Orgelbyggjar og organist. Foreldre: Orgelbyggjar Johann Heinrich Gloger (ca. 1670–1732) og Katharina Margaretha Meyer (f. 1679). Gift 1) 30.12.1745 i Kristiansand med Pernille (Petronelle) Nielsdatter Klastrup (ca. 1728–1763), dotter til kjøpmann Niels Larsen Klastrup (død 1755) og Inger Pedersdatter Schaarup (død 1748); 2) 3.1.1770 i Sem med Dorothea Catharina Lund (ca. 1714–1772); 3) 2.4.1773 i Sparbu med Lucia Rasbech (død 1773), dotter til løytnant Friderich Christian Rasbech og Lucie Pedersdatter Schjelderup; 4) 25.4.1774 i Sparbu med Ester Abel Parelius (1743 (døpt 3.10.)–4.3.1812), dotter til Steen Steensen Parelius (1708–85) og Chatrine Marie Brunbass (1713–52).

Gottfried Heinrich Gloger var den første orgelbyggjaren her til lands som hadde orgelbygginga som hovudnæring. Dette skuldast eit fagleg format som sette han i stand til å hevde seg i forhold til utanlandsk konkurranse og til å bryte dei regionale grensene som alle andre norske orgelbyggjarar til inn på 1800-talet var viste til å arbeide innafor.

Både faren, ein eldre bror av faren og begge dei eldre brørne til Gloger var orgelbyggjarar. Dei første læreåra har han utan tvil hatt hos faren, men han reiste heimafrå alt 1727. Kor han da gjorde av seg, er ukjent. Ei opplysning om at han skal ha arbeidd hos Christian Vater, elev av den store Arp Schnitger, slik som ein annan av brørne, let seg ikkje stadfeste. Sikrare er derimot opplysninga om at han skal ha vore eitt år hos Schnitger-eleven Lambert Daniel Kastens i København.

Glogers første arbeid her i landet var ombygginga i Korskirken i Bergen 1738 av eit gammalt orgel som var innkjøpt frå København. Deretter har han truleg utført ei tilsvarande ombygging av Mariakirkens orgel. Hans neste sikre arbeid er i Risør, der han bygde nytt instrument til kyrkja 1742–43, og i Kristiansand domkyrkje. 1746 fekk han kongeleg privilegium på å vere orgelbyggjar i Noreg. I Bergen domkyrkje bygde han 1747–49 sitt neststørste instrument, med 38 stemmer og tre manual. Deretter følgjer ei rekkje reparasjonsoppdrag før han blir engasjert til sitt aller største arbeid: bygginga av orgel til den nye Kongsberg kyrkje 1760–65. Dette instrumentet fekk 42 stemmer og tre manual. På ny følgjer reparasjonsoppdrag, deretter eit nytt, mindre orgel til Sem kyrkje, før han drog til Trøndelag, der han bygde mindre orgel til Mære kyrkje og Stiklestad kyrkje.

Ved sida av orgelbyggjarverksemda hadde Gloger også organiststillingar, først eit par år i Risør, og deretter i Kristiansand frå 1747 til han overlet stillinga til etterfølgjaren for 600 riksdalar 1769. I organisttenesta måtte han rett nok halde vikar under sine lange fråvere, men ho representerte likevel ei verdifull, fast inntektskjelde, som han no sa frå seg. Også på Mære og deretter på Stiklestad blei han organist, men mot ei så låg lønn at han ikkje kunne gravleggjast utan økonomisk hjelp.

Dei siste åra av Glogers liv var tunge, og ettermælet hans har lide under dette. Han bygde Kongsberg-orgelet i leigde lokale der i byen i staden for å føra det ferdig opp til Kongsberg frå ein permanent verkstad ute ved kysten, der kostnadsnivået var lågare. Han miste første kona si under arbeidet der og blei sitjande igjen med omsorgen for fleire mindreårige barn, han blei ramma av sjukdom og fekk vanskar med å gjere seg ferdig. 1765 skreiv han audmjukt om sine “höyt-trængende Omstændigheder, formedelst adskilligt Kors og i sær Sygdom, som den höyeste Gud haver Behaget at paalægge mig”, men gjekk deretter systematisk i gang med å fylle sine kontraktmessige plikter og nedbetale gjeld, og det ser ut til at han med mye slit har lykkast i å gjenreise så vel tillit som respekt.

Glogers orgel fekk alle ei lang levetid, før nye klangideal saman med teknisk slitasje førte til at instrumenta fall i miskreditt hos organistane frå midten av 1800-talet av og forsvann ut av kyrkjene, dei siste så seint som inn på 1900-talet. Men før dette var dei haldne for svært gode: “Vi kand ikke andet Siige, end med Værket at være vel fornöyet, og til staae Ham det Skudsmaal, at Hand dermed har giort sin Fliid,” skreiv magistraten i Bergen 1760 om Gloger og domkyrkjeorgelet, og mange hugsa den vakre klangen lenge etter at instrumenta var erstatta med nye.

Frå 2001 kan ein igjen oppleve eit Gloger-orgel i full funksjon. Orgelet i Kongsberg kyrkje, som fekk store vasskadar under ein brann i kyrkja 1889, er no restaurert; ein tredel av dei opphavlege pipene er bevarte, resten er rekonstruerte. Orgelet spenner over fire oktavar og er stemt noko lågare enn kammertona.

Av stor fagleg interesse er ei skriftleg utgreiing om orgelbyggspørsmål Gloger etterlet seg i Kongsberg, og vurderingane hans av manglane i det nye Busch-orgelet i Vår Frue kyrkje i Trondheim 1773 syner stor innsikt og klokskap.

    Orgel

  • Risør kyrkje, 1742–43 (prospekt bevart)
  • Kristiansand domkyrkje, 1745–47
  • Bergen domkyrkje, 1747–49
  • Kongsberg kyrkje, 1760–65 (orgel bevart)
  • Sem kyrkje, 1768 (prospekt bevart)
  • Mære kyrkje, 1771
  • Stiklestad kyrkje, 1776 (prospekt bevart)
  • H. Meyer: Samlinger til den Berømmelige og Navnkundige Norske Handel Stad Bergens Beskrivelse,bd. 1, 1764, utg. av Bergens historiske forening ved B. E. Bendixen, Bergen 1904
  • E. A. Thomle: “Organist Johan Ludvig Schweigaard”, i PHT,København 1888
  • T. Lindstøl: Risør gjennem 200 aar. 1723–1923,Risør 1923
  • A. Bugge: biografi i NBL1,bd. 4, 1929
  • J. E. Brodahl: Trondhjems kultur. Vor Frue kirkemusik,Trondheim 1937
  • N. Parelius: “Hr. Steen Clausen Parelius i Sorø og hans efterslekt i Danmark og Norge”, i NST,bd. 11, 1948
  • S. H. Finne-Grønn: “Gottfried Heinrich Gloger”, i NST,bd. 11, 1948
  • W. Swensen: “Orgel og klokker”, i A. Bugge og H. Alsvik (red.): Kongsberg kirke,1962
  • L. Selle: “Die Orgelbauerfamilie Gloger” (1–3), i Acta organologica,bd. 4–6, Berlin 1970–72
  • N. Friis: Orgelbygning i Danmark. Renæssance, barok og rokoko,2. utg., København 1971
  • H. Huldt-Nystrøm: “En orgel-besiktigelse i Vår Frue kirke i året 1773”, i Johan Daniel Berlin 1714–1787,Ringve Museums Skrifter nr. 4, Trondheim 1987
  • S. J. Kolnes: Norsk orgelkultur,1987