Faktaboks

Even Hammer
Fødd
1. juli 1732, Nes (no Ringsaker), Hedmark
Død
22. februar 1800, Molde, Møre og Romsdal
Verke
Embetsmann og økonomisk forfattar
Familie
Foreldre: Sokneprest Ole Hannibalsen Hammer (død 1744) og Ellen Evensdotter Meldal (død 1766). Ugift.

Even Hammer var ein av dei klarast profilerte opplysningsmennene på 1700-talet. Den franske fysiokratismen, som framheldt jordas skapande kraft som grunnlaget for menneskeleg eksistens, var utgangspunkt for dei velmeinande, men kritiske innspela han kom med i Philonorvagi velmeente Tanker til veltenkende Medborgere (1771), og også for hans virke dei 27 åra han sat som amtmann i Romsdals Amt.

Hammer var elev ved Christiania katedralskole og vart dimittert til universitetet i København 1752. Etter nokre års studiar (som gav han magistergraden 1758) var han lærar ved sin gamle skule 1756–68. Deretter tok han ut på ei danningsreise som førte han innom universiteta i Oxford, Cambridge, Leiden, Paris og Göttingen.

Det var soleis eit moderne og intellektuelt velutrusta embetsmannsemne som 1771, under pseudonymet Philonorvagus, lufta fysiokratiske økonomiidear om korleis Noreg burde utviklast materielt og åndeleg. Trass i pamflett-form og høgstemt patriotisme var skriftet òg ein søknad om stilling, der han gjennom dømebruk, notar og litteraturlister ville vise fysiokratismens bruksverdi i dansk-norsk samanheng. Forfattaren vart lagt merke til, meir for skriftets lærde innhald enn for den polemiske forma. Utan annan kjend søknad enn dei 'velmeente Tanker' vart Hammer same året tilsett som sekretær ved Rentekammerets nyoppretta Norske kammer av Struensee-styret. Etter Høegh-Guldbergs maktovertaking vart dette kontoret avvikla, og 1773 vart Hammer utnemnd til amtmann i Romsdals amt, eit embete han hadde til han døydde.

Amtmannsåra fall saman med at opplysningstenkinga gjorde seg gjeldande i den dansk-norske staten, og Hammer fann seg vel til rette med at statsapparatet vart meir profesjonalisert, at økonomisk tenking vart meir vitskapleg, at det praktiske arbeidet vart meir verdsett og at allmugen i aukande grad vart omtala som medborgarar. Det er først og fremst praktisk retta tiltak på bakgrunn av opplysningstenking som karakteriserer amtmannsgjerninga hans. Større skriftlege arbeid kom det ikkje, men både patriotismen og fysiokratismen frå 'velmeente Tanker' følgde med i embetsførsla, og verkelysta sette spor som viste att lenge. Det er gjerne karakteriserande for Hammers embetsgjerning at kontorkorrespondansen auka til nær tre gonger nivået frå før hans amtmannstid.

Hammers større verkefelt viser seg likevel mest gjennom fleire initiativ han tok for å få i gang praktiske ordningar og selskap, institusjonar som merkte seg ut med med lang levetid. Romsdals Practiske Landhuusholdningsselskab frå 1776 er vel det som oftast vert knytt til hans namn, og selskapet var i drift til 1883. På hans initiativ kom det òg i stand ei forsikring for fiskarenker (1783) med han sjølv som ulønt administrator av kassa og fiskarar som styremedlemer. Hammer vart tidleg ein pådrivar for å få til eit betre helsestell, og han utforma 1777 ein konkret plan med tanke på forbetringar, m.a. opplæring av jordmødrer. Etter år med purringar kom det ei ordning med jordmødrer i amtet i 1790-åra.

Even Hammer vart verdsett av si samtid, og han vart både rosa i pressa og offentleg påskjøna fleire gonger. 1777 fekk han rangtittelen justisråd og 1781 vart han etatsråd. Hammer var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Det Nordiske Selskab i London.

Verker

    Eit utval

  • Philonorvagi velmeente Tanker til veltenkende Medborgere, København 1771
  • Vinskibeligheds høye Fornødenhed og ærefulde Løn, København 1776

Kilder og litteratur

  • Biografi (med bibliografi) i Ehrencron-Müller, bd. 3, 1926
  • O. Nordgård: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • A. Øverås: “Upplysningstida i Romsdal”, i SogS 1935
  • A. O. Johnsen: “En amtmann fra oplysningstiden. Etatsråd Even Hammer”. Fremskrittsmannen og patrioten”, i Heimen, bd. 5, 1938–41, 1942
  • A. Døssland: Med lengt mot havet 1671–1835, bd. 1 i Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, 1990
  • d.s.: “Examinerede” jordmødre på landsbygda. Eit pionertiltak i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal distriktshøgskule. Publikasjon nr. 43, Volda 1993

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av ukjend kunstnar, u.å.; Romsdalsmuseet, Molde