Pedagog og fredsaktivist. Foreldre: Sokneprest Hans Bauge (1889–1967) og Ester Egede Nissen (1894–1992). Gift 1944 med professor Odd Nordland (19.3.1919–22.12.1999), son til overlærar Lars Nordland (1874–1954) og Larsine Wergeland (1885–1961).

Eva Nordland har vore sentral i norsk pedagogikk i andre halvdel av 1900-talet. Ho har vore aktiv på mange område og er særleg kjend for sin innsats i arbeidet for fred og nedrusting.

Eva Bauge var prestedotter og voks opp i ein syskenflokk på seks. Ho vart fødd i Bærum, men like etter flytta familien til Levanger, og som femåring kom ho til Bud i Romsdal. Her fekk ho sterke inntrykk av eit bygdesamfunn der folk hadde eit strevsamt liv under karrige kår. Da ho var 11 år, flytta familien til Bergen. Der traff ho snart Odd Nordland, som ho gifte seg med 1944. Etter examen artium ved Sydneshaugen skule i Bergen og studiar i engelsk og tysk bifag ved Universitet i Oslo gjekk ho i gang med studium i pedagogikk.

Eva Nordland tok magistergraden i pedagogikk 1947. Hennar faglege inspirasjonskjelder var professorane Helga Eng og Heinrich Hanselmann. 1955 vart ho dr.philos, 1957 fekk ho fast tilsetting som universitetslektor i pedagogikk, 1963 vart ho utnemnd til dosent, og 1985–91 var ho professor ved Pedagogisk forskingsinstitutt, Universitetet i Oslo. 1970–72 var ho professor i utviklingspsykologi ved Århus universitet.

Frå 1973 var Eva Nordland vitskapleg leiar for det nystarta sosialpedagogiske studiealternativet ved Universitetet i Oslo, som ho sjølv var initiativtakar til. Dette studietilbodet kjempa ho fram saman med studentar og yngre medarbeidarar. Det sosialpedagogiske studiet var ei følgje av langvarig strid og opposisjon mot eit positivistisk prega pedagogikkfag. Universitetet gav sosialpedagogikken posisjon som eit alternativ til det tradisjonelle pedagogikkstudiet. Det nye studiet var prega av studentsentrering, metodefridom, samfunnsengasjement og relevansvurdering i høve til barns og unges oppvekst og læring. Studentanes faglege engasjement og pedagogiske interesser blei sett i fokus, og det vart lagt stor vekt på prosjekt- og gruppearbeid. Det tradisjonelle karaktersystemet vart òg avskaffa. I staden blei det gjennomført ei godkjenningsordning, tilsvarande den som gjeld ved magister- og doktorgraden og mellom anna ved svenne- og meisterprøva.

1990 var Eva Nordland ein av initiativtakarane til Den sosialpedagogiske høgskolen. Som leiar har ho her utført ein ny pionerinnsats. Denne høgskolen, som nå har hovudsete i Sandnes, tilbyr studiar på deltid med eit tverrfagleg perspektiv.

Eva Nordland har utgitt over 50 fagbøker, som for ein stor del byggjer på eiga forsking, og eit stort tal fag- og debattartiklar. Den foreløpig siste boka kom ut 2000 med tittelen Skritt på en vei. Hennar produksjon er prega av djerve problemstillingar og av vilje til å gå nye vegar og til tverrfaglege tilnærmingar. Ho har alltid synt evne og vilje til å gå på tvers av tradisjonelle faggrenser og har hatt nært samarbeid med fagfolk innan medisin, kriminologi og fredsforsking. Hennar seinaste forskingsarbeid, som starta 2001, er eit studium av kvinner i norske fengsel, med det formål å utvikle vilkår for ei framtid med “selvaktelse”.

