Faktaboks

Claus Bille
Død
4. januar 1558, Lyngsgård i Skåne, gravlagd i Norra Vram kyrkje
Levetidskommentar
Født ca. 1490 i Danmark
Verke
Riddar, dansk og norsk riksråd, høvedsmann
Familie
Foreldre: Dansk riddar og riksråd Steen Basse Bille (ca. 1446–ca. 1520) og Margrethe Clausdatter Rønnov. Gift 1524 med Lisbet Ulfstand (død på Båhus 5.4.1540), dotter til lensherre Jens Holgersen Ulfstand (død 1523) og Margrethe Trolle (1475–1522). Fetter til Eske Bille (ca. 1480–1552).

Claus Bille var dansk riddar og høvedsmann på Båhus slott. Som Frederik 1s utsende mann sikra han 1532 kongens stilling i Noreg. Han kalla inn til riksrådsmøte i Trondheim 1532 og fekk der fornya forbundstraktaten frå 1450 mellom Noreg og Danmark.

Claus Bille høyrde til ei av dei fremste adelsættene i Danmark. Broren Torben vart i 1533 erkebiskop i Lund, fetteren Eske Bille vart rikshovmeister, og Eskes bror Ove var kanslar under kong Hans og seinare biskop i Århus. Claus Bille var overtydd katolikk, og det skapte problem i denne brytingstida fram mot reformasjonen. Men han greidde å tilpassa seg og hadde framståande stillingar både under Christian 2, Frederik 1 og Christian 3. Han var ein grunnrik mann og hadde store gods i Skåne.

1519 deltok han i Christian 2s krigstog mot Sverige, var kommandant på Elfsborg, vart sett inn i slottslova på Stockholm slott og vart slått til riddar samstundes med at kong Christian vart krona til svensk konge 4. november 1520. Etter oppgjeret med Christian 2 fekk han løn for god hjelp også av den nye kongen Frederik 1. Han kom inn i det danske riksrådet, og 1527 plasserte kongen han i den viktige og utsette stillinga som høvedsmann på Båhus slott. Under Christian 2s tog mot Noreg 1531/32 heldt han festninga, og i 1532 fekk han i stand ein avtale med Gustav Vasa om tilbakelevering av Viken (nordre del av Båhuslen), som svenskekongen hadde sikra seg. Løysesummen på 1200 rhinske gylden (3000 danske mark) betalte Claus Bille av eigen lomme. Høvedsmannsstillinga på Båhus hadde han heilt fram til 1555, eit klårt vitnemål om den tiltrua både Frederik 1 og Christian 3 hadde til han.

I den spente situasjonen i 1532 var det viktig for kongen å skapa ro i landet, og Claus Bille viste seg då som ein nyttig mann. Saman med frenden sin Truid Ulfstand og oslobispen Hans Rev vart han send til Noreg for å få i stand “forbund, fred og enighed”. Dei kalla inn til ting i Oslo og fekk allmugen til å sverja truskapseid til kongen, og på eit etterfølgjande møte med det norske riksrådet i Trondheim vart forbundstraktaten frå 1450 fornya. Han reiste også som utsending frå det danske riksrådet til riksrådsmøtet i Bud i august 1533, etter at Frederik 1 var død, og her vart han saman med Eske Bille oppteken som medlem av det norske riksrådet. Erkebiskopen hadde nok ein baktanke med dette: Dei var begge gode katolikkar, og dei kunne bli ei motvekt mot den mektige Vincens Lunge, som erkebiskopen ikkje stolte på. Rådet vedtok at Noreg hadde sin eigen rett ved kongeskifte og sa seg viljug til å koma til herredagen i København i 1534 til eit felles valmøte. Det var ingen dissens i dette vedtaket, som Claus Bille formidla til det danske riksrådet. Situasjonen vart endra av Grevefeiden, den danske borgarkrigen 1533–35, og det tillyste valmøtet måtte utsetjast.

Under Grevefeiden valde Claus Bille i byrjinga ikkje parti. Dette kunne ha samanheng med at han var katolikk, men vi får mistanke om at han var ein mann som ønskte å halda seg inne med dei som hadde makta. Frå årsskiftet 1534/35 stilte han seg bak lutheranaren hertug Christian; på den tid var det klårt at det var han som kom til å gå sigrande ut av feiden. På nytt vart Claus Bille nytta som utsending til Noreg, denne gongen for å sikra valet av den nye kongen og pressa igjennom ei felles dansk-norsk hylling. Saman med Hans Rev og Vincens Lunge kom han til Trondheim i desember 1535, til det kjende julemøtet hos erkebiskopen, som enda med at herr Vincens vart drepen og Claus Bille saman med andre herrar sett i arrest på Tautra. Fengselsopphaldet vart kort. Då Claus Bille reiste frå Trondheim, hadde han med seg eit brev til kongen datert 6. april 1536, der erkebiskopen på visse vilkår sa seg viljug til å velja Christian 3 til konge. Men for kongen var det ingen veg tilbake, og sluttstriden enda med det totale nederlaget for erkebiskopen. Kongen og reformasjonen hadde sigra, og katolikken Claus Bille hadde vore ein god hjelpar for å styrkja kongsmakta og sikra Noreg for Danmark.

1537 var Claus Bille ein mann i sine beste år, snautt 50 år, og endå ein gong vart han nytta som kongeleg utsending for å ordna opp i norske tilhøve, som i 1532 saman med Truid Ulfstand. Dei reiste i 1538 og var i Noreg også det følgjande året. Oppdraget denne gongen hadde samanheng med religionsskiftet. Dei innkalla til lagtingsmøte i Oslo og Bergen, der prestane tok mot den nye kyrkjeordinansen. Samstundes gjennomførde dei viktig lovarbeid også på andre område. Viktigast vart recessen utferda i Bergen tysdagen før Bartolomei 1539 med reglar for jordleige og bygsling, ei vidareføring av det lovarbeidet Christian 2 hadde starta med sine forordningar frå 1514 og 1521. Det var ei tid med folkevekst og auka etterspurnad etter jord, noko som gjorde det påkravt med eit klårare regelverk.

Også i den følgjande tida kunne kongen gjera seg nytte av den innsikta Claus Bille hadde i norske tilhøve. Han var såleis med på hyllingsferda til Oslo i 1548 som den fremste rådgjevaren for den unge hertug Fredrik, og både som dansk riksråd og som høvedsmann på Båhus sat han i sentrale stillingar. Han døydde tre år etter at han sa frå seg høvedsmannsstillinga.

Kilder og litteratur

  • W. Mollerup: Bille-Ættens Historie. Første del, København 1893
  • Danmarks Adels Årbog, 1890
  • E. Bull: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • E. Ladewig Petersen: “Henrik Krummedike og Norge”, i DHT, rk. 12, bd. 3, 1968–69
  • d.s.: “Frederik I, Tyge Krabbe og Vincens Lunge”, i HT 51, 1972, s. 101–149
  • L. Hamre: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998
  • DN
  • NRR

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Maleri av ukjend kunstnar , u.å.; Gavnø slott, Danmark
  • Teikning (etter maleriet) av C. Bayer, 1889; Fredensborg slott, Danmark
  • På gravsteinen ved Norra Vram kyrkje er Claus Bille og fru Lisbet avbilda i heilfigur