Hagebruksmann. Foreldre: Hagebrukslærar, seinare fylkesgartnar Sjur Tveito (1893–1978) og Kristine Tallaksen (1902–86). Gift 7.7.1958 med Else Okkels (12.6.1927–) frå Hammerum, Danmark.

Som direktør i Det norske hageselskap var Dagfinn Tveito ei drivkraft for småhagesaka i Noreg. Gjennom redaktørarbeid i Norsk Hagetidend og mange hagebøker har han spreidd opplysingar om hageutforming, planteval og hagestell til glede for både nye og veletablerte hageeigarar.

Av di faren var hagebrukslærar, voks Dagfinn Tveito opp på landbruksskolar, først i Søgne og frå han var 11 år til han var 20 på Stend i Hordaland. I tillegg fekk han innsikt og interesse for hagebruksfaga ved å arbeida i skuleferiar ved hagebruksskolen på Hjeltnes og på fruktgardar i Hardanger. Eitt år ved Agder folkehøgskole var ei god ballast å ta med seg før det vart hagebruksskole, etterfølgd av gartnararbeid ved Norges Landbrukshøgskole (NLH), eit år på fruktfarm i Storbritannia og hagebruksstudie ved NLH.

Tveito hadde først eit vikariat som redaksjonssekretær i Norsk Hagetidend 1955. Eitt år seinare vart han tilsett som plantevernkonsulent i firmaet Edin & Co. Der vart han i vel eit år før han vart tilsett i Det norske hageselskap som redaksjonssekretær 1957, redaktør 1960 og direktør 1970. 1990 gjekk han etter eige ønskje over til å arbeide som konsulent i selskapet til han vart pensjonert 1997.

Då Tveito kom til hageselskapet, var det ein fagleg brei hagebruksorganisasjon. Tveito hadde både kunnskapar og evner til eit slikt arbeid, men han visste seg også dugande til å leie selskapet over i den store allmenne hagesaka. Han var ein god organisasjonsmann, med stor kontaktflate. Det vart lagt vekt på organisering av hagelag, og det lukkast å halde desse aktive, m.a. ved hjelp av tilsette i hageselskapet som var gode kåsørar.

Tveito gjorde ein svært stor innsats med faglitteratur for dei vanleg hageinteresserte. Han skreiv i åra 1955–90 mengdevis av artiklar og leiarar i Norsk Hagetidend. Dels i samarbeid med forlag kom mange populære hagebøker ut i dei åra han var i hageselskapet, og opplaget var ofte svært imponerande. Dels var det større verk, norske og omsetjingar, men òg handbøker og mindre skrifter med spesialemne. Tveito stod som oftast for ideen, han fekk arbeidet i gang, og han var sjølv redaktør. Han hadde stor evne til å få med seg dugande fagfolk på dei ulike prosjekta. Storverket Trivsel i hagen, som hadde flest medarbeidarar, kom ut første gong 1960 og seinare i mange utgåver. Fra tomt til hage vart gitt ut saman med Husbanken 1961. Sortslista til Hageselskapet kom i hans tid ut med i alt nær på 40 000 eksemplar.

Dagfinn Tveito hadde eit nært og godt samarbeid med NRK. Han var med i mange radioprogram, og gjennom fleire år la han opp, og var deltakar i, seriar med fjernsynprogram. Til desse vart det ofte laga informasjonshefte som vart selde i store opplag. Han fekk i gang ein spesiell fjernsynserie omkring grønsakdyrking i heimehagar med Kaare Aamli som forsøksvert i sin eigen hage. Også her vart programma følgde opp med ei bok. I den omfattande lista over publikasjonar som hadde Tveito som pådrivar, finn vi likevel at han berre er oppførd som forfattar ein gong: det var 1975 då han gav ut Hagen vår – Stell, nytte og hygge saman med Pio Larsen.

Dagfinn Tveito var 1965 generalsekretær for den store hageutstillinga “Form og Flora” på Frogner i Oslo. Etterpå fekk han mykje ros for innsatsen. Han reiste i alle yrkesaktive år over heile landet som både fagleg og organisasjonsmessig foredragshaldar. Det var oppgåver som han sette pris på for di kontakten med tilhøyrarane alltid var svært god.

Tveito hadde breie samfunnsinteresser; han var med i kommunestyre, bygningsråd, formann i idrettslag, velforening, hagelag, og som pensjonist i Arendal var han med i styret for senioruniversitetet i Arendal og folkeakademiet. Frå 1993 var han formann, seinare sekretær for prosjektet “Blomstrende Sørland”.

Dagfinn Tveito fekk ved 100-årsjubileet for jord- og plantekulturforsking 1989 Landbruksdepartementets pris for populærvitskapleg publisering. Han var æresmedlem av Det norske hageselskap. 1990 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

  • Hagen vår – Stell, nytte og hygge (sm.m. P. Larsen), 1975
  • Trivsel i hagen, 1960
  • Fra tomt til hage, 1961
  • Riktig skjæring, 1968
  • Tre i hagen, 1968
  • Skadedyr og sykdommer på frukttrær og bærbusker, 1970
  • Stein i hagen, 1971
  • Hageselskapets planteleksikon, 1973
  • Riktig plantevalg (Hageselskapets sortsliste), 1975
  • Grønsaker i hagen, 1976
  • Hageselskapets store bok om grønnsaker, frukt og bær, 1977
  • Hageselskapets store urtebok, 1978
  • Dyrk selv – TV-hagen, 1980
  • Stueplanteleksikon, 1981
  • Dyrk selv! Ønskehagen, teksthefte til fjernsynprogram, 1981
  • Hagen blir ny, 1990
  • Blomstrende Sørland – en antologi, 1994
  • O. Aspesæter: Det norske hageselskaps historie 1884–1984, 1984
  • personlege opplysingar frå Dagfinn Tveito