Kjøpmann og skipsreiar. Foreldre: Stadskaptein og handelsmann Jacob Jansen Kielland (1727–88) og Elisabeth Schanche (1733–84). Gift 8.4.1783 med Johanna Margaretha Bull (21.7.1758–31.3.1818), dotter til prost Jens Bull (1718–1804) og Axeliane Christine Smith (1737–62). Svoger til Jens Zetlitz (1761–1821); farfars far til Kitty Kielland (1843–1914), Alexander Lange Kielland (1849–1906), Valentin Kielland (1866–1944) og Axel Christian Zetlitz Kielland (1853–1924; sjå NBL1, bd. 7); farfars farfar til Jens Zetlitz Monrad Kielland (1866–1926) og Thor Bendz Kielland (1866–1944).

Gabriel Schanche Kielland var ein av Stavangers leiande kjøpmenn og skipsreiarar ved inngangen til 1800-talet og ein typisk representant for sin stand: samfunnsengasjert og sjølvmedviten, sjenerøs og forretningsmessig varsam, utan at det låg noko motsetnadstilhøve i dette på den tida.

Kielland voks opp som einaste son i ein velståande kjøpmannsheim. Han valde likevel ikkje opplæring i handelskunnskap i utlandet, slik far hans hadde gjort. Han hadde vidare interesser enn faren, var opptatt av det rike åndslivet i samtida og valde å studera klassisk filologi. At han likevel enda opp som Stavangers leiande kjøpmann, hang dels saman med den sviktande helsa til faren, som trong praktisk kontorhjelp i forretningsverksemda. Gabriel stilte opp, men gjekk likevel ikkje inn som juniorsjef. I staden tok han 1783 borgarbrev i Stavanger og starta eiga handelsverksemd. Først hausten 1787 vart Gabriel tatt opp som kompanjong. Han løyste seinare ut systrene sine og vart eineeigar av både eigedomane og handelshuset etter faren. 1790 slo han dei to verksemdene saman til eitt firma, som heldt fram under namnet Jacob Kielland & Søn.

Gabriel Schanche Kielland var ein dyktig forretningsmann. Han starta med ein nedarva tillit og eit godt innarbeidd firma. Gode innanlandske og utanlandske forretningskontaktar gav han også eit godt startgrunnlag. Han hadde ein skarpare og livlegare intelligens og ein meir fruktbar fantasi enn far sin. Han skal også ha vore meir handlekraftig og hadde ei meir solid allmennutdanning, men han mangla brei erfaring innan handelsyrket. Han gjennomførte difor i 1780- og 1790-åra lange studiereiser i Norden og i Storbritannia og Holland for å vidareutvikla dei kontaktane faren hadde bygd opp, og for å etablera nye. Firmaet Jacob Kielland & Søn vart under Gabriel Schanche Kielland det leiande handels- og reiarfirmaet i Stavanger.

Kielland besøkte fleire av dei store handelshusa på Austlandet. Desse både imponerte og begeistra han, med si nærast fyrstelege livsform. Den livsforma han der møtte, passa han godt. Han hadde eit avmålt, noko sjølvsikkert vesen; han var både forfengeleg og ærgjerrig, og han gjorde lite for å skjula det. Han var “som en Konge i Staden”, sa Alexander Lange. På den andre sida hadde han også evne til å vinna vener og skapa fest omkring seg. Han fekk difor ein eineståande posisjon i den vesle heimbyen. Berre 27 år gamal vart han utnemnd til kaptein i borgarvæpninga og året etter vald til formann for byens eligerte menn. Etter kvart fylte han fleire andre kommunale tillitsverv. Mellom anna fekk han fleire konsulære oppdrag. Som britisk visekonsul førte dette mellom anna til at han i 1790-åra fekk hindra at eit par britiske fregattar på kapertokt krenka Danmark-Norges nøytralitet.

Men også ut over dette viste Kielland eit vidt samfunnsengasjement. Med stor kraft kasta han seg over saker som militære spørsmål, vegspørsmål, fyrspørsmål og losspørsmål, han starta oppdyrking av Egenæsløkkene vest for byen og organiserte leseselskap. Han gav 1000 riksdalar til eit arbeidshus for byens arbeidslause, og ikkje sjeldan vart byens utgifter finansierte ved lån frå Kielland. Denne rastlause aktiviteten var forankra i ein frisk radikalisme og rasjonalisme. Han er karakterisert som opplysningsven, filantrop og patriot, han var opptatt av Voltaire, men samtidig vart røtene tilbake til ei kristen åpenbaringstru aldri heilt brotne. Han var eit samansett menneske.

Kielland vart påskjøna for sitt samfunnsengasjement ved å bli utnemnd til hoffagent med justisråds rang 1803, og 1809 vart han riddar av Dannebrogordenen. Eit lite tilbakeslag må det difor ha vore då han 1814 ikkje vart valt til byens representant til riksforsamlinga på Eidsvoll. I staden valde byen den yngre og meir folkelege motkandidaten P. V. Rosenkilde. Derimot vart Kielland vald til stortingsrepresentant året etter. Rett nok møtte han ikkje på grunn av sjukdom, men valet må ha gitt han ei kjensle av oppreising.

I ettertid er Gabriel Schanche Kielland kanskje mest kjent som “gamlekonsulen” i Alexander Kiellands roman Garman & Worse, og like utanfor Stavanger sentrum står det staselege landstedet hans, Ledaal, bygt 1800–03, som eit konkret vitnemål om både tida og mannen. (Namnet Ledaal hadde Kielland laga av sistebokstavane i namna til seg sjølv og kona – GabrieL SchanchE KiellanD og JohannA MargarethA BulL.)

    Etterlatne papir

  • Jakob Kielland & Søns forretningsprotokoller (kopibøker, rekneskapsbøker m.m.) i UBO
  • papir vedrørande familien og handelshuset Jacob Kielland & Søn i Stavanger Museum
  • A. C. Z. Kielland: Stamtavle over Familien Kielland, Stavanger 1878
  • d.s.: Familien Kielland med dens kognatiske Ascendents, 1897
  • O. Aurenes: “Hoffagent Gabriel Schanche Kielland, Ledaals byggherre”, i Stavanger Museum. Årshefte 1938–1939, Stavanger 1940, s. 85–94
  • H. Hals II: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • J. Lunde: Handelshuset bak Garman & Worse. Jacob Kielland & søn, 1963
  • L. Opstad: “Gabriel Schanche Kielland og hans drakt. Et portrett og dets maler”, i Stavanger Museums Årbok 1947, Stavanger 1948, s. 103–117

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (portrett) av H. C. Hosenfelder, 1787; Ledaal, Stavanger
  • Silhuett av F. L. Schmitz, 1813; sst