Pedagog. Foreldre: Buss-sjåfør Thor Befring (1905–87) og sjukepleiar Petra Åsta Gilleshammer (1904–96). Gift 18.3.1961 med sjukepleiar Magnhild Sevre (7.10.1936–), dotter til gartnar Knut Sevre (1897–1978) og butikkeigar Marta Børsheim (1902–2002), ekteskapet oppløyst 1980.

Edvard Befring har vore ein pionér i arbeidet med å utvikle norsk spesialpedagogisk utdanning og forsking i breidde og fordjuping og til eit nivå som har vekt oppsikt ikkje berre i Norden, men også i ein vidare internasjonal samanheng. Hans innsats for vanskelegstilte barn og unge har hausta stor anerkjenning.

Befring voks opp som den eldste av fire sysken i Stardalen i Jølster. I barne- og ungdomsåra var han aktiv i idrett. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas 1956. Etter artium arbeidde han ved Ulvsnesøy skole for barn med åtferdsvanskar og ved Vernelagets guteheim i Oslo. 1958 begynte han å studere matematikk og fysikk ved Universitetet i Oslo, og vart cand.mag. 1961. Hans interesse for pedagogikk avgjorde vegen vidare, og han tok magistergraden i pedagogikk 1965.

Den evnerike studenten vart snart oppdaga av leiaren for Pedagogisk forskingsinstitutt, professor Johs. Sandven, som tilsette Befring som vitskapleg assistent. Dette var starten på ein rask og uvanleg akademisk karriere. Han vart universitetslektor 1966, førsteamanuensis 1970 og tok doktorgraden 1971. 1973 vart han tilsett som professor i pedagogisk psykologi ved Aarhus Universitet, og 1976 vende han heim til Noreg for å overta stillinga som rektor ved Statens spesiallærarhøgskole.

Som leiar av Spesiallærarhøgskolen gjennom 12 år var Befring ei heilt uvanleg kraft. Allereie første hausten fekk han etablert hovudfag, seinare embetseksamen i spesialpedagogikk, noko styresmakter og lærarar lenge hadde etterspurt. Fleire nye studietilbod og utviklingsavdelingar kom til, mellom anna studium innan autisme og multihandikap og ei profesjonell avdeling for fjernsyns- og videoproduksjon. Ein førebels sluttstein i oppbygginga av norsk spesialpedagogikk under Befrings tid som leiar vart lagt da høgskolen 1986 fekk løyve til å tildele doktorgrad. Utviklinga var “nesten som et eventyr”, skreiv Sletmo og Ørjasæter i boka til høgskolens 25-årsjubileum 1986.

Året etter vart Befring utnemnd til professor i spesialpedagogikk, som den første i Noreg. 1990 vart høgskolen inkludert i Universitetet i Oslo, som Institutt for spesialpedagogikk (ISP). Som professor ved ISP har Befring vore ein miljøbyggar, mellom anna som initiativtakar til og leiar for forskingsprogrammet “Oppvekst, problematferd og inkludering”. Som forelesar er Befring ein stor inspirator, og det går gjetord om hans innsats som støttande rettleiiar for hovudfags- og doktorgradskandidatar.

Befring har utgitt om lag 15 fagbøker og meir enn 200 fagartiklar, bokkapittel og debattinnlegg om læring, spesialpedagogikk, vitskapleg metode og etikk, pedagogisk idéhistorie, oppvekstvilkår og problematferd hos barn og ungdom. Doktoravhandlinga Ungdom i et bysamfunn vekte stor interesse og var original og nyskapande både metodisk og i forståingsmåtar.

Skolens og lærarens rolle og ansvar står sentralt i Befrings forfattarskap; samtidig er han oppteken av at det må skapast “eit fellesforstått oppvekstansvar” med vekt på førebygging og samarbeid mellom ulike offentlege etatar og med frivillige organisasjonar. I 1990-åra utvikla han eit pedagogisk perspektiv for den inkluderande skolen, berikingsperspektivet (the Enrichment Perspective), som har vekt interesse internasjonalt. I boka Skolen for barnas beste og i ein artikkel i boka Spesialpedagogisk utsyn, som kom ut til Befrings 70-årsdag, presenterer han eit samlande pedagogisk bidrag, “den forløysande pedagogikken”. “Limet” som bind dei ulike perspektiva saman, er etiske krav og samfunnsansvar for barn og ungdom. Ei brei framstilling av spesialpedagogikken som fag og forskingsfelt i boka Spesialpedagogikk har bidrag frå til saman 40 fagfolk. Boka er blitt godt motteken og blir brukt ved dei fleste lærestader med spesialpedagogiske studietilbod i Noreg.

