Bondekone og religiøs forfattar. Foreldre: Bonde, lensmann og trykkerieigar Sivert Knutsson Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Gift 7.7.1816 i Volda med bonde Amund Knutsson Hovdenakk, seinare Aarflot (1788 (døypt 23.3.)–1860), son til bonde Knut Jonsson Hovdenakk (ca. 1734–1790) og Mari Eliasdotter Mele (1744–1830). Syster til Rasmus Aarflot (1792–1845); mor til Johannes Aarflot (1824–91; sjå NBL1, bd. 1); farmor til Johannes Aarflot (1867–1930; sjå sst.); farfars farmor til Andreas Aarflot (1928–).

Berte Canutte Aarflot skreiv salmar og oppbyggelege tekstar og blir somtid nemnd som arvtakar etter salmediktaren Dorothe Engelbretsdatter.

Bortsett frå at begge legg for dagen visse kvinnelege verdiar i si dikting, er ulikskapen stor: Dorothe var embetsmannsfrue og bymenneske, medan Berte Canutte var bondekone og bygdemenneske. I barndomsheimen på Ekset i Volda møtte ho dei to store ideologiske straumdraga som hadde dominert åndslivet på 1700-talet: opplysningsstrev og pietisme. Medan faren Sivert Aarflot i skrift og handling formidla rasjonalisme og opplysningsfilosofi, kom dottera til å vie heile livet sitt til arbeid for haugiansk pietisme.

Alt som barn vart Berte Canutte Aarflot kjend med Hans Nielsen Hauges forkynning. Frå omkring 1800 hadde det etablert seg ein krins av Hauge-vener i Ørsta, med hallingdølen Vebjørn Svendsen (Raungaard) som leiar. Haugevenene heldt jamt kontakt med kvarandre gjennom brev og andre skrifter, og dei kom slik til å fremje skrivekunna i mange allmugesamfunn, ikkje minst hos kvinner. Berte Canutte var ein av dei som fullt ut realiserte desse tendensane. Bråmoden som ho var, skreiv ho sine første åndelege songar alt i 12–13-årsalderen. I 1817, då faren låg på det siste, las han samlinga hennar og rådde til at ho vart trykt. Han gav henne tittelen En gudelskende Siels opbyggelige Sange. Det vesle heftet vart utgjeve av broren Rasmus Aarflot 1820.

Som mor og bondekone kom Berte Canutte Aarflot for ei tid bort frå dei åndelege ting, nedlesst i kvardagsstrev som ho var. Eit avgjerande skilje i livet hennar kom 1822, då forkynnaren Amund Knutsson Brekke frå Gurskøya vitja Årflot og tala alvorleg om “det ene Fornødne.” No tok ho avgjerd om å vere Jesu audmjuke tenestekvinne i skrift og tale. Ei hjelp var det at ho hadde så lett for å forme versa sine. Son hennar, Johannes Aarflot, skriv at dei fleste av songane hennar vart til under det daglege arbeidet “og opbevarede i Hukommelsen, indtil de ved Leilighed i ledige Stunder bleve nedskrevne.”

Ved sida av gardsarbeidet og morsansvaret for 7 born hadde ho overskot til heile 9 samlingar med oppbyggeleg litteratur. I tillegg lét ho etter seg ei mengd trøystesongar til foreldre som hadde mist små born, eller til sørgjande etterlatne etter ulukker. Ho vart ein trøystediktar for sambygdingane sine. Ikkje minst denne rolla gjorde henne avhalden. Ho heldt òg oppbyggelege samlingar i heimen på Årflot, som ho og mannen dreiv frå 1819 til 1852.

Dei beste salmane til Berte Canutte Aarflot er merkte av kvinneleg medkjensle med den lidande Jesus og hans offerdød. Biletbruken hennar minner somtid om eldre brudemystikk. I breva og høvesdiktinga si trøystar ho dei rådlause, formanar dei villfarne og bed dei vende all sin hug mot “Himlens Fryderige”.

Då Berte Canutte Aarflot døydde av hjerneblødning 1859, var det ei heil bygd som følgde henne til grava. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i Aftenbladet: “Denne gudhengivne Kvinde har levet til Manges Opbyggelse. Hendes dybe, religiøse Sange er en Skat i hver Bondes Hus hele Trondhjems og Bergens Stift igjennem; er ogsaa vandret længere udover Landet og synges tillige i Nabolandene. Man tør om hende sige, at Faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun.”

