Romersk-katolsk ordensgeistleg og litteraturforskar. Foreldre: Disponent Olaf (“Ole”) Anders Thorn (1865–1915) og Elisa (“Lisi”) Nordfors (f. 1865).

Pater Finn Thorn var den første norske dominikanar etter reformasjonen. Han engasjerte seg kraftfullt i økumenisk arbeid og var også aktiv som foredragshaldar og skribent, især om litterære emne.

Thorn voks opp i Kristiania. Etter examen artium på latinlinja på Fagerborg skole 1926 begynte han å studere teologi ved Universitetet i Oslo, men avbraut teologistudiet og gjekk over til filologi, samtidig som han orienterte seg meir og meir i retning av den katolske kyrkja. Han konverterte 1928. To år etter tok han eksamen i engelsk, men avbraut filologistudiet og drog 1931 til Paris, der han tok fatt på ei katolsk presteutdanning med filosofistudium ved Institut Catholique 1931–32. Etter at han gjekk inn i Dominikanarordenen 1932, studerte han vidare ved dei franske dominikanaranes studiehus Le Saulchoir i Kain, Belgia 1933–39. Han blei ordinert til prest 1937, overført til dominikanarklosteret i Oslo 1939 og var knytta til dette klosteret fram til sin død.

Pater Thorn verka som dominikanarprest i Oslo i ei årrekkje. Han var ein aktiv og omtykt predikant i St. Dominikus, kyrkja til dominikanarane, og mykje brukt som foredragshaldar og skribent. Det er karakteristisk for Thorn at han var den første norske katolske prest som engasjerte seg i økumenisk arbeid. Det skjedde alt da han kom attende til Norge, og soknepresten, Monsignore Kjelstrup, så med uro på at pater Thorn mangla den “horror haeresis”, avsky for kjetteriet, som han sjølv meinte var viktig for gode katolikkar. Finn Thorn hadde såleis gode kontaktar og nære samarbeidspartnarar i Den norske kyrkja. Han var med og grunnla ei katolsk-luthersk studiegruppe, der m.a. Einar Molland, Leiv Aalen og etter kvart Inge Lønning var verksame. 1939 var han med på å stifte Katolsk Studentlag, der han også var aktiv i mange år, m.a. som kapellan 1959–65.

Februar 1945 blei pater Thorn arrestert av tyskarane mens han las messa på Katarinahjemmet. Han sat på Grini til krigen var slutt, på den såkalla prestebrakka, der han fekk ta del i djupe økumeniske samtalar og opplevde vennskap på tvers av alle kyrkjegrenser.

Pater Thorns økumeniske sinnelag blei forma alt i studietida. Det var derfor ei stor glede for han at det blant dokumenta frå det 2. Vatikankonsil også var eit dekret om økumenikk. Det blei presentert av pater Thorn under ei gudsteneste i St. Olav domkyrkje i Oslo 25. januar 1965. Denne presentasjonen markerer den offisielle katolske aksepten i Noreg av økumenisk arbeid.

Pater Thorn var prior i St. Dominikus kloster 1949–57. Saman med pater Hallvard Rieber-Mohn tok han initiativ til å stifte Katolsk Forum i 1950-åra. Han var vidare kapellan for nonnene i Lunden kloster i Oslo frå om lag 1960 til 1967; og 1974–91 var han kapellan for St. Josephsøstrene. Han døydde på St. Josephsøstrenes pleieheim i Oslo 1998.

Ved sida av prestegjerninga si dreiv Finn Thorn også litterære studium. Han var dessutan friluftsmenneske og aktivt medlem av Den Norske Turistforening. Han har skrive bøker om Sigrid Undset og Arne Garborg, om Ibsens Brand og om Peer Gynt. At hans sjølvbiografi er kalla Luther i mitt liv som katolikk, er ikkje tilfeldig og reflekterer hans djupe økumeniske sinnelag. Så var det da også hans økumeniske verke som blei framheva i preika ved rekviemmessa 28. september 1998 og også i den nekrologen biskop Fredrik Grønningsæter skreiv i Vårt Land. Her blir Thorn karakterisert som “en katolsk økumen av sjeldent kaliber”.

    Eit utval

  • Kristen enhet. Den katolske kirkes holdning til de andre kirker og det kirkelige enhetsarbeid, 1942
  • Hvor står den lutherske og den katolske kirke idag? To synspunkter (sm.m. I. Lønning), 1967
  • Henrik Ibsens “Peer Gynt”. Et drama om kristen identitet, 1971
  • Arne Garborg og kristendommen. Brytninger mellom tro og tvil, 1972
  • Derfor kirke. Spenninger i norsk kirkeliv idag, 1974
  • Sigrid Undset. Kristentro og kirkesyn, 1975
  • Katolsk og luthersk kirkefornyelse. En økumens tilbakeblikk og håp, 1979
  • Lov og evangelium. Tanker om Henrik Ibsens Brand, 1981
  • Luther i mitt liv som katolikk. Et økumenisk fremtidshåp, 1983
  • Artiklar i St. Olav 1937 s. 217 og 1945 s. 95
  • Stud. 1926, 1951
  • K. A. Pollestad: intervju med pater Thorn, i St. Olav nr. 1/1985
  • artiklar i St. Olav nr. 1/1996 s. 3–5 og (nekrolog) i nr. 10/1998, s. 6–7