Edvard Os var ein sentral mann i målrørsla. Han organiserte lagsarbeidet og gjorde mykje for nynorsk bruksmål. Han arbeidde på mange felt og skreiv både skodespel og bygdebøker.
Os voks opp på garden Os ved Nordfjordeid, der ætta hadde sete frå 1660. Etter mellomskule på Eid 1902 og examen artium i Kristiania 1904 gjekk han Krigsskulen og vart offiser 1907. Han gjekk Den militære høgskulen 1907–09 og var offiser ved Generalstaben 1911–20, der han òg tok eksamen 1920. Os vart kaptein 1916, major 1933 og oberstløytnant 1934. Han var sjef for Varanger bataljon 1934–40 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1940.
Ved sida av offiserskarrieren hadde Os ei sivil laupebane (eller fleire baner). Arbeidet for nynorsk mål fell mest i augo. Heile livet stridde han for nynorsk som organisasjonsmann, talar, publisist og polemikar. Fyrste gongen han stod fram som målmann slik at det feste seg i eit offentleg minne, var då han skapte “mølje” i Kristiania 1904 med å halde russetala på nynorsk. Det vart slagsmål mellom landsmåls- og riksmålsruss etterpå, så politiet måtte rydda ved Wergelandsstytta.
Også i militærstellet prøvde Os å få rom for nynorsk. I ein bladstrid om Måltvangen i forsvarsverket utfordra han “generalane våre” slik at det vart rettssak, og han fekk 28 dagar kakebu for “respektstridig skrivemåte”. Etter eiga utsegn kom han då “på den militære svartelista”. Han førelas på Krigsskulen 1945–46 om mål og målstrev i Noreg. Han laga ei militær ordliste nynorsk–bokmål og bokmål–nynorsk, som kom i fleire utgåver.
Knytt til militæryrket var interessa Os hadde for fysisk fostring av ungdommen. Han gav ut Kroppsøvingar i barne- og ungdomsskulen og skreiv ei hundreårssoge for Eid idrettslag. Som politikar var han den fyrste formannen i Kristiania unge Venstre, og han var formann for Akademisk Samfund i Kirkenes.
I tida 1913–26 var Os skrivar (generalsekretær) i både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, og han styrte medlemsblada Bodstikka 1913–15 og Norsk Ungdom 1918–27. Han bygde ut samskipnadene og dreiv arbeidet effektivt, også ved å gje ut handbøker i lagsarbeid. Indre motsetnader i målrørsla hadde med målsyn, arbeidsmåte og framdrift å gjera, og den dynamiske og uvørne framferda åt Os gjorde at han fekk somme imot seg. Offiseren i han kravde disiplin i rekkjene. Særleg vestmennene i Bergen var lite nøgde med verksemda hans, og dei prøvde lenge å kaste han som skrivar. Då dei i 1926 fekk fleirtalet i styret med seg, lukkast det. Like etter sa han sjølv opp ombodet i Noregs Ungdomslag.
I tevling med utkastet frå Noregs Mållag laga Os eit privat framlegg til det som vart mållova av 1930, han verka inn på føresegnene av 1933 og skreiv om immunitet for lova 1950. Han var konsulent for målbruk i statstenesta 1947–51 og for Noregs Mållag 1956–60. Han rettleidde om mål og målbruk på offentlege kontor i boka Tenestemålet, og handboka Norsk brevbok kom i fleire utgåver 1927–58. Os var styrar for Noregs Boklag 1927–31.
Eit sosialt instinkt gjekk saman med litterær interesse i arbeidet Os la ned for teatret. Under eige namn eller med løyndenamnet Lars Busk omsette han og skreiv ei rad skodespel. Eventyrlandet gjekk på Det Norske Teatret 1921–22. Os var nestformann i styret der 1947–51. Han var livleg av lag, song godt og var ein dugande talar og festleiar, og han gav ut bøkene Amatørteatret og Kjømeisteren.
På eldre dagar utfalda Os seg som lokalhistorikar med å skrive fleire omfattande bygdebøker: Eid og Hornindal, Selje og Vågsøy og Sandøy i Romsdal. Boka Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen går lenger attende.