Faktaboks

Grethe Authén Blom
Fødd
1. mars 1922, Bærum, Akershus
Død
26. mars 2004, Trondheim, Sør-Trøndelag
Verke
Historikar
Familie
Foreldre: Kontorsjef Otto Fredrik Authén (1886–1972) og Borghild Bønsnæs (1894–1972). Gift 1949 med lektor Nils Ursin Blom (9.1.1919–), son til apotekar Johan Grundt Blom (1884–1956) og farmasøyt Halldis Ursin.

Grethe Authén Blom gav viktige bidrag til norsk og nordisk middelalderhistorie. Ho var den andre kvinnelege historieprofessoren i Noreg, og den første kvinnelege preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Ho voks opp og gjekk på skole i Bærum. Etter examen artium 1941 var det ikkje tvil om at vegen skulle gå til universitetet og at historie skulle vera i fagkretsen. Ho vart cand.philol. 1948 med faga engelsk og norsk i tillegg til hovudfaget historie.

Ved eksamensbordet åpna det seg sjansar til ein vitskapleg karriere som kom til å falla i to markerte periodar, kvar på omlag 20 år. Professor Johan Schreiner d.e., som ho hadde skrive hovudoppgåve for, kunne tilby engasjement for å studera klimautvikling på grunnlag av materiale om tømmer- og trelastproduksjon. Dette vart starten på perioden som oppdragsforskar. Schreiner var også hovudredaktør for eit verk om Trondheim bys historie, og Grethe Blom vart engasjert til å skriva mellomalderbindet i dette verket. Dei seinare professorkollegaene Knut Mykland og Rolf Danielsen var i gang med sine bind; dei etablerte seg i Trondheim, men ho følgde med dit mannen fekk sitt arbeid. 1949 hadde ho inngått ekteskap med lektor Nils Blom. Ein periode gav det adresse Brumunddal, seinare bar det tilbake til Bærum. Ho utførte sine forskningsarbeid i kombinasjon med å vera husmor, og etter kvart mor til to søner.

Etter boka om Trondheims eldste historie følgde eit skrift til 200-årsmarkeringa av starten på høgre teknisk undervisning i Noreg i 1757. Seinare hadde ho eit engasjement ved Den rettshistoriske kommisjonen for å arbeide med utgjeving av gamalt lovmateriale. Frå 1958 kom ho i gang med det arbeidet som gav henne doktorgraden 1968 og vart eit viktig grunnlag for utnemninga til professor i historie ved Universitetet i Trondheim 1969. Ved utnemninga vart Grethe Blom den andre kvinnelege professor i historie i Noreg, og fram til 1989 sat ho i professoratet i Trondheim, den einaste faste stilling ho hadde i sin karriere.

Som ei av svært få kvinner med toppkompetanse på fagfeltet opplevde ho press og krav om å delta i organ som skulle ha kvinnerepresentasjon. Ho tok sin rundelege del av administrative plikter både på lokalt og sentralt plan, men var lite innstilt på å akseptere anna enn strengt faglege grunnar for deltaking. 1989 gjekk ho over på seniorstipend for å ferdigstille eit av sine største vitskaplege arbeid. Ho vende dernest tilbake til Trondheims historie og skreiv, under seig kamp med sjukdom, mellomalderbindet i det historieverket som vart utgjeve til byjubileet 1997.

Grethe Bloms innsats som historikar knytte seg til fleire felt. I arbeida om Trondheim viste ho seg både som mellomalder- og byhistorikar med orientering i nærliggjande fagfelt som arkeologi og norrøn filologi. I fleire andre arbeid skreiv ho om hansa- og handelshistorie. Sentralt står doktoravhandlinga om Kongemakt og privilegier i Norge inntil 1387, der dei mange sidene ved privilegiepolitikken i mellomalderen vert analysert. Dette var eit viktig nybrottsarbeid. Seinare kom ho til å konsentrere mykje av sitt vitskaplege arbeid omkring nordisk politisk historie på 1300-talet. Ho avslutta dette med å gje ut tobindsverket Norge i union på 1300-tallet (1992).

I arbeidet sitt knytte ho mange kontaktar utover, mest til andre nordiske land og til Tyskland, og ho var oppteken av kontakt med andre vitskapar. Det fall naturleg å engasjera seg i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, der ho vart medlem 1970. I dette landets eldste vitskaplege, tradisjonsrike og sterkt mannsdominerte selskapet var Grethe Blom i åra 1982–89 den første kvinnelege preses. For sin innsats for historiefaget og for DKNVS fekk ho 1992 Gunnerusmedaljen, den høgaste heider dette selskapet gjev.

Verker

  • St. Olavs by. Ca. 1000–1537, bd. 1 i J. Schreiner (red.): Trondheim bys historie, Trondheim 1956
  • Fra bergseminar til teknisk høyskole, 1957
  • Kongemakt og privilegier i Norge inntil 1387, dr.avh., 1967
  • Norge i union på 1300-tallet. Kongedømme, politikk, administrasjon og forvaltning 1319–1380, 2 bd., Trondheim 1992
  • Hellig Olavs by. Middelalder til 1537, bd. 1 i J. Sandnes (red.): Trondheims historie 997–1997, 1997

Kilder og litteratur

  • Opplysninger fra Grethe Authén Blom 1998
  • S. Supphellen (red.): Kongsmenn og krossmenn. Festskrift til Grethe Authén Blom, DKNVS Skr. nr. 1/1992, Trondheim 1992