Faktaboks

Caspar Jensenius
Caspar Holten Jensenius
Fødd
17. september 1821, Hørby på Sjælland, Danmark
Død
19. februar 1902, Nordstrand i Aker (no Oslo)
Verke
Landbrukslærar og statsagronom
Familie
Foreldre: Sokneprest Christian Christopher Jensenius (død 1824) og Marie Elisabeth Møller. Gift 7.1.1862 med Larissa Susanna Nicoline Claussen (27.9.1830–21.3.1910), dotter til kjøpmann Lars Israel Claussen (f. 1790) og Caroline Christiane Adolfine Tybring (1800–33).

Caspar Jensenius var ein av pionerane i det store omskiftet i norsk landbruk i siste halvdel av 1800-talet. Både som landbruksskulelærar og som statsagronom sette han varige spor etter seg.

Jensenius vart uteksaminert frå landbruksinstituttet på Haraldslund i Jylland 1845 og studerte deretter eit års tid ved veterinærskulen i København. Våren 1846 kom han til Noreg for å bli lærar ved den nyoppretta landbruksskulen for Bratsberg amt (no Telemark fylke). Her var han i fire år, men slutta av di han ynskte å leggja meir vekt på den teoretiske undervisninga enn det styret for skulen ville. Saman med ein annan agronom starta han ein privat landbruksskule på Bryn i Aker, men den fekk berre ei kort levetid.

1859 fekk Jensenius mellombels tilsetjing som statsagronom, fast tilsett vart han først 1863. Oppdraget hans var “fortrinsvis at virke til Fædriftens Fremme og hvad dermed staar i Forbindelse, navnlig ved at overvære og lede de Dyrskuer som holdes, samt at holde Foredrag om Husdyrstel, og desuden i Mellemtiden gi Gaardbrugerne Vejledning i deres Bedrift”. Jensenius heldt fram i denne stillinga til 1890, da han søkte avskil.

Som statsagronom var det nordafjells og i Østerdalen han fekk det meste av arbeidet sitt. Om sommaren var han mest støtt på reise i det vidstrakte distriktet. I dei detaljerte årsrapportane sine gjer han greie for reiseruter og fortel om gjeremåla sine på kvar einskild stad. Mykje av tida gjekk med til dyrskuene, der han alltid var prisdomar og gjerne heldt eit foredrag. Han reiste også rundt på gardane for å gje bøndene rettleiing i feavl og fjøsstell. Fleire av årsrapportane hans sluttar om lag slik: “Under min Omreise har jeg desuden besøgt endel Landmænd i deres Hjem og gaaet dem tilhaande med Vejledning.”

Dei første vintrane etter at Jensenius hadde fått fast tilsetjing som statsagronom, underviste han i landbruksfag ved Sagatun folkehøgskule på Hamar. Elles var han mykje oppteken med skrivearbeid. Han må ha vore ein av dei aller mest produktive landbruksskribentarne i si tid. Somme av dei første arbeida hans byggjer på publikasjonar av andre forfattarar, seinare kom ei rad meir originale arbeid, dei fleste med emne frå husdyrbruket, men også frå andre landbruksområde.

Eit av dei spørsmåla Jensenius var sterkt oppteken av, var “Leilændingssagen”. I årsrapporten sin for 1874 fortel han at han har nytta mykje av vinteren til å arbeida med denne saka, “med samvittighedsfuld Flid og varm Interesse for en for Tiden i vort Land uheldig stillet, ikke sjælden ilde behandlet og forurettet Samfundsklasse”. Hans sterke sosiale engasjement kom også til uttrykk på anna vis, t.d. var han 1856 med på å oppretta Pleiestiftelsen for Smaabørn i Kristiania.

Som landbruksskulelærar var Jensenius ein markert motstandar av at skulane først og fremst skulle vera “arbeidsanstaltar”, slik det var ein sterk tendens til i tida kring 1850. Han ville at den teoretiske undervisninga ikkje skulle femna om berre landbruksfaga, men også naturfag og andre allmenndannande fag, for “Hovedet er ogsaa for Bonden en vigtigere Deel end Haanden”. Men tida var enno ikkje mogen for slike tankar.

Jensenius si teneste som statsagronom fall i ei tid med sterke brytingar i norsk feavl. I dei første åra etter 1850 vart det innført ayrshirefe frå Skottland for bruk til foredling av det norske feet, som hadde dårleg ord på seg. Men i 1870-åra tok utviklinga ei ny lei: No vart det gamle feet i kvart distrikt trekt fram som det mest høvelege på denne staden. Jensenius var ikkje samd i dette, han var “en afgjort Modstander af den nu stedfindende Forherligelse af det stedegne Kvæg”. Dette synet møtte mykje motbør, men ettertida har langt på veg gjeve han rett.

Caspar Jensenius vart naturalisert og fekk norsk statsborgarskap 1854. Han vart tildelt kong Oscar 2s landbruksmedalje i sølv 1882.

Verker

  • Fullstendig bibliografi fram til 1889 i NFL, bd. 3, 1892, s. 146–148

    Eit utval

  • Økonomisk Beskrivelse over Bratsbergs Amt, 1852
  • Nogle Ord om Grunddigning (draining), 1854
  • Kort Begreb om den egentlige Mormonisme, 1855
  • Mormonernes Lære og de Kristnes Tro, 1855
  • Haandbog i Husdyravlen, 1859
  • Kortfattet Fremstilling af Husdyrenes Sygdomme, deres Aarsager, Kjendetegn og Helbredelse, 1859
  • Lidt Jordbrugsstatistik, Smaaskrifter for Jordbrugere 1, 1872
  • Betænkning angaaende Leilændingssagen, i Stort.forh. 1876, Dok. 47, 1876
  • Om Leilændingssagen, (anonymt) 1876 (først trykt i Aftenbladet nr. 101–102/1876)

Kilder og litteratur

  • Biografi i NFL, bd. 3, 1892
  • G. Tandberg: Det offentlige landbruksvæsen i Norge indtil 1914, 1914
  • S. Skappel: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • E. Kile: Landbruksskulen 1825–1990. Mål, innhald, arbeidsmåtar, 1997, s. 127–133