Faktaboks

Christen Thorsen Christensen
Fødd
27. august 1802, Drammen, Buskerud
Død
10. mai 1874, Tønsberg, Vestfold
Verke
Agronom
Familie
Foreldre: Kjøpmann Lars Christensen og Margrete Holter. Gift med Elise Sofie Rist (ca. 1812–27.1.1860).

C. T. Christensen var mellom dei aller fyrste som sette i gang organisert jordbruksundervising i Noreg, og seinare var han i den vesle gruppa som dreiv den fyrste statlege rettleiingstenesta for jordbruket.

Christensen var bygut og byrja på jusstudiet. Men så gjekk han eit år i jordbrukslære hos Jacob L. B. Sverdrup på Sem i Borre, studerte ei tid jordbrukskjemi i Preussen, og deretter var han gardsstyrar i Skoger. 1835 kjøpte han den store garden Linnes i Lier. Her starta han ein privat landbruksskule alt 1837, og heldt fram til 1843. Men nett då kom bylgja av offentlege landbruksskular, og 1846 sette Buskerud amt i gang ein teoretisk-praktisk skule på Linnes, med Christensen som styrar.

I driftsopplegget la han serleg vekt på dyrking av rotvokstrar, med sterkare fôring som mål. Dessutan dreiv han med import og utprøving av ei lang rad utanlandske sortar av belgplantar og gras, forutan korn. Alt 1836 stod han for drifta av den fyrste “fabrikken” her i landet som freista med utvinning av sirup frå sukkerbeter, lokalisert på Linnes.

Christensen slutta som styrar 1849, og skulen blei flytta. Dette kom nok av at han makeskifta garden med Vollebekk i Ås, som var bygd opp av C. M. Falsen. I desse åra var han sentral i debatten om jordbruksspørsmål, m.a. på det fyrste store landbruksmøtet i Christiania 1849. Det kgl. Selskab for Norges Vel hadde finansiert sirupsfabrikken, og 1852 tilsette dei han som reiseagronom. Staten betalte halve løna her, og 1856 blei han reisande statsagronom.

For Norges Vel reiste Christensen serleg i Akershus. Framfor alt var det spørsmål om driftsomleggjing som fylgje av at Hovudbanen reiv bort grunnlaget for det gamle driftsopplegget, som var tufta på vegtransport. Som statsagronom var han på Vestlandet, der han framfor alt gjekk inn for sterkare fôring av færre dyr. Men han var dertil merksam på marknadsføringa, med framlegg om utbyggjing av dampskipsruter på fjordane i offentleg regi. Han var den fyrste som greidde ut om vilkåra for eksport av slaktefe til Storbritannia, og saman med sveitsaren A. Kundert la han ned eit stort arbeid for å fremje meieridrifta.

Driftsøkonomien var avgjerande, det visste han frå eiga røynsle. På det ålmenne landbruksmøtet 1851 la han fram resultat frå fjøsdrifta på Vollebekk. Det var sterk fôring og høg mjølkeyting. Men drifta gjekk med tap, og 1855 gjekk garden til tvangsauksjon. Dette var noko for dei som var skeptiske til det “nye” jordbruket. Staten kjøpte garden, slog han saman med Ås prestegard, og 1859 tok undervisinga til på Den høiere Landbrugsskole i Aas. Christensen var 1850 med i departementskomiteen som vurderte alternativ for eigedomskjøp til skulen.

Stillinga som statsagronom vart inndregen 1860, og året etter blei Christensen overtollbetjent i Larvik tolldistrikt. Frå 1866 slo han seg ned i Tønsberg, der han døydde natta til 10. mai 1874.

Verker

  • Beretning om Forhandlingerne i Drammens Landboforenings Møder (1847–51), 5 bd., Drammen 1847–52
  • Om Behandling af en Huusmandsplads eller en kort Beretning om Gudbrand Aasbakkes Jordbrug, 1855
  • Under hvilke Forhold kan Sæterbruget anbefales og ved hvilke Midler kan dets Udbytte forøges?, i Budstikken 1859, s. 317–340
  • Om Tilvirkning af Hollandsk Ost, 1861

Kilder og litteratur

  • Biografi (med bibliografi) i NFL, bd. 2, 1888
  • O. Bjerkås: Liers historie, bd. 3, 1975, s. 75f.
  • T. Vik: Ås bygdebok. Gårdshistorie, bd. 1, 1971, s. 176