Heilt frå studietida har Befring hatt ei særleg interesse for forskingsmetodar. Boka Forskingsmetode og statistikk har kome i fire utgåver og er omsett til svensk og engelsk. Her, som i si undervisning, maktar han å gjere vanskeleg stoff tilgjengeleg på ein måte som ein sjeldan ser i slike bøker.

Befring er ein mykje etterspurdt foredragshaldar, og han har vore ein aktiv deltakar i offentleg debatt om skolespørsmål og barns oppvekstvilkår, lærarutdanning og spesialpedagogikk i fleire tiår. Han er mellom anna kjent som ein krass kritikar av den såkalla “skolematematikken”.

Befring har hatt faglege oppdrag for Europarådet, UNESCO og UNICEF og har vore gjesteforelesar og gjesteprofessor ved utanlandske universitet. Han har vore medlem og leiar av fleire nasjonale og internasjonale utval, m.a. medlem av NAVF 1978–84 og nestleiar i Norsk Kulturråds styre for Kultur og Helse (1994–2000). I dei seinare åra har han lagt ned stor innsats som leiar av tre offentlege utval (NOU-ar). Det første galdt barneombod og barndom i Noreg, det andre var ei omfattande utgreiing om norsk barnevern, medan det tredje Befring-utvalet kartla omsorgssvikt og overgrep i barneheimar og spesialskolar 1945–80. Utgreiinga førte til at mange som hadde vore utsette for overgrep, kunne få oppreising og erstatning.

Befring mottok den islandske riddarkrossen 1990 og fekk ISPs formidlingspris 1998. 2005 blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for vanskelegstilte barn og unge.

Ein nøkkel til forståing av Befrings suksess som leiar og som pionér i oppbygginga av norsk spesialpedagogikk er hans evne og vilje til nyskapande samarbeid og til å inspirere, kombinert med ei uvanleg arbeidskraft, kreativitet og evne og vilje til å finne nye løysingar.

Befring legg stor vekt på å setje lærings- og åtferdsproblem inn i ein allmennpedagogisk, sosial og samfunnmessig kontekst. Lenge før kritikken mot spesialpedagogikkens “individorientering” og einsidige “problemorientering” sette inn i 1990-åra, hadde han åtvara mot dette. Han står for eit pedagogisk grunnsyn som inneber at alle som arbeider med barn og ungdom, bør leggje vekt på den einskildes positive ressursar og interesser, samtidig som ein aldri må gløyme at alle er sårbare.

    Bibliografiar

  • Bibliografi i bibliotekbasen www.bibsys.no
  • bibliografi over vitskapleg produksjon i forskingsbasen Frida ved UiO (www.uio.no/Forskning/Mer om forskning/Frida)

    Eit utval

  • Ungdom i et bysamfunn. En sosialpedagogisk studie av Oslo-ungdom, dr.avh. UiO, 1972
  • Skole- og atferdsproblem i omsorgspedagogisk perspektiv, 1983
  • Tospråklig undervisning i internasjonalt perspektiv. Sentrale problemstillinger i forskning om tospråklige barns skolesituasjon i flerspråklige områder av verden (sm.m. I. Hasle og A-M. Hauge), 1993
  • Læring og skole. Vilkår for eit verdig liv, 1994
  • Oppvekst og læring. Eit sosialpedagogisk perspektiv på barns og unges vilkår i velferdssamfunnet, 1997
  • red. Liv og læring på landsbygda (sm.m. S. Heggheim), 2001
  • red. Spesialpedagogikk (sm.m. R. Tangen) 2001 (3. utg. 2004)
  • Skolen for barnas beste. Oppvekst og læring i eit pedagogisk perspektiv, 2004
  • red. Barnehagepedagogikk (sm.m. S. Helland), 2006
  • Spesialpedagogisk utsyn. Læring og oppvekst, artiklar i utval og med introduksjon av R. Tangen, 2006
  • T. Ørjasæter (red.): På stier og allfarvei. Statens spesiallærerhøgskole 25 år, 1986
  • HEH 1994
  • S. Haga m.fl. (red.): Vilkår for eit verdig liv. Edvard Befring 60 år, Lillestrøm 1997
  • Spesialpedagogisk utsyn, 2006 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • Måleri av Kari Grasmo, 1991; Helga Engs Hus, Institutt for spesialpedagogikk, UiO