Faktaboks

Eva Sivertsen
Fødd
8. juli 1922, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
22. november 2009, Trondheim
Verke
Språkforskar
Familie
Foreldre: Banksjef John Ludvig Sivertsen (1879–1970) og Ragna Oline Moe (1891–1992). Ugift.

Eva Sivertsen var den første kvinnelege professor i engelsk språkvitskap i Noreg. Ho viste seg gjennom val av tema for hovudoppgåve og doktoravhandling som ein fagleg pioner, og ho har gjennom mange år markert seg som ein målmedviten og framifrå administrator. Både fagleg og som universitets- og forskingsadministrator har ho utmerkt seg som viljesterk og prinsippfast. Ho spela ei heilt sentral rolle i oppbygginga av Universitetet i Trondheim (no NTNU), ikkje minst i perioden 1975–81, da ho var rektor. Ho var den første kvinnelege universitetsrektor i Noreg og ein av dei første i heile verda. Sivertsen har vore ein viktig kvinneleg rollemodell gjennom det ho har gjort og betydd. Likevel har ho til tider vore skeptisk til mykje i den moderne politiske feminismen, også feminisme på det faglege, språkvitskaplege området. Ho har meint at solid empirisk grunnlag er nødvendig for teoretiske konstruksjonar og konklusjonar.

Eva Sivertsen voks opp i Trondheim. Ho tok til å studere i Oslo 1943, men da universitetet blei stengt av tyskarane, måtte ho gjere eit opphald i studiane til etter krigen. Ho studerte i London 1949–50, og blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo 1951 med engelsk hovudfag. Hovudoppgåva hadde cockney-dialekten i London som tema. 1952–53 var ho igjen i London, der ho tok The Academic Postgraduate Diploma in Phonetics. Ho hadde deretter studieopphald i Michigan, USA, 1953–55 og igjen 1959–60.

Under studieopphalda i utlandet arbeidde Eva Sivertsen m.a. med Gordon R. Peterson og Kenneth L. Pike. Ho publiserte eit arbeid saman med Peterson og skreiv ei fyldig melding av ei bok av Pike. 1955–57 var ho forskingsstipendiat ved NAVF og 1957–58 universitetslektor i engelsk i Oslo. Ho var sekretær for den 8. internasjonale lingvistkongressen i Oslo 1957, og ho redigerte rapporten (proceedings) frå kongressen etterpå. 1958–60 var ho utdanningsstipendiat ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim. Ho blei dr.philos. 1961, og frå 1961 var ho professor i engelsk språkvitskap ved Noregs lærarhøgskole, seinare Universitetet i Trondheim. Ho blei medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1961 og utnemnd til æresdoktor ved University of Strathclyde 1980. Ho verka som professor til ho gjekk av for aldersgrensa 1992.

Ved Noregs lærarhøgskole (frå 1968 Universitetet i Trondheim, no NTNU) har ho vore styrar ved Engelsk institutt i fire omgangar, til saman i 15 år, formann (dekanus) for Avdeling for filologiske fag 1963–69, og ho var prorektor 1969–72. I to valperiodar, 1975–81, var ho rektor. Sivertsen hadde i perioden 1970–86 viktige posisjonar i NAVF, der ho var medlem av og ordførar i Rådet for humanistisk forsking, medlem av Rådet for samfunnsplanlegging, medlem av og nestformann i styret for NAVF og til sist styreformann 1985–86. Ho har også hatt ei rekkje verv innanfor lærarutdanning og utdanningspolitikk generelt, m.a. som medlem av Forsøksrådet for skoleverket 1968–70, av den norske Unesco-komiteen 1971–75, av Vaksenopplæringsrådet 1984–91, og ho har vore styremedlem og viseformann for Norsk voksenpedagogisk institutt.

Eva Sivertsen var aktiv i lotterørsla. Ho var formann i Trondheim lotteforening 1966–72 og nestformann i styret i Norges Lotteforbund 1977–81. Ho representerte forskingsmiljøa i styret for Norsk Tipping som styremedlem og viseformann 1980–90.

I 1982 blei Eva Sivertsen utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Eva Sivertsens vitskaplege hovudverk er doktoravhandlinga, Cockney Phonology, som blei publisert 1960. Dette arbeidet representerer den første større framstillinga av cockney-dialekten i London, og er eit viktig pionerverk, m.a. fordi det gir ei skildring av engelskspråkleg bytalemål før William Labovs studiar av talemålet i New York City seinare i 1960-åra. I tillegg til å klargjere tilhøvet mellom cockney og Standard English gir Eva Sivertsen i dette verket djuptgåande analysar av meir generelle fonologiske spørsmål. Ho publiserte også ei mykje brukt innføring i fonologi.

Verker

  • A Phonetic Analysis of the Speech of Mrs. Ethel Edwards, Brick Lane, Bethnal Green, London E2, Representing a Not Uncommon Type of London Pronunciation, h.oppg. UiO, 1951
  • Review of Kenneth L. Pike: Language in relation to a unified theory of human behavior, i NtS bd. 18, 1958
  • red. Proceedings of the VIII International Congress of Linguists, 1958
  • Objectives and Techniques of Speech Synthesis (sm.m. G. R. Peterson), i Language and Speech, 1960
  • Cockney Phonology, dr.avh., 1960
  • English Phonetics, Trondheim 1964
  • Fonologi, 1967 (7. opplag 1990)
  • English Intonation. An introduction to J. D. O'Connor & G. F. Arnold: Intonation of colloquial English, 2nd ed., Trondheim 1975
  • red. Tekst i kontekst (sm.m. T. Fretheim og L. S. Evensen), 1993
  • English Intonation. Form and Function, Trondheim 1995

Kilder og litteratur

  • A.-M. L. Olsen og A. M. Simensen (red.): Om språk og utdanning. Festskrift til Eva Sivertsen, 1992
  • HEH, fleire utg