Gartnar og hagebruksforfattar. Foreldre: Ukjende. Gift 1) 1677 i Trondheim med Anna Timotheusdotter Sto(r)ch (død 1685), dotter til Timotheus Sto(r)ch (død 1667); 2) 1686 i Trondheim med Anne Marie Krenchel, dotter til kjøpmann og notarius publicus Mathias Krenchel og Margrethe von Westen.

Christian Gartner var ein høgt respektert fagmann, som i ettertid er kjend for di han skreiv hagebruksboka Horticultura (1694), den fyrste i sitt slag i Noreg. Boka var eit standardverk gjennom heile 1700-talet.

Christian Gartner kom opphaveleg frå Slesvig, men budde i Trondheim frå 1670. I boka fortel han om den omfattande utdanninga og praksisen han hadde før han kom til Noreg. Han hadde først vore lærling i hagebruk i parken ved Amalienborg slott i København, truleg frå 14–15-årsalderen. Deretter arbeidde han i fire fyrstelege hagar i Tyskland. Så reiste han til Frankrike: Han arbeidde ved den kongelege hagen Tuileriane i Paris, deretter i Versailles og i forstaden St. Victor. Dette er alle vidkjende parkanlegg. Han var også ei tid i ein hage med medisinske planter i Leiden i Nederland. I tillegg vitja han andre storhagar og parkar både i Frankrike og Tyskland. I innleiinga av boka hevda han at han hadde reist meir på framande stader enn nokon annan gartnar i Noreg og Danmark. Det hadde han sikkert rett i.

I Paris møtte Christian Gartner rikmannssonen Peder Tønder, og 1670 vart han med Tønder til Trondheim. Med Tønder-familien si hjelp kom han i gang med næringsverksemd i byen. 1675 fekk han kongeleg privilegium til å drive frøhandel, og vi må tru han planla og anla hagar for dei rike. Han hadde eige gartneri med grønsaker, krydder, medisin- og prydplanter. Han hadde truleg òg planteskule. Vi kan også rekne han som den første bygartnaren i landet, for frå 1685 til 1713 var han “planermester for byens gater” i Trondheim. Dessutan var han vertshuseigar.

Manuskriptet til hagebruksboka Horticultura vart ferdig 1692, og boka vart trykt i København 1694. Ho vart mykje brukt utover på 1700-talet, og 1746 vart ho trykt på nytt i Trondheim. Biskopen og forfattaren Erik Pontoppidan d.y. nemner henne fleire stader i sitt verk, Det første Forsøk på Norges Naturlige Historie (1752), og ein stad skriv han at det no mindre enn før var nødvendig å importere grønsaker, “siden Gartneriet er bleven bedre bekient, måske til dels i Anledning af en liden nyttig Tractat, kaldet den Norske Horticultura, udgiven af Christian Gartner i Trondhiem”. Nye opptrykk av boka kom 1898 og 1959 (faksimile av 1746-utgåva), og ei kommentarutgåve utkom 1994.

I motsetnad til andre hagebøker frå Europa i samtida er Horticultura eit originalt verk, utan avskrifter frå andre forfattarar. Ho er relativt fri for middelaldermystikk. Christian Gartner må ha hatt ein utruleg god plantekjennskap, og han hevda at han hadde prøvt dei plantene han nemner under dei vanskelege vekstvilkår som rådde i Trondheim. For å berge kjenslege planter gjennom vinteren gav han råd om korleis eit overvintringshus kunne byggjast. Han skreiv at han berre hadde teke med planteslag som var tenlege her i landet. Det er difor overraskande at vi finn oppført ei mengd varmekrevjande planteslag. Det kom nok av at han i hovudsak hadde rikfolk som kundar, og for dei medførte det høg status å dyrke eksotiske planteslag.

Oppramsing av plantenamn utgjer ein stor del av boka. Mellom dei mange namna som krev spesiell tolking, finn vi Papas indorum og Adenis viriginani, to ulike namn for potet. Det har ikkje vore allment kjent blant norske historikarar at potet vart forsøksdyrka i Trondheim så tidleg.

Christian Gartner var velståande. Noko av midlane fekk han truleg gjennom nokså rike gifte. I eit av æresdikta i boka står det: “Hans Minde vare skal, saa lenge Trundhiem staar, Vaare Børn ham ære bør, og det fra Aar til Aar.”

  • Horticultura, det er: En kort Underviszning og Anledning, hvorledis en liden Lyst-, Urte-, Frugt- eller Kiøcken-Have i disse Nordiske Lande, særligen her Nordenfields, best kand funderis etc., København 1694 (nye utg. Trondheim 1746, Kristiania 1898, Trondheim 1959 og Oslo 1994)
  • G. Balvoll og G. Weisæth: Horticultura, 1994