Forfattar. Foreldre: Sjåfør og småbrukar Bernt Martin Økland (1910–47) og småbrukar Sigrun Eriksen (1906–97). Gift 1963 med lærar Liv Marit Martha Nordbø (14.4.1938–), dotter til gartnar Peder Mandius Nordbø og Alma Østrem.

Einar Økland er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur etter 1945, med ei uvanleg evne til å gå nye vegar. Fram til 2005 hadde han gitt ut eller redigert om lag 60 bøker i alle tenkjelege sjangrar for barn, unge og vaksne. Han har gjort mykje for å viske ut skiljet mellom desse tre aldersgruppene, han har vore ein av dei store fornyarane i norsk barnelitteratur, og han har i dei formsikre diktsamlingane sine skapt nye språklege rom for poesi i opposisjon mot romantisk sentrallyrikk. Sakprosaskriftene hans er vesentlege bidrag til norsk kulturhistorie, der Økland syner ei særleg evne til å dokumentere miljø, personar, kunstformer og skrifter som andre har oversett eller knapt visst om.

Økland tok handelsskuleeksamen i Haugesund 1955 og examen artium ved Rogaland off. landsgymnas på Bryne 1959. Ved Universitetet i Oslo tok han embetseksamen i klinisk psykologi 1965 med avhandlinga Forandring i autoritær holdning. Sykepleieelevers møte med en psykiatrisk institusjon. 1964 arbeidde han som psykolog ved 6. avdeling i Oslo kommune, og 1965–66 ved Rønvik psykiatriske sjukehus i Bodø. Sidan 1967 har han livnært seg som diktar og kulturhistorisk essayist. Etter 14 år i Oslo flytta han vestover til Leirvik på Stord, og frå 1985 har han vore skrivande husfar på heimegarden i kystbygda Valestrand i Sveio.

Einar Økland skriv ein stad at “eg kom inn i jazzen for alvor med lyden av Stan Getz, slik han lydde på grammofonplatene frå første halvdel av femtiåra. Ein lyd så lyrisk og så vakkert treffande modulert, at eg framleis grip meg i å forsøke å skrive slik han spelar”. Han debuterte som forfattar med diktet Mine veier er mange i Haugesunds Avis 23.12.1959. I bokform debuterte han med ei diktsamling på Cappelen 1963, men sidan har han gitt ut dei fleste bøkene sine på Det Norske Samlaget.

Grunnteksten i forfattarskapen til Økland er ei ikkjedogmatisk tenking. Alt 1969 formulerte han det som i ettertid kan lesast som ei programerklæring for heile forfattarskapen: Å skrive godt “er å trengje seg gjennom alt ein veit fram mot det ukjende”. Han har vore ein av dei som vil finne ut ting på eiga hand. “Ein kan ikkje vite før ein veit,” seier Økland sjølv. Særleg dei essayistiske og kulturhistoriske studiane hans tek lesaren med til stadene der fantasi og dokumentasjon møtest. Han samlar like gjerne på gjenstandar som på innsikter. Gjennom fleire tiår har han bygt opp eigne samlingar av skrifter og kulturhistoriske gjenstandar der han heller søkjer etter det typiske eller kuriøse enn det komplette. Han er samlaren som formidlar slik at også andre kan få vite.

I mange av skriftene handlar det om å sjå. Økland merkar seg detaljar få andre tenkjer over, leitar fram stoff som er gløymt eller definert som uviktig i kunstfeltet, eller skrivemåtar andre ikkje nyttar. For Økland har arbeidsdeling vore viktig: Han vil gjere det andre ikkje gjer, men burde ha gjort, men ikkje det han meiner andre kan gjere betre. Dette pregar både den mangslungne lyrikken hans og dei mange studiane i norsk bruksgrafikk. Ut frå same tankegangen slutta han å skrive romanar etter 1974. Året før hadde han gitt ut den første barneboka si, Du er så rar. Dei neste tjue åra skreiv han nærmare tjue bøker for barn og unge. Dei språkleg opne tekstane har stimulert biletkunstnarar som Wenche Øyen og Gerhard Stoltz til å dikte vidare på forteljingane hans.

Økland var opphavspersonen til ideen om å lage Sommerset-serien, ein nynorsk ungdomskriminalserie der Sigbjørn Heie, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og han sjølv i åra 1982–87 skreiv til saman 13 bøker under pseudonymet John Donner. Signaturen Tone Hesthammer (V) er eit anna slikt pseudonymt spor, særleg brukt i tidsskrift- og avisartiklar. Personen bak blei alt frå 1970-åra ein av dei mest antologiserte forfattarane våre. For heile generasjonar av skuleelevar er namnet hans knytt til noveller som Black&Decker, og det så mykje at forfattaren sjølv steig fram og gav sine kommentarar til bruk og tolkingar.