Samlingane hennar kom i mange og store opplag. Men ho vart først og fremst lesen, mindre sungen. Berre tre–fire av songane hennar glei inn i folkesongen og levde sitt eige liv. Sidan 1998 har fellesbygningen ved Høgskulen i Volda hatt namnet Berte Kanutte-huset.

  • En gudelskende Siels opbyggelige Sange, Ekset 1820 (7. opplag Bergen 1870)
  • Troens Frugt. En Samling af aandelige Sange; i tvende Dele, Ekset ca. 1830 (5. utvida utg. Bergen 1852, 9. utg. 1874)
  • Troens Frugt. En Samling af religiøse Opmuntrings og Opbyggelses-Breve, Bergen 1844
  • Sjælens Morgen- og Aftenoffer. Bønner, Sukke og Sange paa hver Dag i Ugen tilligemed Sange paa de fire Aarets Tider, Ekset 1846 (ny utg. Bergen 1852, 5. opplag 1867)
  • Sjælens aandelige Høitidsglæde, indeholdende Bønner og Sange paa de i Aaret indfaldende Høitidsdage, Bergen 1853 (4. opplag 1867)
  • Leilighedssange, Ekset 1853
  • Religiøse Breve til Opmuntring og Opbyggelse samt Bestyrkelse i Tro, Haab og Kjærlighed, Bergen 1853 (4. opplag 1866)
  • Smuler til Næring for Livet i Gud. En Samling af Skrifter, 5 bd., 1856–62 (ny utg. 1868–70)
  • Berte Kanutte Siversdatter Aarflots Selvbiografi, indeholdende Optegnelser om hendes aandelige Livsudvikling, tilligemed Sognepræst Wraamanns Tale ved hendes Grav samt nogle Mindesange, Ekset 1860
  • Før ikke udgivne Breve og Sange, utg. ved B. Støylen og H. G. Heggtveit, som del 3 i Berte Kanutte Aarflot. To Livsskildringer, Ekset 1893
  • Sjå elles bibliografi i Fet 1977 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 179–181

    Etterlatne papir

  • Ei samling brev etter Berte Canutte Aarflot finst i Sivert Aarflot-samlinga ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta
  • B. Bjørnson: “Berthe Canutte Aarflot”, i Aftenbladet 2.12.1859
  • Berte Kanutte Siversdatter Aarflots Selvbiografi (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • T. Thygesen: “Berte Kanutte Aarflot”, i Livsbilleder af kristelige Kvinder, Bergen 1875, s. 180–205
  • A. F. W. J. Prytz: Et Trekløver fra Norges Kirke. Livsbilleder af Gjertrud Egede, Berte Kanutte Aarflot og Henriette Gislesen, 1884
  • NFL, bd. 1, 1885
  • B. Støylen: “Birte Kanutte Aarflot”, i Stille Stunder nr. 7–12, Volda 1889 og nr. 1–11, sst. 1890
  • d.s. og H. G. Heggtveit: Berte Kanutte Aarflot. To Livsskildringer, Ekset 1893
  • J. Aarflot: “Om Berte Kanutte Aarflot. En hidtil utrykt fremstilling”, i Møre (Volda) nr. 31–32/1908
  • H. G. Heggtveit: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede, bd. 2, 1912–20, s. 345–357
  • A. Brandrud: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • I. Tusvik: Berte Canutta Årflot, hennar liv og skrifter og innverknaden frå henne i det kristelege livet på Sunnmøre, h.oppg. UiO, 1947
  • d.s.: “Skyldskapen mellom Berte Canutta Aarflot og dei gamle salmediktarane våre”, i Tidsskrift for Sunnmøre historielag, Ålesund 1950, s. 1–10
  • J. Fet: “Berte Canutte Aarflot”, i Sunnmørsdiktarar 1600–1975, 1977, s. 29–35
  • E. Aasen: “Berte Kanutte Aarflot”, i Fra gamle dage. Memoarer, dagbøker, salmer og dikt av kvinner ca. 1660–1880, 1983, s. 199–201
  • Litografi (halvfigur) av Johan Nordhagen, u.å
  • Portrettrelieff (bronse) av Per Kristoffersen, 1978; ved Ørsta bedehus