Industripioner. Foreldre: Småbrukar Thomas Hatlebakk (1877–1972) og Eline Dale (1875–1962). Gift med Åsta Eidem (18.3.1917–), dotter til gardbrukar Ingebrigt Eidem (1886–1966) og Ane Torine Sundsbø (1881–1965).

Birger Hatlebakk var ein føregangsmann i norsk industri og grunnleggjaren av selskapa Glamox og Moxy.

Hatlebakk voks opp i heller tronge kår, som småbrukarson i Elnesvågen i Fræna. Oppveksten sette sine spor, og han vart eit nøysamt, viljesterkt og kompromisslaust menneske som sette seg mål og satsa alt for å nå dei. Han var også eit overskotsmenneske som heile livet bobla over av idear. Dei beste stundene hadde han ved teiknebrettet, og som nyskapar var han makelaus.

Eldste bror hans dreiv ein mekanisk verkstad i heimkommunen, og der fekk Birger Hatlebakk arbeid i fire år for å skaffe seg praksis til vidare studium ved Norges Tekniske Høgskole og for å legge seg opp pengar til studiet. Hausten 1940 var han ferdig sivilingeniør frå maskinlina ved NTH og fekk med ein gong plass som faglærar ved Trondheim mellomtekniske skole. Parallelt med lærargjerninga sysla han med å utvikle nye produkt.

Etter krigen fekk Hatlebakk kjøpt to barakker som hadde vorte nytta til griseproduksjon, og der starta han så smått 1947 med produksjon av dørvridarar. Tidlegare hadde han også konstruert og produsert eit førtitals vindmøller, men det var under dørvridar-produksjonen at han utvikla den såkalla glamoxeringsprosessen (av glatt, matt oxidering), ei kjemisk overflatebehandling av metall.

Då Hatlebakk 1949 vart bedd om å lage lyskastarar til studentrevyen i Trondheim, kom han på tanken om at glamoxerte aluminiumsreflektorar kunne nyttast til lysarmatur. Dermed vart det vi i dag kjenner som Glamox, fødd. Tidleg i 1950-åra hadde han 50 tilsette i produksjonen av lysarmatur.

1957 vart bedrifta flytta til Molde, men då Hatlebakk hadde behov for å utvide, fekk han ikkje byggeløyve. Først 1964, då byggeløyveordninga vart avvikla, kom han i gang med å bygge i Molde, og gjennom åra bygde han rundt 20 000 kvadratmeter med produksjons- og kontorlokale i byen. Mangel på arbeidskraft gjorde at han bygde fabrikk på Vågstranda, og seinare kom eit stort anlegg i Fræna. Han hadde også bedrift på Smøla og i Finland.

Alt 1968 starta Hatlebakk utvikling av anleggsmaskiner. Etter mykje prøving og feiling hadde han tidleg i 1970-åra klar ein dumpar for utprøving, og 1974 vart produksjonen starta og selskapet Moxy A/S skipa. Ved inngangen til 1980-åra hadde selskapa til Birger Hatlebakk nesten 1100 tilsette og omsette for rundt 300 millionar kroner i året. Så gjekk det utforbakke, med akkord ved Glamox og konkurs for Moxy 1982. Bedriften i Finland var den einaste han hadde att etter at kreditorane var ferdige med han.

Hovudårsaka til at det gjekk gale for Hatlebakk, var at marknaden for lysarmatur svikta, og konsernet mangla finansielle musklar til å takle motgangen. Som han sa det sjølv: “Å finansiere seg sjølv, slik eg har gjort, er alltid risikabelt.” Konsernet hadde lite langsiktig lånekapital og stor kortsiktig gjeld. Hatlebakk likte ikkje å ta imot råd frå utanforståande, særleg ikkje frå økonomar. Når tidene var gode og han tente nok til å finansiere utvikling og ekspansjon, gjekk det bra. Men når marknaden stagnerte og drifta knapt gjekk i balanse, viste det seg at han langt på veg hadde bygd eit økonomisk korthus.

Birger Hatlebakk levde enkelt heile livet. Han var lite oppteken av glitter og stas. På Glamox hadde han eit lite kontor med nakne vegger, bortsett frå ei klokke. Han gjekk i den same dressen år etter år, og tok ut 70 000 kroner i løn frå det selskapet han var dagleg leiar for. Han køyrde rundt i ein gammal Fiat så lenge bilen gjekk.

Hatlebakk var fråhaldsmann all sin dag, og den likaste fritidssysselen han visste, var å gå i fjellet. Han var glad i nynorsk og nytta det mykje både munnleg og skriftleg. Venstremann var han også, sat i bystyret i Molde og møtte som varamann på Stortinget fleire gongar, men skilde lag med Venstre og gjekk inn i Det liberale folkepartiet etter splittinga 1972. Som DLF-representant sat han i bystyret i Molde fram til 1979 og i fylkestinget 1980–83.

Både Glamox og Moxy lever i dag, men med nye eigarar. Livsverket hans gjekk ikkje til grunne sjølv om Hatlebakk sjølv miste det meste. På eldre dagar skranta helsa, og han vart sitjande i rullestol, men oppfinnartrangen var ikkje sløkt. Han sat ved teiknebrettet og konstruerte det han meinte var ein revolusjonerande robot. Diverre opplevde han ikkje å fullføre prosjektet.

  • Dragkampen om norsk industri. Tilfellet Moxy,1983
  • N. J. Drejer: “Fra Olabil til Moxy dumpar”, samtale med Birger Hatlebakk, i Gammalt frå Fræna 1994, Fræna 1994
  • P. A. Harnes: Mye lys og varme. Glamox 50 år 1947–1997,Molde 1997
  • O. Bruaset: Fargerike romsdalingar,1998