Motstandsmann, bonde og typograf. Foreldre: Bonde Aksel Emil Jonassen Tomstad (1887–1918) og Berthe Tonette Gunleivsdatter Helle (1891–1983; ho gift 2) med Nils Tobias Søyland, 1882–1961). Gift 29.9.1945 med Tordis Sofie (“Fie”) Rørvik (11.4.1920–5.7.2002), dotter til John Gustav Teodor Jonassen Rørvik (1881–1970) og Andrea Elisabeth Tobiasdatter (1882–1967).

Gunvald Tomstad var motstandsmann under den annen verdenskrigen, med ein illegal radiosendar heime på garden Helle ved Flekkefjord. Han gjekk inn i NS og levde eit farleg liv som dobbeltagent til han vart avslørt og måtte flykte til Storbritannia.

Tomstad miste faren som liten og voks opp hos morfaren Gunleiv Helle, som han arva garden etter som 22-åring 1940. Han gjekk i lære som typograf i lokalbladet Agder i Flekkefjord. Då redaktør Ingvald Seland ikkje ville trykkje nazipropaganda i bladet, la han det resolutt ned. Tomstad miste dermed arbeidet og dreiv deretter som bonde med mjølkeproduksjon, fruktavl og biavl.

Tomstad var teknisk interessert og prøvde før krigen å byggje ein radiosendar. Denne aktiviteten skulle han få bruk for seinare som vert for den første “Cheese”-sendaren med tovegs radiosamband mellom Agder-regionen og Storbritannia. Som typograf var det og relativt greitt for han å gi ut den illegale avisa Kongsposten, som han distribuerte ei tid etter at tyskarane konfiskerte radioane hausten 1941. Etter avtale med London gjekk han våren 1941 inn i NS for lettare å kunne dekkje over den illegale verksemda med radiosendar heime hos seg på Helle. Han var dobbeltagent fram til tidleg på nyåret 1943, då han vart avslørt av Gestapo og måtte flykte til Storbritannia.

Odd Kjeld Starheim var kamuflert som gardsarbeidar på Helle etter at han kom over med ein radiosendar frå Storbritannia tidleg i 1941. Etter tips frå Johannes Seland og andre motstandsfolk i Flekkefjordsdistriktet hadde Starheim fått plassert radiosendaren hos Tomstad på Helle like utanfor byen. Sendaren var ein lekk i etterretningsnettet “Cheese”, som stod under kommando av Special Operations Executive (SOE), ein britisk organisasjon som bygde opp militær motstand i okkuperte land. Kompani Linge, som Starheim høyrde til, var ein del av SOE. Frå sendaren på Helle gjekk ei mengd opplysningar av interesse for London, om tyske krigsskip og forsyningsskip langs norskekysten, om tyske troppeflyttingar og om utbygging av flyplassar, fort og festningar.

Tyskarar med peileutstyr var stadig på farten for å finne sendaren, som dei observerte var på lufta i distriktet rundt Flekkefjord. Men av di Tomstad vart sett på som ein framståande hirdmann og nazist, vart ikkje huset hans på Helle undersøkt. Han hadde fleire gode hjelparar; mellom desse var Esther Synnøve Øysteinsland – som med overlegg spelte naiv hushjelp overfor tyskarane, Kåre Austad – som hjelpte til med koding og avkoding av meldingane, og Andreas Lone som var radiotelegrafist og kunne betjene sendaren til faste tider på døgnet, medan Tomstad som oftast stod vakt under sendingane. Viktige meldingar formidla Fie Rørvik vidare til Helle, etter at Tor Njaa, leiar for heimefronten i Flekkefjord, hadde samla dei inn i forretninga si frå kurerar i eit distrikt som nådde frå Stavanger til Oslo. Fie Rørvik arbeidde på meieriet der Tomstad leverte mjølk frå garden sin. Dei gifte seg etter krigen.

Motstandsmannen Tomstad vart etter kvart ein leiande NS-mann og framståande nazi-ideolog innan partiet i Flekkefjordsdistriktet. Den sterke sosiale og psykiske påkjenninga som han var utsett for som dobbeltagent, kjem til uttrykk i eit brev han fekk sendt til Starheim i Storbritannia hausten 1941: “Somtid må eg stoppe opp og tenke, er det virkelig deg? Kor er æren din i dag, ja, den må virkelig etterlyses, hvis eg noensinne får den igjen. Mitt navn klinger likeså godt som Quislings på lepene til folk i vid omkrets. Eg synes veldig synd på min mor. Hun tar det nokså hardt, i går gråt hun da hun var hos meg, eg har jo alltid vært hennes hjertebarn.”

Dobbeltspelet heldt fram til tidleg på nyåret 1943, men til slutt gjekk det opp for SS-Hauptscharführer Lipicki og SS-Sturmscharführer Lappe at Tomstad stod bak den illegale radioverksemda. Han kom seg unna i siste liten, flykta til Sverige og seinare til Storbritannia. Eit eventyrleg dobbeltspel hadde fått ein dramatisk, men lykkeleg slutt for det som i bok og film er kalla “Det største spillet”.

Mot slutten av krigen og i etterkrigstida var Tomstad ein bitter mann og motstandar av krig; han var såleis ikkje glad for medaljar og ordenar han fekk. Han grov dei ned under eit plommetre i hagen på Helle og sa at dei låg best slik – med tanke på alle venner og kameratar som hadde mist livet under krigen.

For alt har sin pris. Langtidsverknaden av dobbeltrolla som motstandsmann og NS-ideolog melde seg mentalt med full styrke når fredsåra og kvardagen kom. Tomstad er eit eksempel på kva freden kosta. Han døydde fysisk og psykisk nedbroten berre 51 år gammal. Framme på kista låg det krans frå kong Olav. Ein framståande motstandsmann frå distriktet, Linge-karen Tor Hugo van der Hagen, var mellom dei som sa minneord ved gravferda og oppsummerte Tomstads innsats slik ved båra: “Du satsa alt, men nå har du ofra alt.”

  • E. O. Hauge: Mannen som stjal Galtesund, 1955
  • P. Hansson: Det største spillet, 1965 og 1982
  • Vest-Agder Fylkesmuseum (utg.): Motstandskampen på Agder 1940-45, Kristiansand 1992
  • A. Moland: I hemmelig tjeneste, 2001
  • M. Haugland: I natt gjelder det!, 2001 (med bibliografi)

    Film

  • Det største spillet, 1967 (finst òg som videofilm)
  • Minnestøtte med relieff av Per Palle Storm, 1977; ved Flekkefjord kyrkje