Skulemann og forfattar. Foreldre: Gardbrukar Ola Mikalsson Slapgård (1870–1903) og gardbrukar Pauline Bergitte Minsaas (1866–1949). Gift 2.9.1927 med lærar Astrid Hamnes (6.3.1903–25.8.1976), dotter til kjøpmann Peder Hamnes (1870–1943) og sydame Gjertrud Kallset (1871–1949).

Bjarne Slapgard stod sentralt i den norske folkehøgskulen i fleire tiår; han var også ein habil og produktiv forfattar med over 60 utgjevingar.

Han var fødd på garden Halset i Verdal. Alt før han fylte to år, miste han faren, og mora gifte seg seinare på nytt. Stefaren var byggmeister, og Slapgard fann ut at han ville slå inn på same yrkesvegen. Han var nokre år i snikkarlære før han skifta meining og utdanna seg til lærar ved Levanger lærarskule. Etter nokre år ved folkeskular i Øyestad i Aust-Agder og Skaun i Nord-Trøndelag vart han tilsett som lærar ved Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal 1931. 7 år seinare vart han styrar ved Hardanger Folkehøgskule i Lofthus, og her vart han verande i 19 år. Folkehøgskulens grunntankar om norskdom, kristendom og menneskeverd høvde særs godt for Slapgard. Han var også ein god pedagog med gode taleevner, og han var mykje brukt som talar landet rundt.

Arbeidet som styrar på ein folkehøgskule er tidkrevjande, men Slapgard hadde stor arbeidskapasitet og var forfattar ved sida av lærargjerninga. Alt før han debuterte som skjønnlitterær forfattar, skreiv han støtt, også når han sat på buss eller tog. I alt gav han ut over 60 bøker, og han skreiv for både vaksne og born. Han var innom dei fleste litterære sjangrar og skreiv romanar, diktsamlingar, barnebøker, biografiar, essay, skodespel og lærebøker. Frå 1991 hadde han diktarløn for eldre forfattarar frå Kulturdepartementet.

Det går ein raud tråd av idealisme gjennom alt Slapgard har skrive. Dei beste bøkene hans kom tidleg i forfattarskapen, medan dei siste bøkene har lett for å verta prega av moralisme. Tekstane hans har eit godt driv, og han har eit særskilt godt tak på replikkvekslingar og folkeskildringar. For debutromanen, Liv av leir, fekk han 1942 fyrstepris i ein nordisk romankonkurranse, og 1950 fekk han Melsomprisen for romanen Dagen du gav oss. Han nytta ofte historiske hendingar som utgangspunkt for romanane sine, men fortel om dei frå andre vinklar enn dei me finn i historiebøkene. Han var sterkt knytt til heimbygda, og i mange av bøkene er handlinga lagt til Verdal.

Slapgard var aktiv i fleire kulturelle motrørsler – ungdomslag, fråhaldsarbeid, målarbeid og fredsarbeid. Han var pasifist og fredsforkjempar. Han såg pennen som det mektigaste av alle våpen, og både før og under den annen verdskrigen gav han klart uttrykk for kva han meinte om nazismen. To gonger sette okkupasjonsmakta han i fengsel.

1957 flytte Slapgard attende til Nord-Trøndelag. Etter 9 år som styrar ved Nordbygda skole på Frosta gjekk han av med pensjon og busette seg i Levanger. Då var på sett og vis ringen slutta – det var her han i studietida hadde møtt Astrid Hamnes, som vart kona hans. Å vera pensjonist gav han meir tid til skriving – dei fyrste 20 åra som pensjonist gav han ut over 30 bøker.

Frå Levanger såg han med undring på korleis Olav den heilage vart dyrka på Stiklestad. Der vart Olav presentert som ein krigarkonge, medan Slapgard såg den religiøse sida av kongen som viktigare. 1967 gjekk han til topps i ei tevling om eit nytt olsokspel på Stiklestad, men dette stykket har ikkje vore framført.

Slapgard var leiar i Noregs Mållag 1970. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1977; han fekk også fleire lokale kulturprisar.

  • Komplett bibliografi i brosjyren Bjarne Slapgard, Verdal 2001 (tilgjengeleg frå Verdal bibliotek)
  • Liv av leir, roman, 1942
  • Frende og varg, roman, 1945
  • Storlitvillingane, barnebok, 1946
  • Ein martyr for freden. Carl von Ossietzky, biografi, 1947
  • Dagen du gav oss, roman, 1950
  • Det gror under snøen, roman, 1952
  • Den gåtefulle hytta, barnebok, 1960
  • Den nye kongevegen, olsokspel, 1967
  • Langs livsvegen erindringar (sm.m. Astrid Slapgard), Trondheim 1976
  • Under regnbogen, roman, 1981
  • Under bannstrålen, roman, 1983
  • Under rose med rubin, roman, 1985

    Etterlate materiale

  • Dagbøker (1924–97) og manuskript i UBT
  • A. og B. Slapgard: Langs livsvegen, Trondheim 1976
  • A. Stavseth: “Å møte kvelden er å møte dagen”, i Årbok for Nord-Trøndelag 1998, Steinkjer 1998, s. 10–19
  • Bjarne Slapgard, enkel brosjyre laga til 100-årsdagen, Verdal 2001
  • samtale med døtrene Bjørg Engeset og Kjellrun Hamnes Espe, oktober 2003