I tillegg til alle eigne skrifter har Økland også gjendikta dramatikk, m.a. av Harold Pinter, og dikt av så ulike poetar som Gottfried Benn, Robert Bly, Paul Celan, Noel Cobb, Günter Grass, Federico García Lorca, Hugh MacDiarmid, Pablo Neruda, Georg Trakl og César A. Vallejo.

Dei tre orda “tradisjon, ettertanke og kunnskapssamling” dannar ei bru mellom det Økland skriv av sakprosa og skjønnlitteratur, der han jamleg vandrar mellom det høge og det låge og sjølv gjerne skriv i dei små formata. Det har vore viktig for han å få fram at daglegspråket er godt nok til kva det skal vere. Under det som kan verke som ei overflate av enkle ord i lågstil, ligg djupner av intellektuelle innsikter. Å bryte ut av dei etablerte estetiske kunstnormene var viktig alt frå dei første bøkene hans. Å gå på tvers har vore hans retning, med den faren som ligg i det for at ein del moglege lesarar kan bli stengde ute. Andsynes andre forfattarar har han vore ein raus og streng kollega og ei idémyldrande oppkome av kunnskapar. Den oppkoma ausar han av i både prat og møte og ikkje minst lange telefonsamtalar som fører dit ein minst anar det.

Både tyngda i den samla forfattarskapen og originaliteten i enkeltbøker har gitt Økland eit eige rom i norsk litteraturhistorie. Amatør-album er ein klassikar blant litterære barndomsminne. Med sitt fridoms- og identitetstema er romanen Galskap eit av dei viktigaste eksperimentelle verka i nyare norsk litteratur, og det er heilt typisk for denne forfattaren at han gir ein slik roman undertittelen “underhaldningsroman”. Meir enn nokon annan skreiv Økland modernismen inn i norsk barnelitteratur. Essaya hans om Aksel Sandemose er av det fremste som er skrive om denne forfattaren. I utforskinga av bruksgrafikk og trivialbilete, særleg i tida 1880–1940, har han vore ein pioner.

I tillegg til sitt skrivande arbeid har Økland vore eit organisasjonsmenneske. Dei mange verva og posisjonane hans gjer han til ein av dei viktigaste premissleverandørane i nyare norsk litteratur. Han var konsulent for Bokklubben Nye Bøker 1975–85 og har vore litterær hovudkonsulent for Samlaget sidan 1985 med unntak av åra 1998–99. Han var redaksjonsmedlem i Impuls 1961–63, Profil 1964 og 1966–68, Fossegrimen 1964–67 og Basar 1976–81, og han var bokmeldar i Verdens Gang 1966–68. Økland tok initiativet til å skipe Norsk Forfattarsentrum 1968. Her var han styremedlem 1968–71 og dagleg leiar hausten 1973. Han har vore styremedlem i Norsk Litteraturkritikerlag i to periodar, styremedlem i Den norske Forfatterforening 1989–94, medlem og seinare formann i Det litterære råd 1973–78. I alle år frå 1981 til 1996 var han medlem i ankenemnda for dei litterære innkjøpsordningane i Norsk kulturråd, der han 2001–04 også var varamedlem og seinare medlem i rådet. 1998–99 var han professor 2 ved Høgskulen i Volda.

Einar Økland har fått mykje heider og mange prisar. Mellom desse er Nynorsk barnelitteraturpris 1975, Norsk kritikarlags barnelitteraturpris 1979, Kyrkje- og undervisningsdepartementets biletbokpris saman med Wenche Øyen 1980, Språklig Samlings litteraturpris 1985, Askeladd-prisen (Norsk Barnebokforums pris) 1987, den europeiske barnebokprisen Premio europeo Pier Paolo Vergerio i klassen for poesi 1987, Aschehougprisen 1988, Melsomprisen 1991, Nynorsk litteraturpris 1993, Doblougprisen frå Svenska Akademien 2000 og Samlagsprisen 2000. Han var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen 1996 og ved Dei Nynorske Festspela i Ørsta og Volda 2001, og er heidersmedlem i Det Norske Samlaget.