Eva Nordland har vore engasjert på mange samfunnsområde. Ho var medlem av det første styret for Norsk utviklingshjelp, leiar for Kringkastingsrådet 1955–60, for Lærerutdanningsrådet 1960–69, medlem av Folkeskolekomiteen av 1963, medlem av Rådet for konflikt- og fredsforsking frå 1964, formann 1966–68, medlem av Nordisk utvalg for internasjonal politikk 1966–68. 1969–70 var ho leiar for Immatrikuleringskomiteen for norske universitet, som utvikla ei nyordning der realkompetanse kunne leggast til grunn for opptak til universitetsstudium. Dette innebar kunnskapskrav i morsmål og eit verdsspråk, saman med praktisk livserfaring og innsikt i samfunnet. 1972–76 var ho leiar av Regjeringas ungdomsutvalg, som i si tilråding mellom anna konkluderte med at unge menneske burde få betre vilkår for å sette ut i livet idear og draumar og utnytte skapande krefter til beste for seg sjølve og samfunnet.

Eva Nordland har i fleire tiår vore engasjert i arbeidet for fred og nedrusting. Ho var ein av tre initiativtakarar til dei store internasjonale fredsmarsjane tidleg i 1980-åra: 1981 København–Paris, 1982 Stockholm–Moskva/Minsk og 1983 New York–Washington. Ho var medstiftar av organisasjonane Nei til atomvåpen (1979) og Kvinner for fred (1980) og styremedlem og seinare leiar for Norges Fredslag 1986–2003. I mange år har ho arbeidd for å utvikle og gjennomføre fredsprosjekt i austeuropeiske land, i sær Russland og Ukraina. 1992 fekk ho den nordiske Kjetter-prisen for sitt arbeid for fred, og 2000 fekk ho Zola-prisen for sivilt mot.

Hovudperspektivet hos Eva Nordland er at det som i første rekkje gir vilkår for utviklinga av ansvarsmedvitne, kreative og truverdige menneske, er oppseding og læring som byggjer på omsorg, oppmuntring og gjensidig tillit. Ho har ei basal tiltru til det gode i mennesket. Samtidig er ho prega av ein slitesterk vilje og eit ukueleg pågangsmot for å bidra til oppvekst, rettferd og fridom.

    Eit utval

  • Ungdomspsykologi. Tilpasningsproblemer i ungdomsalderen, 1949
  • Sammenheng mellom sosial atferd og oppdragelse med en studie av foreldreholdningen som særskilt faktor, dr.avh., 1955
  • Verdier i gammel og ny skole. Fra debatten om reform i skolen i svenske aviser 1920–1956, 1958
  • Psykologi og mentalhygiene, 1968
  • Samfunn og samtid (sm.m. O. Nordland), 2 bd., 1969
  • Pedagogisk psykologi, Stockholm 1972
  • Ungdom i Norge. Om ungdomskultur og ungdomsproblemer i by- og bygdesamfunn, 1979
  • Fredsrøtter. En håndbok i fredsarbeid (sm.m. Tulle Elster), 1982
  • Fremtid for vår jord. Fra atomvåpen til internasjonal sameksistens, 1983
  • Spesialpedagogikk. Gruppen som redskap for læring og utvikling, 1985
  • Miljøpedagogikk. Oppdragelse for et bedre samfunn, 1986
  • Skritt på en vei, 2000
  • Stud. 1939 (Odd Nordland), 1964
  • Stud. 1940 (Eva Nordland), 1965
  • T. Løvskar (red.): Hvem er hun?, 1989
  • H. Sivertsen, L. Vislie og F. B. Stokholm (red.): Kvinne viser vei. Festskrift til Eva Nordland i anledning 60-årsdagen, 1981
  • program (video) med Eva Nordland i serien Pedagogiske Pionerer, 1992
  • HEH 1994
  • H. Jarning: “Eva Nordland – mellom psykologisk og samfunnsrettet pedagogikk”, i H. Thuen og S. Vaage (red.): Pedagogiske profiler, 2004, s. 321–41
  • samtale med Eva Nordland 2003