Faktaboks

Elias Berdal
Elias Petersson Berdal
Fødd
1. februar 1883, Tafjord i Norddal, Møre og Romsdal
Død
10. mai 1971, Oslo
Verke
Forsikringsdirektør
Familie
Foreldre: Lærar og klokkar Peter Andras Karlsson Berdal (1855–1947) og Anne Marie Eliasdotter Grønningsæter (1858–1941). Gift 9.10.1909 med Marie F. Sørlien (22.4.1886–12.7.1975), dotter til bonde Per Sørlien og Ida Thorengen.

Den lærarutdanna Elias Berdal hadde tenkt å bli sjømann, men blei i staden ein av dei fremste økonomane i målrørsla før andre verdskrigen.

Eldst av 14 barn voks han opp i Tafjord på Sunnmøre. Det var mora som heldt han heime frå sjøen og sende han til mellomskule på Voss; foreldra budde då i Tysnes i Sunnhordland. Etter examen artium i Bergen 1902 og første avdeling ved Krigsskulen 1903–04 tok han andreeksamen i Kristiania hausten 1904 og eksamen ved Elverum lærarskule 1905. Vegen vidare gjekk til Alvdal og eitt lærarår ved framhaldsskulen der, og til Lillehammer. Her blei han forsikringsagent for Andvake i Gudbrandsdalen til laget gjekk inn i 1915.

Våren 1917 blei Livstrygdelaget Andvake nyskipa med ein aksjekapital på 300 000 kr. Gjennom eit halvt hundreår var det her Elias Berdal gjorde den fremste innsatsen sin for både samfunn og målsak. 1917 blei han underdirektør i selskapet, og direktør var han frå 1919 til 1954. Etterpå sat han i styret like til 1964, 81 år gammal. Kostnadsmedviten som han var, styrte han utgiftene godt i dei vanskelege startåra etter første verdskrigen. I heile hans tid kunne selskapet syne til gode driftsresultat; Andvake voks seg stort ved å spare, og hadde midt på 50-talet ein trygdesum på om lag 150 mill. kr. Ti år seinare hadde denne vakse til 370 mill. kr. Under leiing av Helgi Valtysson skipa Andvake i 1920 avdelingskontor på Island. 1949 blei dette avdelingskontoret eit sjølvstendig selskap, Liftryg gingsfelagið Andvaka. For det nære samarbeidet med Island blei Elias Berdal utnemnd til riddar av den islandske Falkordenen.

“Livet er interessant, av di det er vanskeleg,” skreiv han i 1952 ved 50-årsjubileet som student. I direktørstolen var han like mykje lærar som bedriftsleiar. Det stod respekt av den strenge, men reinhårige direktøren, men både i sakshandsaminga og i meir private forhold var han også ein viktig rådgivar for dei tilsette, som han typisk nok var dus med. Om han var påhalden med pengane, visste han å hjelpe medarbeidarane sine økonomisk når det trongst. Læraren i han viste seg ved eit målretta språkpolitisk arbeid. Den interessa går nok tilbake til faren Peter, ein ivrig folkehøgskulemann som var med og skipa fleire ungdomslag. Frå første stund var Andvake eit selskap med nynorsk som administrasjonsspråk. Det har sett spor etter seg i ordbøkene: Gjennom Andvake blei ord som “søknad” for “andragelse” eller “ansøkning” vanleg også på bokmål.

Bakgrunnen frå Krigsskulen viser seg att i Berdals interesse for skyttarlaga. Både lokale turnlag, songlag og lærarlag fekk og gleda av hans smittande entusiasme. Elles var det målrørsla han brukte mykje av fritida si til. I åra 1920–23 var Berdal styreformann i Det Norske Teatret, der han også var styremedlem 1937–46. Han styrte Hulda Garborgs stipendfond i over 40 år, frå 1923 til 1965, var styremedlem i Noregs Mållag 1934–39 og formann i Norsk Måldyrkingslag 1950–57. I åra 1939–42 var Berdal direksjonsmedlem i Noregs Bank til okkupasjonsstyret kasta han ut.

Frå 1945 sat han i rådet for Norsk allkunnebok, eit leksikon på nynorsk i ti band som blei avslutta 1966. Røynsle som publisist hadde han fått frå Umbodsmannalaget Trygd, som gav ut julehefte 1911–21. Same utgivaren stod også bak fødselsdagboka Aarmálsdagar (1923), prenta i 20 000 eksemplar og laga av Th. Lerdal og Elias Berdal etter forarbeid av Olaf Hanssen.

Med alderen kom helseproblem som Berdal laut slite med dei siste åra. Då han ikkje kunne vere med på 50-årsjubileet til Andvake i 1967, kom styret i staden heim til "dirken" Berdal.

Verker

  • Aarmálsdagar. Planlagd og skipa av Olaf Hanssen. Ferdigskipa av Th. Lerdal og E. Berdal, 1923

Kilder og litteratur

  • Stud. 1902, 1927 og 1952
  • Aalesunds Avis 26.5.1932
  • “Andvake 50 år 1917–1967”, i Andvake-Nytt nr. 106, 1967
  • I. Kleiva: “Grunn og Gror”, i Norddal bygdebøker, bd. 4, Bergen 1976
  • L. Tafjord og T. Linge: Ættebok for Norddal, del I, i Norddal bygdebøker, bd. 5, 1997