    (Eit utval)

    Dikt

  • Ein gul dag, 1963
  • Mandragora, 1966
  • Vandreduene. Lyriske stykke, 1968
  • Bronsehesten. Folkeminne, 1975
  • Romantikk. Folkeminne, 1979
  • Blå roser. Folkeminne, 1983
  • Målstokken. Kortstokk (ill. av A. B. Sjur), 1986
  • Når ikkje anna er sagt. Folkeminne (ill. av G. Stoltz), 1991
  • Heile tida heile tida. Folkeminne, 1994
  • Etter Brancusi 1999
  • Poetiske gleder, 2003

    Skjønnlitterær prosa

  • Svart i det grøne (noveller), 1967
  • Amatør-album. Lyrisk landskapsroman med figurar, 1969
  • Galskap (roman), 1971
  • Stille stunder. Manns gaman (roman), 1974

    Samlebøker

  • Gull-alder (lyrikk – prosa – dramatikk), 1972

    Dramatikk

  • Georg: Sit du godt (sm.m. D. Solstad), 1968
  • Aberfan, 1969

    Barnebøker

  • Du er så rar (dikt), 1973
  • Det blir alvor (noveller), 1974
  • Den blå ringen (roman), 1975
  • Slik er det (noveller, ill. av K. Bøge), 1975
  • Ingenting meir (epistlar ill. av F. Graff), 1976
  • Kven veit? Seint i april, tidleg i mai, (roman, ill. av K. Bøge), 1976
  • På frifot (dikt, ill. av O. Torsheim), 1978
  • Sikk-sakk (roman, ill. av G. Stoltz), 1978
  • Ein god dag (biletbok, ill. av W. Øyen), 1979
  • Gutar i røyk. Noveller. Ni ulike historier (ill. av G. Stoltz), 1980
  • Ei ny tid (biletbok, ill. av W. Øyen), 1981
  • Snøsteinen (noveller), 1982
  • Mellom himmel og jord. Vers vrette og vrange (ill. av G. Stoltz), 1986
  • Den dumme. Tretten nye fablar (ill. av G. Stoltz), 1988
  • Walkman. Tolv dagar musikk (ill. av W. Øyen), 1989
  • Siste time. Ni ulike historier, 1992
  • Svarte norske. Vers samla og spreidde, 1997

    Essayistikk

  • Skrivefrukter. Epistlar, artiklar, småstykke frå norsk litteratur 1963–1978, 1979
  • Nå igjen. Artiklar, kommentarar, innlegg, intervju o.a., 1982
  • Måne over Valestrand. Epistlar og essays, 1989
  • I staden for roman eller humor. Essay. Artiklar. Epistlar, 1993
  • Frå helling via hylling til halling. Essay, artiklar, epistlar, 1997
  • I tilfelle nokon spør. Essay, artiklar, småprosa, epistlar, 2001

    Kulturhistorie

  • Reklamebildet. Norske annonsar og plakatar frå hundreårsskiftet til i dag (sm.m. J. Veiteberg), 1986
  • Brevmerke på norsk post, 1988
  • Per Krohg som illustratør, 1989
  • Norske bokomslag 1880–1980, 1996
  • Th. Kittelsen (sm.m. H. Koefoed), 2000

    Bokredaksjonar

  • Moderne prosa. Arbeidsbok frå eit litteraturseminar (sm.m. P.-H. Haugen og T. Obrestad), 1968
  • Bemann barrikadene, fienden har sluppet løs sin pyjamas. Ein antologi over engelsk og amerikansk pop-poesi (sm.m. P.-H. Haugen), 1970
  • Dag Solstad. Et festskrift til 30-årsdagen 16. juli 1971 (sm.m. K. Heggelund og J. E. Vold), 1971
  • Jazz i Norge (sm.m. O. Angell og J. E. Vold), 1975
  • En bok om Georg Johannesen (sm.m. J. F. Grøgaard, K. Heggelund og J. E. Vold), 1981
  • Elias Blix' beste, 1995
  • Gyldendals Aktuelle Magasin nr. 2/1978
  • J. E. Vold: Det sit ein ironikar i logar, i SogS 1980
  • O. Grepstad: Einar Øklands landhandel i litterære artiklar, i Essayet i Norge, 1982
  • O. Karlsen (red.): Ein orm i eit auge. Om Einar Øklands forfatterskap, 1997
  • S. Tusvik og G. Vesaas (red.): Einar Økland 50. Festskrift, 1990
  • temautstillinga Ei røyst som er mi, Nynorsk kultursentrum 2002