhold, og det er neppe tvil om at Five var Gunnar Knudsens “kronprins” da venstreleiaren trekte seg frå Stortinget 1921. Men Five ønskte eit avbrot frå politikken. 1920 reiste han til USA som landbruksutsending eit års tid, og hadde planar om å nytte tida fram til 1924 til m.a. landbruksstudiar i Roma; “hvis der saa er bruk for mig i norsk politik vilde jeg føle at jeg havde den fornødne ydre forberedelse”, skreiv han til Gunnar Knudsen.

Men Five fekk ikkje så lang utsetting. 1921 gjekk han inn i Otto Blehrs regjering som landbruksminister, vart vald til stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag og fekk plass i Venstres landsstyre. Han kunne ikkje – og ville neppe – gjere J. L. Mowinckel rangen stridig som ny leiar for Venstre, men som stortingsrepresentant (1922—27 og 1933–36), som landbruksminister i tre regjeringar (1921–23, 1924–26 og 1933–35) og som nestleiar i Venstre frå 1927 kom han til å få ein dominerande innverknad på Venstres landbrukspolitikk i store delar av mellomkrigstida. Også i den allmenne økonomiske politikken var han ein av hovudtalsmennene for partiet og høyrde til dei mest konsekvente frihandelsvener i tollpolitiske spørsmål. 1927 vart han utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag, søkte permisjon frå Stortinget og var utanfor storting og regjering fram til 1933.

Fives landbrukspolitikk var prega av eit heilskapssyn på norsk jordbruk. Målet var å auke den totale matproduksjonen ved å utvide det dyrka arealet og gjere det meir produktivt. Valet av virkemiddel var tilpassa ei idealtypisk brukseining: det rasjonelt drivne og langt på veg sjølvforsynte småbruket. I småbruka låg det største nydyrkingspotensialet, og statlege støttetiltak burde først og fremst kome slike bruk til gode. Også den omstridde kornordninga måtte skipast slik at ho stimulerte til sjølvhjelp på garden. Fives “småbruksfilosofi” kom til uttrykk m.a. i støtte til nydyrking, i framlegget til ny jordlov (1928) og i kornsaka. Den sistnemnde vart “løyst” 1929 med eit kompromiss som ikkje var heilt i Fives ånd.

Da Five 1933 kom tilbake som landbruksminister i Mowinckels 3. regjering, var det kriseproblema i jordbruket som representerte den politiske utfordringa. Men Five ville ikkje la kortsiktige krisevurderingar styre politikken inn på eit nytt spor, og han hadde lite anna å tilby enn produktivitetstiltak frå statens side. Det provoserte Bondepartiet og vart ei medverkande årsak til regjeringsskiftet og “kriseforliket” mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet 1935.

Håkon Five vart avsett som fylkesmann av NS-styresmaktene 30. juni 1941. Han vart forvist til garden sin i Kvam, der han døydde 1944.

  • Veiledning i landbruksregnskap, 1910
  • Undersøkelser over jordbrukets driftsforhold. 1. Veiledning i landbruksregnskap, 1920
  • Aktuell jordbrukspolitikk, Trondheim 1921
  • Landbrukskrisen i Norge og verdenskrisen, 1933
  • HEH 1938
  • K. Indrehus: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • biografi i Haffner, bd. 1, 1949
  • J. Bjørgum: Venstre og kriseforliket, 1970
  • Ø. Hveding: Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden, 1982

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (granitt) av Arne Durban, 1950; Norges veterinærhøgskole, Oslo